Bok
Ferdaminne frå Austerrike
Pål Veiden fortel seg på kryss og tvers gjennom eit land som trass alt har eigenskapar.
Pål Veiden er sosiolog ved Oslomet.
Det er to slag sosiologar: Dei som mest elskar tal og abstrakte strukturar, og dei som mest og best fortel historier. Båe strategiar kan ordna erfaringane våre, men den siste er kan hende meir truverdig, ettersom han gjev oss direkte innsyn i korleis samfunnet fungerer. Akkurat slik store romanar viser oss det. Særleg om ein meiner at det er folk og ikkje strukturar som utgjer samfunnet. Eilert Sundt, til dømes, samtalte og fortalde historier om seg sjølv og om dei han møtte. Som om han var sosialantropolog ute i feltarbeid midt inne i ein framand stamme. Slik har også Vilhelm Aubert og Ottar Brox vore litterære sosiologar. Då hjelper det at dei har eit rikt språk å bruka som forskingsinstrument.
Gode språkgåver
Pål Veiden er ein sosiolog med særleg gode språklege gåver. Med desse har han sidan 1987 drive feltarbeid (ofte på kafear) i den framande stammen Austerrike. Arbeidet har resultert i eit doktorarbeid om systemet for forhandlingar partane i arbeidslivet der brukar. Då har han sikkert brukt mange abstrakte ord. Men no har han skrive ei eller mange forteljingar om Austerrike med normale ord, i form av eit (litterært) essay, der han ifølgje seg sjølv «kan unngå bastante påstander, skifte standpunkt, argumentere mot seg selv, og velge innganger eller metoder som i andre sammenhenger ikke passer».
Kva minner dette om? Sjølvsagt om det tvisynet journalisten Vinje brukte på si reise til Trondheim. Typisk nok inneheld boka eit underkapittel som heiter «Medaljens forside og bakside». Dette minner om måten Hans Magnus Enzensberger skildrar sju europeiske land i Akk, Europa! på, ved å henta ut typiske forteljingar frå livet i desse landa. Veidens bok kunne like gjerne heitt Akk, Austerrike!.
Utan faste grenser
Men boka heiter altså Landet uten egenskaper, ein tittel stolen frå ein nolevande forfattar, Robert Monasse, som sjølv har noko uklåre eigenskapar. Tittelen viser dessutan til ein roman av den avlidne Robert Musil. Og forståeleg: Austerrike har opp gjennom historia aldri hatt faste grenser, og landet har alltid vore del av større konstruksjonar: Det tysk-romerske keisarrike til etter Napoleonskrigane, og dinest det sentraleuropeiske imperiet Austerrike-Ungarn til etter første verdskrig. Nazistane meinte Austerrike berre var ein provins i Stor-Tyskland: Ostmark. Dei snakkar jo ikkje austerriksk, men tysk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.