JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Den 24. februar 2022 gjekk Russland til angrep mot Ukraina. Dette var ei eskalering av konflikten som tok til i 2013-2014, då separatistar tok kontroll over Luhansk og Donetsk fylke og Krymhalvøya vart annektert av Russland. Ukraina har fått våpenhjelp av Nato-land, inkludert Noreg. DAG OG TID følger krigen nøye, og skribentane våre bidreg med reportasjar, kommentarar og analysar. Cecilie Hellestveit, ekspert i folkerett, og Halvor Tjønn, journalist, forfattar og fast skribent i DAG OG TID, bidrar med politiske analysar. Den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov har skrive om situasjonen i Ukraina under krigen.

Sjakk har blitt ein populær sport i Noreg på grunn av suksessen til Magnus Carlsen. DAG OG TID skriv om viktige turneringar som Carlsen deltek i, og små forteljingar frå sjakkverda. I DAG OG TID skriv Atle Grønn ei fast sjakkspalte som heiter «Frå sjakkverda», verdas einaste sjakkspalte utan sjakktrekk. I spalta skriv han om sjakk frå ulike innfallsvinklar. Les Atle Grønns spalte nedanfor, og andre artiklar og nyhende frå sjakkverda.

Klima og miljø er høgt prioritert på den politiske dagsordenen. Klimaendringar, naturkatastrofer og konfliktar heng tett saman. Regjeringa er forplikta til å følgje EUs klimamål og redusere norske utslepp med 55 prosent innan 2030.
DAG OG TID følgjer klimaproblematikken både nasjonalt og internasjonalt. Journalistane og skribentane i DAG OG TID skriv om klima med ulike innfallsvinklar. Per Anders Todal er oppteken av miljø, natur og klima, og korleis problemstillingar knytte til desse temaa verkar inn på kvarandre og samfunnet i heilskap. Jon Hustad skriv om klimaspørsmål frå eit politisk og økonomisk ståstad, til dømes korleis klima verkar inn på energi og straum. Les artiklar om klima og miljø nedanfor.

I Dag og Tid skriv fleire av skribentane våre om mat og matproduksjon. Dei har alle ulike tilnærmingar til temaet. Dagfinn Nordbø skriv spalta «Matmonsen», ei humorisktisk spalte om eigne matopplevingar. I spalta hans kan du også få gode middagstips. «Innsida» er ei anna spalte der ulike skribentar bidreg kvar veke. Ein av dei, Arne Hjeltnes, reiser rundt og besøker norske matprodusentar og set av fast plass i spalta si til norske matskattar. Siri Helle skriv om matproduksjon og matpolitikk i spalta «Frå matfatet». Helle er utdanna agronom og skriv også om ulike matvarer, plukkar frå kvarandre ingrediensane og samanliknar produkt. Les artiklane nedanfor.

DAG OG TID skriv om Russland og tilhøvet mellom Noreg og Putin-regimet. Journalistane og skribentane våre skriv om russisk utanrikspolitikk, russisk språk og kultur. Eit viktig tema knytt til Russland er krigen i Ukraina. I avisa vår kan du lese kommentarar og artiklar om krigføringa og retorikken knytt til han. Mellom anna trykker DAG OG TID russiske nyhende, slik at lesarane våre får kjennskap til kva informasjon russarane har tilgang til. Den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov har tidlegare rapportert direkte frå Ukraina. Halvor Tjønn følgjer utviklinga mellom Russland og Europa, Cecilie Hellestveit, ekspert i folkerett, kommenterer globale konfliktar der Russland er involvert. Fleire av podkastepisodane våre har også handla om Russland. Omsettar Marit Bjerkeng fortel om russisk språk og kultur, journalist i Nordlys og leiar i Barents Press, Amund Trellevik, er intervjua om uavhengig journalistikk i Russland, og Halvor Tjønn har ved fleire høve vore gjest. Alle episodane finn du her.

