JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Den 24. februar 2022 gjekk Russland til angrep mot Ukraina. Dette var ei eskalering av konflikten som tok til i 2013-2014, då separatistar tok kontroll over Luhansk og Donetsk fylke og Krymhalvøya vart annektert av Russland. Ukraina har fått våpenhjelp av Nato-land, inkludert Noreg. DAG OG TID følger krigen nøye, og skribentane våre bidreg med reportasjar, kommentarar og analysar. Cecilie Hellestveit, ekspert i folkerett, og Halvor Tjønn, journalist, forfattar og fast skribent i DAG OG TID, bidrar med politiske analysar. Den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov har skrive om situasjonen i Ukraina under krigen.

Sjakk har blitt ein populær sport i Noreg på grunn av suksessen til Magnus Carlsen. DAG OG TID skriv om viktige turneringar som Carlsen deltek i, og små forteljingar frå sjakkverda. I DAG OG TID skriv Atle Grønn ei fast sjakkspalte som heiter «Frå sjakkverda», verdas einaste sjakkspalte utan sjakktrekk. I spalta skriv han om sjakk frå ulike innfallsvinklar. Les Atle Grønns spalte nedanfor, og andre artiklar og nyhende frå sjakkverda.

Klima og miljø er høgt prioritert på den politiske dagsordenen. Klimaendringar, naturkatastrofer og konfliktar heng tett saman. Regjeringa er forplikta til å følgje EUs klimamål og redusere norske utslepp med 55 prosent innan 2030.
DAG OG TID følgjer klimaproblematikken både nasjonalt og internasjonalt. Journalistane og skribentane i DAG OG TID skriv om klima med ulike innfallsvinklar. Per Anders Todal er oppteken av miljø, natur og klima, og korleis problemstillingar knytte til desse temaa verkar inn på kvarandre og samfunnet i heilskap. Jon Hustad skriv om klimaspørsmål frå eit politisk og økonomisk ståstad, til dømes korleis klima verkar inn på energi og straum. Les artiklar om klima og miljø nedanfor.

I Dag og Tid skriv fleire av skribentane våre om mat og matproduksjon. Dei har alle ulike tilnærmingar til temaet. Dagfinn Nordbø skriv spalta «Matmonsen», ei humorisktisk spalte om eigne matopplevingar. I spalta hans kan du også få gode middagstips. «Innsida» er ei anna spalte der ulike skribentar bidreg kvar veke. Ein av dei, Arne Hjeltnes, reiser rundt og besøker norske matprodusentar og set av fast plass i spalta si til norske matskattar. Siri Helle skriv om matproduksjon og matpolitikk i spalta «Frå matfatet». Helle er utdanna agronom og skriv også om ulike matvarer, plukkar frå kvarandre ingrediensane og samanliknar produkt. Les artiklane nedanfor.

DAG OG TID skriv om Russland og tilhøvet mellom Noreg og Putin-regimet. Journalistane og skribentane våre skriv om russisk utanrikspolitikk, russisk språk og kultur. Eit viktig tema knytt til Russland er krigen i Ukraina. I avisa vår kan du lese kommentarar og artiklar om krigføringa og retorikken knytt til han. Mellom anna trykker DAG OG TID russiske nyhende, slik at lesarane våre får kjennskap til kva informasjon russarane har tilgang til. Den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov har tidlegare rapportert direkte frå Ukraina. Halvor Tjønn følgjer utviklinga mellom Russland og Europa, Cecilie Hellestveit, ekspert i folkerett, kommenterer globale konfliktar der Russland er involvert. Fleire av podkastepisodane våre har også handla om Russland. Omsettar Marit Bjerkeng fortel om russisk språk og kultur, journalist i Nordlys og leiar i Barents Press, Amund Trellevik, er intervjua om uavhengig journalistikk i Russland, og Halvor Tjønn har ved fleire høve vore gjest. Alle episodane finn du her.

På grunn av den globale energikrisa har straumen blitt dyrare. Folk flest merkar at straumrekningane auker med tusenvis av kroner. Samstundes aukar prisane på matvarer og transport. DAG OG TID skriv med jamne mellomrom om situasjonen og tiltaka frå regjeringa og næringslivet. Mellom anna skriv DAG OG TID-journalisten Jon Hustad om utfordringane og bakgrunnen for straumkrisa og kva konsekvensar dei auka straumprisane har på samfunnet. Han har også sett på energibehovet i framtida og skrive artiklar om den grøne vendinga. Straumkrisa har vore tema i DAG OG TID-podkasten. Lytt til episoden «Energiåret 2022 med Jon Hustad» her. Artiklar om straum, energi og kraft kan du lese nedanfor.

DAG OG TID skriv om ulike sider ved Ukraina og tilhøvet til Nato og Europa. Størst tyngd har krigen fått. Krigen i Ukraina tok til 24. februar 2022, og journalistane og skribentane våre følgjer situasjonen tett. Cecilie Hellestveit er ekspert i folkerett og bidreg med analysar og kommentarar. Halvor Tjønn skriv om korleis det ukrainske tilhøvet til Russland, Europa og EU endrar seg. Han set også den noverande situasjonen i eit historisk perspektiv. Den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov skreiv fleire reportasjar frå Ukraina det første året av krigen. Redaktøren i DAG OG TID, Svein Gjerdåker har besøkt Ukraina etter krigsutbrotet og har skrive frå reisene. I DAG OG TID-podkasten kan du også lytte til tema om Ukraina. Høyr mellom anna intervjuet med forfattar Andrej Kurkov eller lær meir om bakgrunnen for krigen i episoden «Kvifor gjekk Putin til krig mot Ukraina?» Les artiklar om Ukraina nedanfor.

