Innbyte mot bytelapp
«Den som byter, skal ta siste luten», seier ordtaket. Ja, når me er den som byter noko (deler det opp eller ut), skal me lata dei andre velja fyrst og ta det som vert att. Det å dela urettvist eller beint fram snyta nokon vert stundom kalla å forfordela. Men nokre tolkar ordet motsett: Dei nyttar forfordela i tydinga ‘gjeva nokon for mykje’. Slik sett er misbyta eit tryggare ord («båe partane kjende seg misbytte»). Førefestet mis har ein tydeleg negativ svip, medan for kan tyda so mangt.
Somme ser helst at alt er det same støtt. Andre likar at det vert bytt på. Dei driv nok ikkje med namnebyte og sidebyte i utrengsmål, men dei byter bank og straumleverandør litt oftare enn andre.
I målet vårt har me to ord som ofte må trø til når me talar om endring, snunad og av- eller utveksling: byta og skifta. Dei byter på å ta dei tyngste taka.
Byta er eit lågtysk lånord som har vore med oss lenge. Det skal vera ihopsett av førefestet be og eit ord som er i ætt med ut og yta. Byta kan opphavleg ha tydt ‘gjeva ut’. I tillegg kjem substantiva byte og bytte, som strengt teke er same ordet. Sistnemnde er kome inn i nynorsk gjennom bokmål, frå tysk Beute (eig. ‘rov, hærfang som vart bytt mellom hærfolka’). Når me talar om noko som er røva, fanga eller teke med makt på andre måtar, anten bokstavleg eller biletleg, er det helst bytte me nyttar («vera eit lett bytte», «naturlege byttedyr»).
Å byta kan vera å ‘gjeva frå seg mot vederlag’, og det er likt til at mest alt kan bytast. Du kan byta plass med nokon, byta kjøt mot fisk, byta inn bilar og fotballspelarar (jf. innbytar) og byta bort kua og få fela igjen. Dei underjordiske byter jamvel til seg born (jf. byting). Mykje av bytehandelen mellom folk går rett og fint føre seg: Me held oss til avtalar om bytemiddel og byterett. Men unnatak finst. Å forbyta jakker er tolleg harmlaust; utbyting (el. utbytting) av arbeidarar er verre.
Det er elles mogleg å byta berre for ei lita stund, jamfør det gromme ordet bytelåna. Og når me nyttar byta i tydinga ‘endra, skifta til noko av liknande slag’, kan me byta utan at andre folk er direkte innblanda. Me kan «byta ut ei dør», «byta hand» og «vaska oss og byta om». Men å flytta bytesteinar (merkesteinar, deilder) er slett ikkje tilrådeleg.
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.