JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Luta lei

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2353
20220527
2353
20220527

Å vera lei seg er noko anna enn å vera lei noko. Men det er ein samanheng her, for dersom ein jamt må gjera noko ein er lei av å gjera, kan ein verta lei seg. Merk elles at me kan nytta lei i tydinga ‘trist, sorgfull’ utan å ha med pronomenet seg, jamfør Prøysen-visa om guten som «gikk og gret og var så lei». Her er det ikkje tale om å vera lei i tydinga ‘brysam, fæl’ («ikkje ver so lei», «vera lei til å ljuga») eller ‘trøytt (av noko)’ («no er eg lei»). Guten er nedfor, motlaus, sturen – stutt sagt: lei. Ja, dette lei-ordet er sanneleg ei lei sak.

Nei, det er ikkje sant. Eg seier meg lei for den gleppen. Adjektivet lei er lett å ha med å gjera, og det hadde vore leitt om det vart borte. Til liks med mange andre ord har det ein noko gåtefull bakgrunn. Nokre har gissa at det kjem av ei indoeuropeisk rot som tyder ‘sterk mothug, ufysne’.

Vårt lei er same ordet som engelsk loath (‘uviljug’, òg stava loth), som har gjeve oss ord som loathe (‘styggjast ved, mislika sterkt’) og loathsome (‘fråstøytande, vemjeleg’). I tysk finst berre leivningar av ordet. Komparativen leider vert nytta i tydinga ‘diverre’, og inkjekjønnsforma vert nytta som substantiv: Leid ‘sorg, vondt, naud’.

Av lei kjem hokjønnsordet leie (dansk form lede) og inkjekjønnsordet leiende. Båe orda tyder ‘keisemd, plage’. Leie kan stå åleine eller som sistelekk i samansetjingar: «Det er ei storleie med denne svevnløysa.» «Ho fekk leia (‘vart lei’)». «Det er den same leia og keia som før.» I nokre målføre vert åtleie nytta om folk og saker som er keisame, plagsame og liknande («ei åtleie til kar»).

Folk har lenge visst at måtehald og ombyte er beste råda mot leiskap. Sjå berre på desse ordtaka: «Det vert alt leitt, som lenge varer.» «Ein vert lei av leiken, om han endå er god.» «Ein kan verta lei av godmaten med.» Ordet matlei er velkjent, dessutan finst det ei mengd gamle vendingar for det å eta so mykje av eit slag mat at ein får mothug, som «eta seg leian», «eta seg til leiende», «eta seg i leia (på noko)». Me har elles samansetjinga skulelei, som er noko anna enn skulevegring.

Seier du at du no er vorten møk(a), drit(a) eller lut(a) lei av lei? Det er leitt å høyra at du har gått lei alt. Me får vel runda av her, jamvel om eg ikkje vil vera lei mot lei.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis