Standhaftig husstand
Stand held stand som berre det. Men endå stand står støtt, kan me ikkje seia at tilværet til stand er prega av stillstand. Tvert imot: Stand reiser standsmessig gjennom målet vårt og steller i stand litt av kvart. Kor mange sivilstandar har me, til dømes? Og er adelsstanden i stand til å stå på stand?
Det sistnemnde ordet vert ofte uttala stænd, som på engelsk, medan me elles seier stann, stand og liknande. Bøyinga ymsar òg. I nokre tilfelle kan stand få formene stender og stendene i fleirtal («dei fire stendene»). Andre gonger bøyer me det som eit vanleg hankjønnsord. Me talar om lovlause tilstandar og store avstandar, ikkje lovlause tilstender og store avstender. Tyder det at stand ikkje er eitt ord, men mange?
Her finst det ulike standpunkt. Strengt teke er alt same ordet, men vårt stand er likevel ei samansett sak, laga av vyrke som har kome rekande frå ulike kantar. Mange ordbøker skil mellom stand i tydinga ‘det å stå; skipnad; livsvilkår, stilling osb.’ (påverka av tysk, normert som regelrett hankjønnsord), stand i tydinga ‘utstillings- og informasjonsplass’ (frå engelsk, hankjønnsord) og stand i tydinga ‘samfunnsgruppe, yrkesgruppe’ (frå tysk, hankjønn el. inkjekjønn, fleirtal stender – stendene el. stand – standa).
Stand er eit ord av høg stand, for det heng i hop med det sterke og standhaftige verbet stå (el. standa). Orda og vendingane med stand plar visa til det å stå, anten i bokstavleg eller biletleg meining. Nokre hundar vert ståande («får, har el. tek stand») når dei vêrar vilt. Når vatnet står høgt, kan me tala om høg vasstand. Motstand er å (freista å) stå imot, og avstand har grunntydinga ‘det å stå langt unna (noko)’. Tilstand er noko anna enn tilståing, men før i verda kunne tilstå tyda ‘te seg, vera’, og det er den tydinga som ligg til grunn for tilstand.
Nokre stader nyttar folk eigeforma stands i tydinga ‘grepa, framifrå’, jamfør «eit stands hus» og «eit stands kvinnfolk». Eit slikt kvinnfolk har nok mange friarar, men so er spørsmålet: Vil ho gifta seg under sin stand? Ektestanden er ikkje berre velstand, har mange røynt, men for nokre er det likevel betre enn å leva i ugift stand. Andre held frøkenstanden eller ungkarsstanden for å vera idealtilstanden. Den ugifte er i alle fall ikkje i ustand!
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.