På grunn av den globale energikrisa har straumen blitt dyrare. Folk flest merkar at straumrekningane auker med tusenvis av kroner. Samstundes aukar prisane på matvarer og transport. DAG OG TID skriv med jamne mellomrom om situasjonen og tiltaka frå regjeringa og næringslivet. Mellom anna skriv DAG OG TID-journalisten Jon Hustad om utfordringane og bakgrunnen for straumkrisa og kva konsekvensar dei auka straumprisane har på samfunnet. Han har også sett på energibehovet i framtida og skrive artiklar om den grøne vendinga. Straumkrisa har vore tema i DAG OG TID-podkasten. Lytt til episoden «Energiåret 2022 med Jon Hustad» her. Artiklar om straum, energi og kraft kan du lese nedanfor.

DAG OG TID skriv om ulike sider ved Ukraina og tilhøvet til Nato og Europa. Størst tyngd har krigen fått. Krigen i Ukraina tok til 24. februar 2022, og journalistane og skribentane våre følgjer situasjonen tett. Cecilie Hellestveit er ekspert i folkerett og bidreg med analysar og kommentarar. Halvor Tjønn skriv om korleis det ukrainske tilhøvet til Russland, Europa og EU endrar seg. Han set også den noverande situasjonen i eit historisk perspektiv. Den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov skreiv fleire reportasjar frå Ukraina det første året av krigen. Redaktøren i DAG OG TID, Svein Gjerdåker har besøkt Ukraina etter krigsutbrotet og har skrive frå reisene. I DAG OG TID-podkasten kan du også lytte til tema om Ukraina. Høyr mellom anna intervjuet med forfattar Andrej Kurkov eller lær meir om bakgrunnen for krigen i episoden «Kvifor gjekk Putin til krig mot Ukraina?» Les artiklar om Ukraina nedanfor.

Økonomi har innverknad på alle lag og funksjonar i samfunnet. DAG OG TID publiserer nyhende om finansmarknaden og konsekvensane av økonomiske svingingar. Vi analyserer statsbudsjettet og finanspolitiske tiltak frå regjeringa, men ser også på endringar i næringslivet og på børsen i eit internasjonalt perspektiv. Journalist i DAG OG TID Jon Hustad skriv om økonomisk politikk. Mellom anna ser han på rentepolitikk, grunnrente og statsbudsjettet.
Les artiklar og kommentarar om norsk og internasjonal økonomi nedanfor.

« 1 ... 11 12 13 14 15 »

Søkkvåt og samansokken

No søkk temperaturen mange stader, og det hadde vore gildt om straumprisane sokk i same slengen. Søkkrike folk merkar vel snautt prisauken. Stoda er annleis for folk som er nedsøkkte i gjeld. Dei tykkjer nok at det å leva og bu er søkkande dyrt frå før, og nokre av dei vert kan henda so fortvila at dei ropar «fanden søkkje meg!» so høgt at det søkk i folk.

KristinFridtun

Rått og rote

«Rote er snart brote», seier ordtaket. Det er leikande lett å riva det som er kavrote, pillrote, gjennomrote og liknande, men det kan òg falla i hop utan at me er budde på det. Om det kjem rote i noko og me oppdagar det tidleg, kan me ta bort dei rotne delane og berga resten. Men det rotne kan ikkje reddast. Det er ein av skilnadene mellom rått og rote: «Det råe kan verta godt, men ikkje det rotne.»

KristinFridtun

Høglydt over ljodmuren

Om me vil at nokon skal seia eitkvart, til dømes kven eller kvar dei er, kan me seia: «Gjev ljod!» Om me vil at folk skal teia, kan me òg seia: «Gjev ljod!» Eller me kan «slå til ljod» (eig. ‘banka på noko for å gjera folk merksame’). Då skal ikkje folk gjeva frå seg ljod eller gjeva ljod frå seg. Dei skal te seg ljodlaust og vera so lydhøyre dei greier. Lyder det ikkje litt merkeleg at ljod kan tyda både ‘noko høyrleg, låt’ og ‘ro, stille’?

