Hva er varme?
Mulig at tanken var riktig, men beregningene til Yngve Gauslå i Dag og Tid 5. august ble feil framstilt. Poenget er at temperatur er et mål på varmeenergi, det vil si. hvor mye molekylene i en masse, for eksempel av luft, beveger seg.
Realitet om krigen i Ukraina
Eirik Klepsvik skuldar i innlegg i nr. 31 denne avisa for einsidig framstilling av Russland i krigen mot Ukraina.
Lærarverdi og underprising
Skulestarten er rett rundt hjørnet, samstundes som vi lærarar er i ein streikesituasjon. Sidan streiken vart iverksett før sommaren, har vi fått tala frå samordna opptak, som viser kor «populært» læraryrket er. Det viser at yrket er i krise, og bakgrunnen for det er nok mangslungen, sjølv om ein aldri kjem vekk frå at det handlar om status, og status til alle yrke stig synkront med løns- og arbeidsforhold. Lærarar har for lav løn og eit oppdrag som aldri har vore meir ambisiøst og krevjande. Arbeidsgjevar ved KS vil bøte for dette med å gje mest pengar til dei nyaste lærarane, medan dei som står i og har stått i yrket i årevis, får ei lønsutvikling som aldri har hatt større avstand til prisutviklinga. Vi som faktisk driv skulen, må rykke mange plassar tilbake i køa og oppleve ein brutal lønsnedgang målt i kjøpekraft, samanlikna med dei som etter kvart tek over stafettpinnen.
Digitalisering og naivitet
Dag og Tid har 5. august eit intervju med professor i sosialmedisin ved NTNU Steinar Krokstad. Han ser med uro på ein studie som «peikar på sterk auke i angst- og depresjonssymptom blant unge». Og han klarer ikkje å frikjenna digitaliseringa: «unge veks opp i ei heilt ny verd. Frå rundt 2010 får teknologigantane eit grep om den yngre befolkninga gjennom appar, medium og plattformer».
Bustadproblemet på bygdene
Dag og Tid tok på leiarplass før sumarferien (nr. 28–30) opp temaet «bustadproblemet på bygdene». Problemet som vart teke opp, var dette: «Ikkje så reint sjeldan høyrer vi om fastbuande som gjerne vil kjøpe seg hus på bygda, men som taper bodrunden mot pengesterke kjøparar utanfrå som skal bruke bustaden til feriehus.» Så drøftar avisa også tiltak og luftar tanken om sterkare skattlegging av sekundærbustadar brukte som feriehus.