JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Etter eige val

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2362
20220715
2362
20220715

Målkunnige folk råder oss gjerne til å velja seiemåten «gjera val» framfor «ta val». Fyrstnemnde er eldst og for mange det tryggaste valet. Skal du seia nokre velvalde ord, gjer du klokt i å velja gjera. Seiemåten med ta har like fullt slege rot, og om nokre generasjonar har «ta val» radt danka ut «gjera val». Då har ikkje folk noko val!

Ikkje uventa er val (norr. val) og velja (norr. velja) i ætt med vilje og vilja. Som ordtaket seier: «Den som får velja, tek det han vil.» Stundom vel me bort noko me gjerne vil ha, fordi me ser at nokon andre treng det meir. Det kan vera eit godt val. Eit anna ord, som ikkje er i ætt med velja, men som har ei liknande tyding, er kjosa (‘velja ut, halda for betre’, norr. kjósa, eng. choose). I dag er kjosa tolleg sjeldsynt i norsk, men nokre av slektningane møter me jamleg, til dømes kår, kåra og valkyrje (av valr ‘mannefall, dei falne; slagmark’ og kjósa ‘velja’).

Det er fint å kunna velja og vraka, og valfridom er helst rekna som eit gode. Men kva om eit vanskeleg val fell på oss, og me tvikar og er redde for å velja gale? Kvalane med valet (fritt etter bm. «valgets kval») vert endå verre om me høyrer ordtak som «d’er leitt å ha valet og ta skalet».

Kvalane kan melda seg når me sit og skal velja ut varer (jf. vareutval) eller tekster (t.d. «dikt i utval»). Somme slit med partnarval og metodeval. Di meir me har å velja mellom, di verre er det. Kva med å setja ned eit utval som kan ta seg av utveljinga? Eller lata det naturlege utvalet råda?

Me nyttar ofte val og velja om det å peika ut og gjeva oppdrag gjennom røysting. Me har seiemåtar som «velja nytt styre», «stilla til attval» og «vera på val» og ord som nyvald, folkevald og tillitsvald. Valforsking kunne godt ha vore valfag. Emnet er stort og innfløkt, og anten valdeltakinga er høg eller låg, aular det av biletlege seiemåtar.

Valvinden blæs, og valapparatet er i full sving. Veljarane sit på gjerdet, om dei då ikkje er sofaveljarar. Politikarane kastar ut valflesk og valagn og vonar at stemmekveget bit på. Stundom endar det med veljarflukt. Valskreda går. Sidan politiske val i stor mon vert oppfatta som tevling og strid (t.d. valkamp), talar me om valvinnarar og valtaparar. Skal tru om det er best å velja med hovudet eller hjarta?

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis