JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Den 24. februar 2022 gjekk Russland til angrep mot Ukraina. Dette var ei eskalering av konflikten som tok til i 2013-2014, då separatistar tok kontroll over Luhansk og Donetsk fylke og Krymhalvøya vart annektert av Russland. Ukraina har fått våpenhjelp av Nato-land, inkludert Noreg. DAG OG TID følger krigen nøye, og skribentane våre bidreg med reportasjar, kommentarar og analysar. Cecilie Hellestveit, ekspert i folkerett, og Halvor Tjønn, journalist, forfattar og fast skribent i DAG OG TID, bidrar med politiske analysar. Den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov har skrive om situasjonen i Ukraina under krigen.

Sjakk har blitt ein populær sport i Noreg på grunn av suksessen til Magnus Carlsen. DAG OG TID skriv om viktige turneringar som Carlsen deltek i, og små forteljingar frå sjakkverda. I DAG OG TID skriv Atle Grønn ei fast sjakkspalte som heiter «Frå sjakkverda», verdas einaste sjakkspalte utan sjakktrekk. I spalta skriv han om sjakk frå ulike innfallsvinklar. Les Atle Grønns spalte nedanfor, og andre artiklar og nyhende frå sjakkverda.

Klima og miljø er høgt prioritert på den politiske dagsordenen. Klimaendringar, naturkatastrofer og konfliktar heng tett saman. Regjeringa er forplikta til å følgje EUs klimamål og redusere norske utslepp med 55 prosent innan 2030.
DAG OG TID følgjer klimaproblematikken både nasjonalt og internasjonalt. Journalistane og skribentane i DAG OG TID skriv om klima med ulike innfallsvinklar. Per Anders Todal er oppteken av miljø, natur og klima, og korleis problemstillingar knytte til desse temaa verkar inn på kvarandre og samfunnet i heilskap. Jon Hustad skriv om klimaspørsmål frå eit politisk og økonomisk ståstad, til dømes korleis klima verkar inn på energi og straum. Les artiklar om klima og miljø nedanfor.

I Dag og Tid skriv fleire av skribentane våre om mat og matproduksjon. Dei har alle ulike tilnærmingar til temaet. Dagfinn Nordbø skriv spalta «Matmonsen», ei humorisktisk spalte om eigne matopplevingar. I spalta hans kan du også få gode middagstips. «Innsida» er ei anna spalte der ulike skribentar bidreg kvar veke. Ein av dei, Arne Hjeltnes, reiser rundt og besøker norske matprodusentar og set av fast plass i spalta si til norske matskattar. Siri Helle skriv om matproduksjon og matpolitikk i spalta «Frå matfatet». Helle er utdanna agronom og skriv også om ulike matvarer, plukkar frå kvarandre ingrediensane og samanliknar produkt. Les artiklane nedanfor.

DAG OG TID skriv om Russland og tilhøvet mellom Noreg og Putin-regimet. Journalistane og skribentane våre skriv om russisk utanrikspolitikk, russisk språk og kultur. Eit viktig tema knytt til Russland er krigen i Ukraina. I avisa vår kan du lese kommentarar og artiklar om krigføringa og retorikken knytt til han. Mellom anna trykker DAG OG TID russiske nyhende, slik at lesarane våre får kjennskap til kva informasjon russarane har tilgang til. Den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov har tidlegare rapportert direkte frå Ukraina. Halvor Tjønn følgjer utviklinga mellom Russland og Europa, Cecilie Hellestveit, ekspert i folkerett, kommenterer globale konfliktar der Russland er involvert. Fleire av podkastepisodane våre har også handla om Russland. Omsettar Marit Bjerkeng fortel om russisk språk og kultur, journalist i Nordlys og leiar i Barents Press, Amund Trellevik, er intervjua om uavhengig journalistikk i Russland, og Halvor Tjønn har ved fleire høve vore gjest. Alle episodane finn du her.

På grunn av den globale energikrisa har straumen blitt dyrare. Folk flest merkar at straumrekningane auker med tusenvis av kroner. Samstundes aukar prisane på matvarer og transport. DAG OG TID skriv med jamne mellomrom om situasjonen og tiltaka frå regjeringa og næringslivet. Mellom anna skriv DAG OG TID-journalisten Jon Hustad om utfordringane og bakgrunnen for straumkrisa og kva konsekvensar dei auka straumprisane har på samfunnet. Han har også sett på energibehovet i framtida og skrive artiklar om den grøne vendinga. Straumkrisa har vore tema i DAG OG TID-podkasten. Lytt til episoden «Energiåret 2022 med Jon Hustad» her. Artiklar om straum, energi og kraft kan du lese nedanfor.

DAG OG TID skriv om ulike sider ved Ukraina og tilhøvet til Nato og Europa. Størst tyngd har krigen fått. Krigen i Ukraina tok til 24. februar 2022, og journalistane og skribentane våre følgjer situasjonen tett. Cecilie Hellestveit er ekspert i folkerett og bidreg med analysar og kommentarar. Halvor Tjønn skriv om korleis det ukrainske tilhøvet til Russland, Europa og EU endrar seg. Han set også den noverande situasjonen i eit historisk perspektiv. Den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov skreiv fleire reportasjar frå Ukraina det første året av krigen. Redaktøren i DAG OG TID, Svein Gjerdåker har besøkt Ukraina etter krigsutbrotet og har skrive frå reisene. I DAG OG TID-podkasten kan du også lytte til tema om Ukraina. Høyr mellom anna intervjuet med forfattar Andrej Kurkov eller lær meir om bakgrunnen for krigen i episoden «Kvifor gjekk Putin til krig mot Ukraina?» Les artiklar om Ukraina nedanfor.