KristinFridtun

Rømling med hjarterom

Med jamne mellomrom vert me bedne om å stø noko eller nokon med pengar. Det vert rekna som godt og rett å vera raus, eller romhendt, som det òg heiter, men her som elles gjeld det å finna rette jamvekta: «Den handa som er for rom, vil snart vera tom.» Det skal vera rom for gjevmilde her i verda. På det punktet er det ikkje rom for tvil. Men dei som gjev bort mykje, kan med tida verta nøydde til å flytta frå ein treroms til ein eittroms.

KristinFridtun

Språkmektige makter

Makt korrumperer, vert det sagt, men det er ikkje verdt å prøva å fjerna makta med handmakt. Dersom me tek i av all makt, maktar me i beste fall å rikka ørlite på makttilhøva. Å ringja ordensmakta hjelper lite, for det står ikkje i deira makt å tyna alle maktapparat. Me skal likevel ikkje lata vanmaktskjensla maktstela oss. Maktfordeling er beste boteråda mot ovmakt, eller som ordtaket seier: «Måteleg makt er alltid best.» Me har soleis ei lovgjevande makt, ei iverksetjande eller utøvande makt og ei dømande makt. Mange av dei som har ordet i si makt, søkjer seg til den fjerde statsmakta, pressa.

KristinFridtun

Framgang i gangfart

Me kan ofte sjå (eller høyra) kven som kjem gåande, ut frå ganglaget åleine. Røynde folk kan endåtil kjenna lusa på gangen. Her dreiar det seg om gang i tydinga ‘måte å gå på’, men det kan nok henda at det er lus i eller utpå gangen òg, til dømes i gangkleda som heng der. Men no lyt me koma i gang med den rettelege gjennomgangen av gang-ord – det er ikkje gangbart å lata skravla gå på tomgang slik!

KristinFridtun

Falla i freisting

For to veker sidan sette me anger og angra under lupa. Nokre lesarar har spurt om det er noko samband mellom desse orda og anger-ordet me finn i stadnamn (t.d. Bremanger, Porsanger, Stavanger). Her finst det ikkje noko klårt og greitt svar. Granskarane er tvilråduge eller beint fram usamde om mangt som har med det sistnemnde ordet å gjera. Det me derimot kan seia for visst, er at det er eit samband mellom angring og freisting. Mange har sagt ja til freistande tilbod og angra etterpå.

KristinFridtun

Brifing i brevform

Folk skriv ikkje like mange brev som før, i alle fall ikkje for hand. Å få brevpapir i jole- og bursdagsgåve er heller ikkje so vanleg lenger, men mange kjærleiksbrev, fanbrev, avskilsbrev og trugselbrev vert framleis skrivne for hand.

KristinFridtun

Teikn til anger

Mange av oss har ein eller fleire gonger fått denne oppmodinga: Ikkje gjer noko du kjem til å angra på! Det er eit godt råd, og dersom oppmodinga kjem frå ein angrande syndar, kan det henda at orda får retteleg tyngd òg. Å fylgja rådet er likevel lettare sagt enn gjort. Om me vert oppskaka, drukne eller båe delar på ein gong, kan me seia eller gjera noko me elles aldri ville ha sagt eller gjort. Då er det keitt å koma til seg sjølv att: «Når sinnet går av, kjem angeren etter.» Det vert òg sagt at «inkje vondt er so vel angra at det ei var betre ugjort».

KristinFridtun

Svarte natta

«Sumars natt er inga natt», seier ordtaket. Og: «Midtsumars natt er berre kveld og morgon.» Vendinga «vera so ulike som natt og dag» vart nok ikkje skapt ei sumarnatt. Men no lengjest nettene att. Nokre tykkjer det er leitt, andre tek varmt imot dei timane med nattemørker dei kan få. Dei får ikkje nattero når det er ljost eller skumt ute. Og som mange av oss har røynt: «Den som ikkje har nattero, har ikkje dagen god.»