Aldri så gale …

Om det vi kan læra av aluminiumsplatene på det nye Munchmuseet.

Bygginga av det nye Munchmuseet Lambda i Bjørvika sett frå Ekeberg-restauranten i november i fjor.
Bygginga av det nye Munchmuseet Lambda i Bjørvika sett frå Ekeberg-restauranten i november i fjor.
Publisert

Arkitektur er den mest offentleg påtrengjande kunstforma. Kunstinstallasjonar og døde dyr i formalinglaskasser vedkjem berre få, særleg når dei er finansierte av private pengar. Og vi har heldigvis ikkje ein kommunal kunstetat, som krev at kunst i heimar og galleri skal godkjennast.

Derimot må arkitektur gjennom ein offentleg godkjenningsprosess, sjølv etter siger i ein konkurranse, og sjølv om det er snakk om privat finansiering. Arkitektur skapar nemleg omgjevnader for oss alle, og vi vert prega av dei. Dette gjeld sjølvsagt særleg når det er tale om signalbygg, slike som husar nasjonale institusjonar og har fått framståande plasseringar.

Alfaform

I Oslo er det nyaste døme på dette, ved sida av det nye Nasjonalmuseet på vestbanetomta, Lambda, som altså er namnet på bygget til det nye Munchmuseet i Bjørvika. Namnet refererer til forma på bygget, slik ho står fram i denne bokstaven i det greske alfabetet: ?.

Men no refererer namnet indirekte òg til den fysiske måleeininga for lysets bølgjelengd, sjølv om dette vart gjort alt etter konkurransen i 2009, då vinnarbygningen vart omtalt som eit lystårn.

For ettersom bygget har vorte så ferdig at vi kan sjå den endelege kledningen på fasaden, er det nettopp lyset frå og til denne som har fått eit reint ut sagt bibelsk eller til og med munchsk ramaskrik til å runga ut over fjorden: Arkitekt Brochmann var først ute og sa ifrå om at Lambda syg alt lys ut av Bjørvika. Han fekk støtte frå juryleiaren som var med på å velja Lambda, arkitekt Helle Søholt. Og ekkoet av dette har så spreidd seg forsterka gjennom vanlege og sosiale medium.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement