JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Sova i timen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2357
20220513
2357
20220513

Å koma for seint til timen er daglegdags for nokre og utenkjeleg for andre. Dei sistnemnde trivst best når dei ligg eit godt stykke framfor timeplanen, og dei skjønar seg ikkje på folk som jamt kjem halsande i ellevte eller tolvte time. Skal tru om ein vert god til å koma på timen om ein har timeglasfigur? Det finst nok folk i den gruppa òg som skulle ha teke privattimar i timing.

I dag har time hovudtydinga ‘tidseining lik 1/24 av eit døger, 60 minutt’. Før var det helst stund som vart nytta i den tydinga, og slik er det framleis i nokre mål (jf. t.d. islandsk klukkustund ‘(klokke)time’ og tysk Stunde ‘time’). Norrønt tími vart gjerne nytta i tydingane ‘tid’, ‘tidsrom’ og ‘gong’ (t.d. í annan tíma ‘ein annan gong’). Desse tydingane er framleis med oss. Seiemåten «timen er komen» svarar til «tida er inne», og ordet lagnadstime kan ofte bytast ut med lagnadsstund.

Time er nærskyldt tid. Det er mogleg at tid kjem av ei rot som tyder ‘lysa’, og at ordet har endra tyding frå ‘lysing’ til ‘ljos tidbolk’ til ‘dag’ og meir ålment ‘tid’. Kor mange dugnadstimar som er lagde ned i arbeidet med denne tydingsendringa, er uvisst.

Ein timeout (frå eng.) er ikkje timelang. Sant å seia er det mykje som vert kalla time, som er stuttare enn ein time. Likevel kallar me ikkje desse timane «dei små timar», for det er noko anna. Ein skuletime plar vara 45 minutt (t.d. mattetime, historietime, dobbeltime). Ein lækjartime kan vera over på få minutt, medan andre timar, til dømes ein frisørtime eller køyretime, fint kan gå over ein time. Mange vendingar med time har likevel klokketimen som grunnlag, som «ein times tid», «halvannan time», «ein halvtime», «ein liten time» og «kilometer i timen».

Folk skal ha løn for arbeidstimane sine. Då kjem omgrep som timeliste, timepris, timebasis og overtidstime godt med. Det sure er at fruktene av arbeidet vårt kan kverva snøgt: «Ein time kan øyda meir enn eit år har avla.» Jamført med eit år er ein time stutt. Likevel grip me gjerne til time når me vil målbera at noko har vart etter måten lenge («dei leita i timevis», «etter tre samfulle timar», «stå der time etter time»). Me kunne ha runda av med eit ordskifte om skilnaden mellom åndeleg og timeleg (‘verdsleg’) lukke, men no er visst siste time komen.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis