Bok
Ei legitim gåve frå ein rettvis givar?
Porselen og revolusjon er historia om tollaren, generalen, bankdirektøren, eventyraren m.m. som skaffa Bergen den store Kina-samlinga.
Johan Munthe var ein staseleg kar, med medaljedinglande uniform og same bart som keisar Wilhelm.
Bilete frå boka.
I Bergen, i det som før heitte Vestlandske kunstindustrimuseum, men som i dag heiter KODE 1, finst ei stor – meir enn 2500 gjenstandar – samling kinesisk kunst og kunsthandverk. Sist gong vi framande ikkje-bergensarar vart gjort merksame på samlinga, var i 2013, i samband med eit spektakulært og godt filma innbrot, desto meir sjokkerande ettersom eit heilt tilsvarande innbrot hadde skjedd berre tre år tidlegare. No har museet førebels gjeve opp, ikkje berre å få attende gjenstandane, men òg å stilla ut kunsten, som er gøymd på hemmeleg stad.
Postkoloniale spørsmål
Trist som dette er i seg sjølv, har det samstundes retta eit kritisk søkelys på sjølve samlinga og omstende kring etableringa av henne. Noko som er ein del av det som vert kalla postkolonialisme, og som har gjeve mykje ubehag til mange vestlege museum. Har gjenstandane, gjevne som gåve frå privatpersonar, vorte skaffa på rett vis? Har desse gåvene sjølve vorte like mykje stolne frå undertrykte kulturar, som dei gjenstandane som vart stolne frå KODE 1? Bør dei sendast attende til opphavslandet, slik Hellas krev når det gjeld Lord Elgins karyatider i British Museum? Eit museum i USA har alt gjort det med førkolumbiske gjenstandar frå Peru. Ein hypotese i samband med KODE 1-innbrota er at dei var bestilte av kinesisk mafia som så sel gjenstandane til rike kinesarar som fritt kan skryta av dette som ei patriotisk handling.
I Noreg hadde vi ein slik debatt i 2004 i samband med at Brennpunkt (NRK) laga program (innklaga til PFU) om Schøyen-samlinga, verdas største private manuskriptsamling. Difor ville det vore rart om ikkje KODE 1 òg hadde tenkt gjennom denne problemstillinga, ja, og førebudd seg på at dei òg kunne verta utsett for eit Brennpunkt-program. Det er i alle høve forståeleg om ein ser på dette som bakgrunnen for at KODE 1 har fått sin tidlegare direktør, no fyrstekonservator med hovudansvar for Kina-samlinga, Jorunn Haakestad, til å skriva ei bok om Johan Munthe (1864–1935), mannen som samla og gav museet all denne kinesiske kunsten. For slik sjølv å ta initiativet til ei gransking av nyrer og hjarte hos denne sjenerøse gjevaren, og legitimiteten til samlinga.
Og heilt til slutt i boka vert det klårt at denne granskinga, saman med press frå Kina, i 2013, har resultert i tilbakeføring, rett nok berre som langtidsutlån, av enkelte gjenstandar til universitetet i Beijing. Det handlar om sju søyler frå sumarpalasset Yuan Ming Yuan, først øydelagd av britar og franskmenn i 1861. Desse var vel tvillaust plyndra og selde som tjuvegods. «Betraktet som krigstrofeer er søylene bærere av en skambelagt historie. I Kina er de symboler på vestlig imperialisme under ’De hundre års ydmykelse’.»
Munthe og samlinga
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.