JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Stela showet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2364
20220520
2364
20220520

«Du skal ikkje stela», lyder det sjuande bodordet. Dersom alt og alle fylgde det bodet, var det ingen stuld i verda. Men so vel er det ikkje. Vindaugo kan stela mykje varme om vinteren, og TV-sjåing kan stela tid.

Nokre sender stolne augnekast, og stundom kan det verka som at den me er forelska i, har stole hjarta og hugen vår. Slik biletleg steling er utbreidd, men ikkje like alvorleg som steling i trong tyding. Fylgjeleg skal det ikkje få stela merksemda her.

Det er gamalt å nytta stela (norr. stela) om det å ta noko uløyves som høyrer andre til, men granskarane meiner at det har funnest eit anna og eldre germansk verb med denne tydinga, som er vorte borttrengt av stela (og da. stjæle, sv. stjäla, eng. steal, ty. stehlen osb.). Det borttrengde ordet kjenner me berre frå gotisk, der det har forma hlifan. Det skal koma av same rota som gresk kleptein (‘stela’), som me finn att i ord som kleptoman og kleptokrati.

Av stela kjem substantivet stuld (norr. stuldr). Det er ikkje so ofte me støyter på dette ordet i norsk. Både her og i dansk har tjuveri (el. tyveri) stole showet: Me talar jamnast om lommetjuveri, ikkje lommestuld. I svensk, derimot, er stöld vanlegare enn tjuveri, og det yr og kryr av samansetjingar med stöld, som bilstöld, fickstöld, konststöld og organstöld. Islandsk og færøysk stuldur held òg koken. I båe måla finn me det gilde ordet ritstuldur (‘litterær stuld, plagiat’).

Å småstela kan verka harmlaust, men ordtaket åtvarar oss: «Den som stel det småe, vil stela det store.» Tja, det er vel mange som har stole sylvskeier og smågodt, som aldri ville ha stole ein bil eller båt? I alle fall er det skilnad på tjuvar. Nokre er målretta og presise: Du kan verta fråstolen mobilen og ingenting anna. Andre tjuvar ribbar deg. Når me talar om slik steling, plar me skøyta på eit førefeste, jamfør rundstela, skamstela, snaustela og liknande.

Å låna noko utan å spørja om lov er ikkje det same som å stela som ein ramn, men det har noko tjuvsamt over seg. Verba tjuvlåna og lånstela er soleis midt i blinken. Etter folketrua kan ymse vette maktstela (forgjera) og mjølkestela (suga mjølk or) kyr og andre dyr. Det hadde vore moro å få ein kommentar frå desse overnaturlege stelarane, men dei greier støtt å stela seg ut bakvegen.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis