Bok
Biologisk politikk: Eit tviegga sverd
På veg frå celle til godt samfunn hamnar Dag O. Hessen i eit ingenmannsland.
Dag O. Hessen er professor i biologi ved Universitet i Oslo og har skrive mange populærvitskaplege bøker.
Foto: Anne Valeur
Mange vil nok berre le når dei på baksida av Vi les at «Dette er, kort fortalt, en bok som vil gjøre deg til et bedre menneske». No er likevel boka skriven av ein respektert naturvitskapsmann, biologiprofessor Dag Hessen, som refererer til mykje ekte forsking, så då må ein ta det på alvor. Denne meldaren skal difor vera forsøksperson i eit vitskapeleg eksperiment, og har oppnemnt nokre stamkafévenner som vitskapeleg observatørar: Dei skal sjå om eg etter lesing av boka verkeleg har vorte eit betre menneske. Svaret kjem på slutten av meldinga.
Hessen sjølv treng knapt forbetring. Han er utruleg produktiv: Sidan 1997 har han gjeve ut 22 bøker i formidlingssjangeren, noko han i same periode har motteke heile ni prisar for, velfortent og fortenestefullt. Årets bok høyrer derimot heime i ein annan sjanger, nemleg politisk litteratur. Ho er eit åtak på liberalisme og politisk realisme, særleg av det slaget som Machiavelli, Hobbes og Ayn Rand står for. Samstundes, men det er ein lekk i dette prosjektet, skal ho motverka eit pessimistisk menneskesyn og fremja trua på det gode i menneska.
biologisk basis
For å klara dette refererer Hessen til Rousseau, motstykket til desse maktfilosofane, men først og fremst tar han i bruk faget sitt, biologi. Boka inneheld tre hovuddelar. I den første, som heiter «Moralens opprinnelse», går Hessen gjennom biologiske nivå frå gen til bakterie til flaggermus og aper. «Moralske aspekter, ikke minst alt som har med nestekjærlighet å gjøre, var lenge teologiens suverene domene. Utgangpunktet var nettopp forståelsen av menneskenaturen som hobbesiansk, og at religion var det eneste som stod mellom individet og fortapelsen.» Hessen seier at det er for å motverka dette at han skriv boka si. Så her vil han visa, gjennom mange eksempel, at altruisme, offervilje og nestekjærleik ikkje er framande i naturen. Hobbes tar feil, skjønar vi, og biologi er det som reddar oss frå fortaping. Men sant å seia trur eg knapt at dagens liberalistar vil vera usamde i at moralen har eit slikt biologisk grunnlag.
Den andre delen heiter «Følelser for fellesskap». Han handlar etter kvart mykje om førekomstar av empati, både innanfor ein art og på tvers av artsgrenser. Ordet ligg på topp på indekslista bak i boka. Hessen finn til og med eit par empatihormon – oxytocin og vasopressin – som både fremjar og vert fremja av augekontakt, noko som gjev gruppesamhald og samvit, og gjer oss sjenerøse og rettferdige. Også her brukar han mange forskingseksempel, både frå dyreriket og menneskelivet, som underbyggjer at vi naturleg er betre enn Donald Trump.
Ikkje eintydig korrekt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.