Bok
Geniet bak anlegget
150-årsjubileet for Gustav Vigeland vert markert med ei ny utgåve av Tone Wikborgs store biografi og ei internasjonaliserande utstilling.
Gustav Vigeland: «De nedbøyde», 1898, bronse. Vigeland-museet, Oslo
Kunstutstilling
At det i år er 150 år sidan Gustav Vigeland vart fødd, vert markert på to vis: Den store, i dobbel forstand, biografien til Tone Wikborg, som kom ut første gong i 2001, kjem i ny utgåve og er dessutan omsett til engelsk. Og Vigeland-museet arrangerer ei stor utstilling der kunsten til Vigeland vert samanliknande stilt ut ved sida av kunsten til samtidige franske og belgiske bilethoggarar.
Dette er faktisk eit naudsynt tiltak, heilt uavhengig av sjølve jubileet. For eg har mistanke om at folk flest knapt veit så mykje om Vigeland sjølv. Ikkje rart, ettersom hovudverket hans er så gigantisk at skaparen sjølv kverv av syne, ja, bortsett frå den smålåtne sjølvportrettstatuen som står ved hovudinngangen. Er Vigeland berre eit anlegg? Men i alle fall ikkje eit subjektivt anlegg, slik som kunsten til Munch er det, som inviterer til biografisk interesse. I tillegg kjem at det meste av Vigelands kunst er skulpturar som ikkje kan flyttast på. Folk som ikkje er i Oslo, må nøya seg med foto, som skal visa noko tredimensjonalt i berre to dimensjonar. Noko anna med målarstykka til Munch.
Kunstnarmytar
Det Wikborgs biografi viser, er at det likevel knapt er nokon skilnad på Munch og Vigeland når det gjeld å leva opp til dei (sein)romantiske kunstnarmytane. Det gamle Dusteforbundet skilde mellom det å vera eit sjølvoppdaga geni og å vera eit geni oppdaga av andre, og det første var ein større prestasjon enn det andre. Både Munch og Vigeland var geni i båe tydingar: Vigeland meinte han var (ein stor) bilethoggar frå før han vart fødd, slik Munch heller ikkje mangla sjølvtillit når han heldt fast på det kritikarar kalla halvferdige målarstykke. Men det var berre ein eigenprodusert myte at Munch vart særleg motarbeid.
Jau, det tok litt lengre tid før Vigeland vart utnemnd til geni av andre. Og før han debuterte på Haustutstillinga som 23-åring, hadde han vore gjennom ein svelteperiode i Kristiania omtrent samtidig med og like hard som den dobbeltgeniet Hamsun skildrar i Sult (1890). Men alt som 32-åring vart han riddar av St. Olavs orden. Eit anna norsk dobbeltgeni som Vigeland hadde ein relasjon til på denne tida, var Ibsen. Han skal ha vorte inspirert av Vigelands store relieff «Helvete» då han skreiv Naar vi døde vaagner (1899) om bilethoggaren Rubek som har laga eit storverk, «Oppstandelsens dag», men som har ofra kjærleiken på dette altaret: På mange vis eit kunstnarleg varsel om korleis det vil gå med Vigeland sjølv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.