Mange om beinet
Mat, pengar og mangt anna me sopar i hop, har det med å verta borte att: «Det minkar på mengda når det dreg i lengda.» Men den mangslungne ordmengda vår ser ut til å halda seg godt. Ja, nokre ord går ut or bruk, men jamt og samt kjem nye til. Me har rett mange å velja mellom! Den som kan både nynorsk og bokmål og andre mål attpå, er mestsom mangemillionær i språkvegen.
For mange år sidan kom forma mangr susande og skubba norrønt margr (‘talrik, mykjen’) ned frå trona. Men heilt borte vart margr ikkje. Aasen fann leivningar av forma då han granska målføra. I Telemark kunne folk finna på å seia margment (jf. mangment, og i Hardanger høyrde han forma marfreisten (jf. mangfreisten ‘som freistar mykje, tiltaksam’). Islandsk held på margur, og færøysk har både mangur og margur (t.d. mangt og margt ‘likt og ulikt’). Elles er former med n det vanlege, jamfør dansk mangen (av mang en), svensk mången, engelsk many og tysk manch(er).
Mang og avleiinga mengd kjem av ei rot me ikkje veit so mykje om, anna enn at orda som er runne av henne, plar tyda ‘samling av noko’, ‘tal’, ‘storleik’ og liknande. Vårt mang er ikkje beint fram mangtydig, men det har eit drag som me radt ikkje tenkjer over: Når me nyttar det i eintal saman med eit substantiv, lyt me ha med den ubundne artikkelen: mang ein gong, mang ei jente, mangt eit godt ord. Inkjekjønnsforma mangt kan òg stå åleine: «Me hadde mangt å tala om.»
I mangtal (eit godt ord for ‘fleirtal’) er det mange som gjeld, anten ordet står i lag med eit substantiv eller ikkje: «Dei vart mange til bords.» «Eg såg mange andre der.» «Mange bekker små gjer ei stor å.» Mange av oss nyttar dessutan mange i tydinga ‘mykje’: «Hen har mange pengar.» «Mange takk!» «Klokka er mange.»
Det er ei overdriving å seia at me har ei ovmengd eller umengd med samansette mang-ord, og at det finst mangslags måtar å setja dei i hop på. Einaste valfridomen er at me stundom kan velja om me vil skriva mang- eller mange-, til dømes mangdobla eller mangedobla, mangsidig eller mangesidig. Elles er det mangt og mykje å seia om ordet mangfald. Det er vorte eit slikt fint ord som mangmåluge (‘pratsame’) maktpersonar gjerne grip til når dei talar for små og store folkemengder. Men det er på mange måtar eit gildt ord lell.
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.