JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Den 24. februar 2022 gjekk Russland til angrep mot Ukraina. Dette var ei eskalering av konflikten som tok til i 2013-2014, då separatistar tok kontroll over Luhansk og Donetsk fylke og Krymhalvøya vart annektert av Russland. Ukraina har fått våpenhjelp av Nato-land, inkludert Noreg. DAG OG TID følger krigen nøye, og skribentane våre bidreg med reportasjar, kommentarar og analysar. Cecilie Hellestveit, ekspert i folkerett, og Halvor Tjønn, journalist, forfattar og fast skribent i DAG OG TID, bidrar med politiske analysar. Den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov har skrive om situasjonen i Ukraina under krigen.

Sjakk har blitt ein populær sport i Noreg på grunn av suksessen til Magnus Carlsen. DAG OG TID skriv om viktige turneringar som Carlsen deltek i, og små forteljingar frå sjakkverda. I DAG OG TID skriv Atle Grønn ei fast sjakkspalte som heiter «Frå sjakkverda», verdas einaste sjakkspalte utan sjakktrekk. I spalta skriv han om sjakk frå ulike innfallsvinklar. Les Atle Grønns spalte nedanfor, og andre artiklar og nyhende frå sjakkverda.

Klima og miljø er høgt prioritert på den politiske dagsordenen. Klimaendringar, naturkatastrofer og konfliktar heng tett saman. Regjeringa er forplikta til å følgje EUs klimamål og redusere norske utslepp med 55 prosent innan 2030.
DAG OG TID følgjer klimaproblematikken både nasjonalt og internasjonalt. Journalistane og skribentane i DAG OG TID skriv om klima med ulike innfallsvinklar. Per Anders Todal er oppteken av miljø, natur og klima, og korleis problemstillingar knytte til desse temaa verkar inn på kvarandre og samfunnet i heilskap. Jon Hustad skriv om klimaspørsmål frå eit politisk og økonomisk ståstad, til dømes korleis klima verkar inn på energi og straum. Les artiklar om klima og miljø nedanfor.

I Dag og Tid skriv fleire av skribentane våre om mat og matproduksjon. Dei har alle ulike tilnærmingar til temaet. Dagfinn Nordbø skriv spalta «Matmonsen», ei humorisktisk spalte om eigne matopplevingar. I spalta hans kan du også få gode middagstips. «Innsida» er ei anna spalte der ulike skribentar bidreg kvar veke. Ein av dei, Arne Hjeltnes, reiser rundt og besøker norske matprodusentar og set av fast plass i spalta si til norske matskattar. Siri Helle skriv om matproduksjon og matpolitikk i spalta «Frå matfatet». Helle er utdanna agronom og skriv også om ulike matvarer, plukkar frå kvarandre ingrediensane og samanliknar produkt. Les artiklane nedanfor.

DAG OG TID skriv om Russland og tilhøvet mellom Noreg og Putin-regimet. Journalistane og skribentane våre skriv om russisk utanrikspolitikk, russisk språk og kultur. Eit viktig tema knytt til Russland er krigen i Ukraina. I avisa vår kan du lese kommentarar og artiklar om krigføringa og retorikken knytt til han. Mellom anna trykker DAG OG TID russiske nyhende, slik at lesarane våre får kjennskap til kva informasjon russarane har tilgang til. Den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov har tidlegare rapportert direkte frå Ukraina. Halvor Tjønn følgjer utviklinga mellom Russland og Europa, Cecilie Hellestveit, ekspert i folkerett, kommenterer globale konfliktar der Russland er involvert. Fleire av podkastepisodane våre har også handla om Russland. Omsettar Marit Bjerkeng fortel om russisk språk og kultur, journalist i Nordlys og leiar i Barents Press, Amund Trellevik, er intervjua om uavhengig journalistikk i Russland, og Halvor Tjønn har ved fleire høve vore gjest. Alle episodane finn du her.

På grunn av den globale energikrisa har straumen blitt dyrare. Folk flest merkar at straumrekningane auker med tusenvis av kroner. Samstundes aukar prisane på matvarer og transport. DAG OG TID skriv med jamne mellomrom om situasjonen og tiltaka frå regjeringa og næringslivet. Mellom anna skriv DAG OG TID-journalisten Jon Hustad om utfordringane og bakgrunnen for straumkrisa og kva konsekvensar dei auka straumprisane har på samfunnet. Han har også sett på energibehovet i framtida og skrive artiklar om den grøne vendinga. Straumkrisa har vore tema i DAG OG TID-podkasten. Lytt til episoden «Energiåret 2022 med Jon Hustad» her. Artiklar om straum, energi og kraft kan du lese nedanfor.

DAG OG TID skriv om ulike sider ved Ukraina og tilhøvet til Nato og Europa. Størst tyngd har krigen fått. Krigen i Ukraina tok til 24. februar 2022, og journalistane og skribentane våre følgjer situasjonen tett. Cecilie Hellestveit er ekspert i folkerett og bidreg med analysar og kommentarar. Halvor Tjønn skriv om korleis det ukrainske tilhøvet til Russland, Europa og EU endrar seg. Han set også den noverande situasjonen i eit historisk perspektiv. Den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov skreiv fleire reportasjar frå Ukraina det første året av krigen. Redaktøren i DAG OG TID, Svein Gjerdåker har besøkt Ukraina etter krigsutbrotet og har skrive frå reisene. I DAG OG TID-podkasten kan du også lytte til tema om Ukraina. Høyr mellom anna intervjuet med forfattar Andrej Kurkov eller lær meir om bakgrunnen for krigen i episoden «Kvifor gjekk Putin til krig mot Ukraina?» Les artiklar om Ukraina nedanfor.