Økonomi har innverknad på alle lag og funksjonar i samfunnet. DAG OG TID publiserer nyhende om finansmarknaden og konsekvensane av økonomiske svingingar. Vi analyserer statsbudsjettet og finanspolitiske tiltak frå regjeringa, men ser også på endringar i næringslivet og på børsen i eit internasjonalt perspektiv. Journalist i DAG OG TID Jon Hustad skriv om økonomisk politikk. Mellom anna ser han på rentepolitikk, grunnrente og statsbudsjettet.
Les artiklar og kommentarar om norsk og internasjonal økonomi nedanfor.

1 2 3 4 ... 15 »

Uhøvelege høvesdikt

Er høve eit tidhøveleg ord? Tidhøveleg vert gjerne nytta om noko som er på høgd med samtida, eller som høver med smaken eller moten i tida. Me kan trygt slå fast at ord som moderne, trendy og in i mange krinsar er meir tidhøvelege enn tidhøveleg, men spørsmålet galdt høve, og det ordet har tolleg gode livs- og arbeidstilhøve. Mange har skjøna at høve høver til so mangt.

KristinFridtun

Meir enn engelsk

Mange stader rundt om i verda er foreldre opptekne av at ungane deira skal læra seg engelsk, som dei ser på som innfallsporten til høgre studium og godt betalt arbeid.

Ordskifte

Mange om matfatet

«Mett mage må vel rosa fasta», seier eit ordtak. Ja, mange har i alle fall røynt at magen vert mett før augo. Brått sit ein der stappmett og orkar ikkje tanken på ein matbit til. Den som ikkje har høve til å eta seg mett, kan nok ha hug til å laga hakkemat av folk som rosar fasta når dei nett har fått seg eit godt matmål. For visst er det urettvist at nokre svelt, medan andre hiv matrestar eller tillèt seg å vera vanskelege i matvegen.

KristinFridtun

Den store skjelven

Blada skjelv i vinden, og nokre av dei er meir skjelvne enn andre. Det er ikkje for inkje me seier at nokon skjelv som eit ospelauv. Me kan skjelva på hendene, i røysta, i knea eller rett og slett i buksene. Verst er det når sjølve grunnen under oss skjelv. Til alt hell er ikkje alle område på jorda jordskjelvområde. Mange stader vert folk fyrst og fremst råka av politiske jordskjelv.

KristinFridtun

Modøl og midlandsmål

Når folk skriv bokmål eller nynorsk med innslag av dialekt, brukar dei som regel drag frå den dialekta dei talar sjølve. Olav Nygard (1884–1924) gjorde noko anna: Dei dialektdraga han nytta i skrift, henta han frå heilt andre dialekter enn si eiga.

Kristin Fridtun

Berg og bægjegrindar

Folk som misser interessa for ei tekst når dei støyter på ord dei ikkje skjønar, gjer lurt i å styra unna Olav Nygard. Han utvida ordtilfanget sitt jamt, fyrst og fremst gjennom å lesa og granska ordbøker. Ei av hovudkjeldene hans var Norsk Ordbok (1914) av Steinar Schjøtt. Når han fann eit ord som hadde nett den tydinga eller klangen han var ute etter, nytta han det, jamvel om ordet var lite kjent elles.

Kristin Fridtun

Kjærleik og hor

Kjære vene, kva er tanken bak tittelen denne veka? Å fanga merksemda til lesaren? Ja, men aller mest har det med etymologi å gjera. Kjær og hor er runne av same rota. Me har lett for å tenkja på kjærleik som noko høgt og vent og hor som noko lågt og stygt, men dei to sakene er radt ikkje so ulike likevel.

Kristin Fridtun

Grina på nasen

Folk som er vanskelege i matvegen, har fått mang ein vert til å grina. Sidan dei matvande grin åt mest alt som vert sett fram åt dei, har dei vore kalla matgrinarar. Det er lett å stilla seg attom ordtaket: «Den som grin åt graut, han er ikkje svolten.»

Kristin Fridtun

Fælt so fælen

Me treng ikkje fæla for at fæl skal gå or bruk med det fyrste. Ordet vert nytta fælt ofte, men det tyder ikkje at verda er full av fælske. Mykje av det som vert kalla fælt, er i røynda gildt og godt. Den som er ein fæling på ski, er ein dugande skilaupar. I verket Gamalt or Sætesdal vert ordlaget «so fælt eit brudlaup» nytta ei handfull gonger. Då var festen storfelt og flott.

Kristin Fridtun

Til kjeldene

Kjeldesortering er helst noko som har med avfall å gjera, men det å skilja mellom ulike slag kjelder kan òg kallast kjeldesortering. Me har inntektskjelder og ljoskjelder, og me veit at drikkevasskjelder og ureiningskjelder ikkje høyrer i hop. Gamle visdomskjelder kan tena som inspirasjonskjelde, medan smittekjelder truleg er meir til heft og skade enn til inspirasjon.