Økonomi har innverknad på alle lag og funksjonar i samfunnet. DAG OG TID publiserer nyhende om finansmarknaden og konsekvensane av økonomiske svingingar. Vi analyserer statsbudsjettet og finanspolitiske tiltak frå regjeringa, men ser også på endringar i næringslivet og på børsen i eit internasjonalt perspektiv. Journalist i DAG OG TID Jon Hustad skriv om økonomisk politikk. Mellom anna ser han på rentepolitikk, grunnrente og statsbudsjettet.
Les artiklar og kommentarar om norsk og internasjonal økonomi nedanfor.

« 1 ... 7 8 9 10 11 12 13 ... 15 »

Mange om beinet

Mat, pengar og mangt anna me sopar i hop, har det med å verta borte att: «Det minkar på mengda når det dreg i lengda.» Men den mangslungne ordmengda vår ser ut til å halda seg godt. Ja, nokre ord går ut or bruk, men jamt og samt kjem nye til. Me har rett mange å velja mellom! Den som kan både nynorsk og bokmål og andre mål attpå, er mestsom mangemillionær i språkvegen.

KristinFridtun

Standhaftig husstand

Stand held stand som berre det. Men endå stand står støtt, kan me ikkje seia at tilværet til stand er prega av stillstand. Tvert imot: Stand reiser standsmessig gjennom målet vårt og steller i stand litt av kvart. Kor mange sivilstandar har me, til dømes? Og er adelsstanden i stand til å stå på stand?

KristinFridtun

Opp i under

Under er ikkje nett eit teknisk vedunder, men det er eit unders fint ord. Underleg nok har det ikkje vore drøft i denne spalta før. Preposisjonen under vart underleggjord her i 2017, men no dreiar det seg om inkjekjønnsordet under (‘uskjønleg, merkeleg hending; undring’).

KristinFridtun

Ut og søkja tenest

«Når alle var rike, ville ingen ta tenest», seier ordtaket. Me er slett ikkje komne i den stoda. Det er framleis mange her i verda som tener lite eller inkje, medan nokre får meir enn dei fortener og treng. Men dersom me skriv om ordtaket litt, får me ei råkande skildring av stoda i Noreg i dag: «Når landet var rikt, ville ingen ha dritjobbane.»

KristinFridtun

Luta lei

Å vera lei seg er noko anna enn å vera lei noko. Men det er ein samanheng her, for dersom ein jamt må gjera noko ein er lei av å gjera, kan ein verta lei seg. Merk elles at me kan nytta lei i tydinga ‘trist, sorgfull’ utan å ha med pronomenet seg, jamfør Prøysen-visa om guten som «gikk og gret og var så lei». Her er det ikkje tale om å vera lei i tydinga ‘brysam, fæl’ («ikkje ver so lei», «vera lei til å ljuga») eller ‘trøytt (av noko)’ («no er eg lei»). Guten er nedfor, motlaus, sturen – stutt sagt: lei. Ja, dette lei-ordet er sanneleg ei lei sak.

KristinFridtun

Stela showet

«Du skal ikkje stela», lyder det sjuande bodordet. Dersom alt og alle fylgde det bodet, var det ingen stuld i verda. Men so vel er det ikkje. Vindaugo kan stela mykje varme om vinteren, og TV-sjåing kan stela tid.

KristinFridtun

Sova i timen

Å koma for seint til timen er daglegdags for nokre og utenkjeleg for andre. Dei sistnemnde trivst best når dei ligg eit godt stykke framfor timeplanen, og dei skjønar seg ikkje på folk som jamt kjem halsande i ellevte eller tolvte time. Skal tru om ein vert god til å koma på timen om ein har timeglasfigur? Det finst nok folk i den gruppa òg som skulle ha teke privattimar i timing.

KristinFridtun

Ei giftig tunge

Misunning er ei snikande gift, vert det sagt, og det kan vera freistande å senda giftige augnekast til den ein er misunneleg på. Giftige kommentarar kan òg forgifta stemninga. Slik forgifting er utriveleg og kan merkja folk for livet, men livsfarleg er det som regel ikkje. Om du derimot gjev folk giftdrykk eller skyt på dei med giftfengde piler, og vert gripen, kjem du til å få ei hard straff. Det kan du ta gift på!

KristinFridtun

Innbyte mot bytelapp

«Den som byter, skal ta siste luten», seier ordtaket. Ja, når me er den som byter noko (deler det opp eller ut), skal me lata dei andre velja fyrst og ta det som vert att. Det å dela urettvist eller beint fram snyta nokon vert stundom kalla å forfordela. Men nokre tolkar ordet motsett: Dei nyttar forfordela i tydinga ‘gjeva nokon for mykje’. Slik sett er misbyta eit tryggare ord («båe partane kjende seg misbytte»). Førefestet mis har ein tydeleg negativ svip, medan for kan tyda so mangt.

KristinFridtun

Att å bak

Utan att hadde ikkje nynorsken vore attkjennande. Er den utsegna kvesst so hardt at folk ikkje kan stilla seg attom henne? Nei, her er ingen grunn til å ta atterhald. Att går att i skrifta og talen til mange av oss: Det er ein høgst levande attergangar. Her skal det i alle fall verta so mykje att og atter att at stykket plent verkar attgrodd. Til dei som ikkje orkar slik oppattaking, er det berre å seia: Ser dykk att neste veke.