Økonomi har innverknad på alle lag og funksjonar i samfunnet. DAG OG TID publiserer nyhende om finansmarknaden og konsekvensane av økonomiske svingingar. Vi analyserer statsbudsjettet og finanspolitiske tiltak frå regjeringa, men ser også på endringar i næringslivet og på børsen i eit internasjonalt perspektiv. Journalist i DAG OG TID Jon Hustad skriv om økonomisk politikk. Mellom anna ser han på rentepolitikk, grunnrente og statsbudsjettet.
Les artiklar og kommentarar om norsk og internasjonal økonomi nedanfor.

« 1 ... 10 11 12 13 14 15 »

Med nasen i sky

I dag skal me rosa sky opp i skyene. Dette vesle ordet spelar ei stor rolle i daglegtalen vår. Når me talar om det som hender oppe på himmelen, og det gjer me temmeleg ofte, plar sky bryta gjennom skylaget av andre ord.

KristinFridtun
Fifa kan å sportsvaska. Neste år går fotball-VM av stabelen i Qatar. Biletet er frå al Thumama-stadionet i Doha, der den fyrste VM-kampen skal spelast.

Fifa kan å sportsvaska. Neste år går fotball-VM av stabelen i Qatar. Biletet er frå al Thumama-stadionet i Doha, der den fyrste VM-kampen skal spelast.

Foto: Suhaib Salem / Reuters / NTB

Årets nyord er her

Har du sportsvaska deg i det siste? Nei, det handlar ikkje dusjing etter trening. Men det er årets nyord.

JonHustad

Løynlege møte

Grensa mellom løyning og ljuging er uklår. Ja, er det ei grense der i det heile? Ikkje om me skal tru dette ordtaket: «Den som lyg, og den som løyner sanninga, er båe like gode.» Å løyna seg bak vanskelege formuleringar kan verka harmlaust samanlikna med det å ljuga nokon rett opp i andletet, men i båe tilfelle held ein noko løynt for nokon. Mange ser helst at sanninga kjem fram, jamvel om ho er utriveleg: «Løynleg hat er verre enn synleg fiendskap.»

KristinFridtun

Tungbeden belar

Soltilbedarane har det vanskeleg no om dagen. Dei kan kasta bedande blikk mot himmelen og beda om godt vêr i bokstavleg meining, men sola gjer ikkje som ho vert beden om. Ho bed farvel og dreg seg meir og meir unna. Då er det betre å beda nokon ut eller beda folk på kaffi eller middag. Dei som ikkje vert bedne, kan nok finna på å dukka opp ubedne og krevja at me bed om orsaking. Eller so er dei like blide og bed oss helsa selskapet.

KristinFridtun

I hui og hast

«Di meir ein hastar, di meir ein heftest.» Det har me vel røynt, alle i hop? Når ein hastar av stad eller freistar ordna noko i stor hast, er det fort gjort å sneia eller skumpa borti, riva ned, snåva, gjera ukloke val eller gløyma noko viktig. Dei var nok kloke av skade, dei som laga dette ordtaket: «Måteleg hast er best.» Men hastverk er ikkje lastverk støtt. Mange hasteoperasjonar er vellukka, og det er sagt og vedteke mykje glupt i hastemøte.

KristinFridtun

Kast i kast

Denne gongen har eg kasta i hop eit utkast som er so fullt av rundkast og bråkast at lesaren radt vert ør og må kasta opp. Ja, det er berre å kasta seg rundt, kasta jakka og alt ein har i hendene, og bu seg på ei rad innkast og frikast med kasteballen kasta. Om det kastar lite av seg eller synest bortkasta, får de kasta teksta på skraphaugen og spaltisten på dør.

KristinFridtun

Tungtvegande lettvektar

Mange aviser og blad legg vekt på å laga saker om vekt. Me les om undervekt og overvekt, vektauke og vekttap. Påfallande ofte får me sjå bilete av føter på ei badevekt. Det hender òg at me høyrer om vektklasser, som flugevekt, mellomvekt og tungvekt. Dei som ynskjer å vera ei motvekt mot all merksemda om kroppsvekt, lyt skriva om vekt på anna vis, til dømes kan dei greia ut om jamvekta mellom tilbod og etterspurnad.

KristinFridtun

Verre enn venta

Ventestunda er alltid lang, vert det sagt. Dei av oss som har stått lenge på venteliste eller sete mykje på venterom, i venteskur og ventehallar, kan stadfesta det. Eit ordtak seier det slik: «Det ein ventar hardt, kjem aldri (for) snart.» Å høyra på ventemusikk kan nok hjelpa litt, men om me skal få ventetida til å flyga, må me finna på noko som er so spanande at me gløymer at me ventar.

KristinFridtun

Den minste ting

Alle gode ting er tre, og sanneleg: Når me slår opp i Nynorskordboka, finn me tre ting-ord! Me har eit reint inkjekjønnsord (eit ting, tinget, alle tinga) som me nyttar om møte og forsamlingar, og eit reint inkjekjønnsord som tyder ‘veik, levande skapning, kryp’ («arme ting», «eit stakkars lite ting»). Mest spanande er nok det tvikjønna ting-ordet (ein ting, tingen, alle tinga), for det kan me nytta om saker, tilhøve, gjerningar, omstende og so bortetter. Dei to sistnemnde orda er opphavleg same ordet som det fyrste.

KristinFridtun

Språkveggen mellom forsking og samfunn

Høgare utdanning kostar nær tre kulturdepartement årleg, men samfunnsdebatten får lite att når mest all norsk forsking nyttar engelsk, utan samandrag og etablering av nøkkelord på norsk.

HåvardRem