Bok

Ut på tur med ein som aldri snur

Boka om Lars Monsen er ei noko hagiografisk, men drivande god forteljing om ein urmann.

I 2010 opna kronprins Haakon Finnmarksløpet og tok ein runde med Lars Monsen.
I 2010 opna kronprins Haakon Finnmarksløpet og tok ein runde med Lars Monsen.
Publisert

Alt er meir ekstremt når det gjeld Monsen. Det gjeld, vel, ikkje heilt frå fødselen av, men gamal var han ikkje før han vart påverka av dei ekstreme foreldra sine. Faren utfordra fysiske grenser, rett nok med stor dugleik, han vart noregsmeister i stup i 1955 og var på landslaget i turn. Og han gav sønene tilsvarande utfordringar. Noko som gjekk ut over den mildare storebroren Erik, som til slutt døydde av ein overdose, men styrkte ein annan bror som vart den modige Siemens-varslaren. Mora, halvt flyttsame og halvt eigedomsspekulant, tvinga familien til stadig å flytta kring i Oslo. Ingen bustad vart heimstad.

Heimstaden vart Nordmarka. Der kan ein slå leir overalt, og likevel heile tida vera på same plassen, i naturen. Ni år gamal får Lars overnatta der aleine første gongen. Og 13 år rømer han ut i skogen på veslejulaftan og kjem ikkje attende før over nyåret. Vi skjønar at guten er ei blanding av Pan, Dionysos og Herakles. Inne i byen trivst han ikkje, sjølv om han er intelligent og spelar sjakk og fotball. Og han utdannar seg til lærar. Men lik Herakles skal han verta ein stor jeger og gjera storverk. Og lik Dionysos må han ut på ekstatisk bakkantiske rusturar frå den eine T-banestasjonen til den neste, og når han vert større, frå bar til bar. Rett nok ikkje som vinens gud. Det går berre i øl. Og som Dionysos har han eit fælt sinne og slår ned folk. Dionysos er dessutan i slekt med Loke, eldguden. På alle turane er det å byggja bål det første. Lars har eit eige verb for det: å båle. Og står det om livet, får han hjelp av fire overnaturlege vesen, avlidne familiemedlemmer og englar, stadfesta av ei finnskogdame. Lars er forresten sjølv sjaman: Han har varme, heilande hender.

Første ekstremtur

26 år gamal dreg Lars ut på den første ekstremturen: Noreg på langs frå nord til sør. Det er på denne turen han skjønar at dette må verta livet hans: fri og frank ute i naturen, ikkje inne i 9–4-sivilisasjonen. Frå no av gjeld ikkje fjellvettregel nr. 8 om å snu i tide. Medan han elles gjer det til ein kunst å følgja dei andre åtte, men på eit høgare nivå enn turistforeininga krev. Turane vert meir og meir ekstreme: til fots over Alaska i ti månader og Canada på tvers i to år og sju månader (8252 km), der det særleg er gildt å vada over breie elvar med isvatn og bjørnar på breiddene, eller nesten frysa i hel i 60 subjektive kuldegradar. Mest ekstremt tykkjest meg å vera turen over Kodiak-øya, der det er like mange bjørnar som mygg på Finnmarksvidda.

Men som andre eventyrarar, Roald Amundsen, til dømes, har Monsen eit pengeproblem. Så han skjønar snart at han må verta kjendis. Han skriv bøker om turane sine (13 så langt), og han sel seg sjølv til NRK, som lagar den eine serien etter den andre om turane. Og no førebur han pensjonen med å lansera eit kledemerke for andre turgåarar. (Skal du køyre hundekjelke og delta i Iditarod-laupet, treng du gode vottar til 1999,-.) Då får det ikkje hjelpa at eg på Facebook-sida mi får opp ein annonse om å reisa med danskebåten for å høyre Monsen snakka om villsmarkliv på dette flytande Harry-hotellet.

I boka får vi òg høyra litt om kjærleikslivet til Lars. Sidan 2008 har han vore saman med den flotte dama Trine Rein, dei vart gifte i 2015. Han sjarmerer kvinner med å be dei ut på overnattingstur i marka. Omtrent slik Crocodile Dundee sjarmerer den kvinnelege journalisten med å la henne møta krokodillar. Trine Rein sjølv fortel at ho skjøna dei var blitt eit par då Lars på ein bar bad henne bera to drammeglas, for så å stilla seg bak henne og legge båe hendene på brysta hennar. Ho må elles vera eit uendeleg tolmodig menneske: Når han er innandørs, oppfører han seg som om han framleis er i marka: slengjer tinga sine rett ned på golvet og søler kaffi overalt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement