I beste meining
Nokre seier det dei meiner, andre meiner noko anna enn det dei seier. Dei slår på skåka (el. sleden) og meiner merra. Tilhøvet mellom utsegn og meining er i det heile fælt innfløkt. Den me talar ved, kan lesa ei anna meining inn i utsegna enn den me sjølve meinte å bera fram. Ei vending nytta i biletleg meining kan verta teken bokstavleg, og eit velmeint råd kan uroa eller eggja opp mottakaren. Då er me ofte snare med å seia at det ikkje var slik meint, at det var sagt i beste meining eller ikkje so gale meint som det var sagt. Er det meining i slikt?
I lystig lag
«Lysta dreg halve lasset», veit me. Og «d’er lett byrd, som med lyst er boren». Då kan me vel slå fast at lyst er noko lysteleg som ikkje dreg ulyst etter seg? At me kan lata vera å tøyma hemnlysta og vellysta og fritt fylgja lystene våre? Nei, me veit at det går gale om me legg lystprinsippet til grunn støtt. Å gjeva etter for leselysta og verkelysta er greitt nok, men det vert utriveleg her om lystlygnarar og lystmordarar får herja fritt. «Har du lyst, har du lov» kling godt, men nokon god leveregel kan me ikkje seia at det er.
Med nasen i sky
I dag skal me rosa sky opp i skyene. Dette vesle ordet spelar ei stor rolle i daglegtalen vår. Når me talar om det som hender oppe på himmelen, og det gjer me temmeleg ofte, plar sky bryta gjennom skylaget av andre ord.
Fifa kan å sportsvaska. Neste år går fotball-VM av stabelen i Qatar. Biletet er frå al Thumama-stadionet i Doha, der den fyrste VM-kampen skal spelast.
Foto: Suhaib Salem / Reuters / NTB
Årets nyord er her
Har du sportsvaska deg i det siste? Nei, det handlar ikkje dusjing etter trening. Men det er årets nyord.
Løynlege møte
Grensa mellom løyning og ljuging er uklår. Ja, er det ei grense der i det heile? Ikkje om me skal tru dette ordtaket: «Den som lyg, og den som løyner sanninga, er båe like gode.» Å løyna seg bak vanskelege formuleringar kan verka harmlaust samanlikna med det å ljuga nokon rett opp i andletet, men i båe tilfelle held ein noko løynt for nokon. Mange ser helst at sanninga kjem fram, jamvel om ho er utriveleg: «Løynleg hat er verre enn synleg fiendskap.»
Tungbeden belar
Soltilbedarane har det vanskeleg no om dagen. Dei kan kasta bedande blikk mot himmelen og beda om godt vêr i bokstavleg meining, men sola gjer ikkje som ho vert beden om. Ho bed farvel og dreg seg meir og meir unna. Då er det betre å beda nokon ut eller beda folk på kaffi eller middag. Dei som ikkje vert bedne, kan nok finna på å dukka opp ubedne og krevja at me bed om orsaking. Eller so er dei like blide og bed oss helsa selskapet.
I hui og hast
«Di meir ein hastar, di meir ein heftest.» Det har me vel røynt, alle i hop? Når ein hastar av stad eller freistar ordna noko i stor hast, er det fort gjort å sneia eller skumpa borti, riva ned, snåva, gjera ukloke val eller gløyma noko viktig. Dei var nok kloke av skade, dei som laga dette ordtaket: «Måteleg hast er best.» Men hastverk er ikkje lastverk støtt. Mange hasteoperasjonar er vellukka, og det er sagt og vedteke mykje glupt i hastemøte.
Kast i kast
Denne gongen har eg kasta i hop eit utkast som er so fullt av rundkast og bråkast at lesaren radt vert ør og må kasta opp. Ja, det er berre å kasta seg rundt, kasta jakka og alt ein har i hendene, og bu seg på ei rad innkast og frikast med kasteballen kasta. Om det kastar lite av seg eller synest bortkasta, får de kasta teksta på skraphaugen og spaltisten på dør.
Tungtvegande lettvektar
Mange aviser og blad legg vekt på å laga saker om vekt. Me les om undervekt og overvekt, vektauke og vekttap. Påfallande ofte får me sjå bilete av føter på ei badevekt. Det hender òg at me høyrer om vektklasser, som flugevekt, mellomvekt og tungvekt. Dei som ynskjer å vera ei motvekt mot all merksemda om kroppsvekt, lyt skriva om vekt på anna vis, til dømes kan dei greia ut om jamvekta mellom tilbod og etterspurnad.
Verre enn venta
Ventestunda er alltid lang, vert det sagt. Dei av oss som har stått lenge på venteliste eller sete mykje på venterom, i venteskur og ventehallar, kan stadfesta det. Eit ordtak seier det slik: «Det ein ventar hardt, kjem aldri (for) snart.» Å høyra på ventemusikk kan nok hjelpa litt, men om me skal få ventetida til å flyga, må me finna på noko som er so spanande at me gløymer at me ventar.