Ord om språk
For mi rekning
Eg har ikkje finrekna på det, men eg reknar med at eg er på trygg grunn når eg seier at rekna er mellom dei orda me oftast grip til når me talar om tal. Kan henda sit det reknemeistrar der ute som har hug til å rekna ut kor vanleg rekna er i høve til ord som telja og kalkulera. Dei bør rekna seg god tid, for dei lyt samla tilfang før dei kan finna fram reknemaskina. Er det rekningssvarande å rekna på slikt?
Granskarane reknar det som svært sannsynleg at rekna heng i hop med adjektiv som rak og rett. Det ser ikkje ut til at granskarane har misrekna eller forrekna seg her. Orda som høyrer til denne ætta, plar tyda ‘ordna i bein line’, ‘gjera strak’, ‘skipa’, ‘styra’ og dilikt. Rekning er visseleg ei form for ordning. Det å skipa og dela inn tida på ein viss måte kallar me tidsrekning, til dømes. Me skal elles ikkje rekna opp alle formene av rekna her. Det får halda med engelsk reckon og tysk rechnen.
Gjennom å rekna kan me få oversyn over ei sak eller stode. Ikkje uventa vert rekneskap ofte nytta biletleg om oversyn, utgreiingar og ansvar, jamfør «halda rekneskap med» (‘ha oversyn over’), «krevja rekneskap av» (‘krevja utgreiing av’) og «stå til rekneskap for» (‘stå til ansvar for’). Mange har vyrdnad for innfløkte utrekningar og tal i det heile, men stundom går det for langt: «Rekninga kan aldri ljuga, sa guten; han hadde rekna ut at han var eldre enn far sin.»
Addisjon, subtraksjon, multiplikasjon og divisjon vert ofte omtala som dei fire reknemåtane eller rekneartene. I tillegg kjem ei rad andre former for rekning, som prosentrekning, brøkrekning, sannsynsrekning og ikkje minst hovudrekning. Ein kan nok verta rekna som glup jamvel om ein ikkje får alle reknestykka til å gå opp.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.