Ord om språk

Ikkje fred å få

Publisert

Me plar ikkje freda ord slik me fredar dyr og bygningar. Om me hadde gjort det, hadde ikkje fred vore mellom dei som trong vern. Fred er ein spreking som fyk hit og dit både i fredsår og i ufredsår. Ein skulle tru at fred fór stilt og fredeleg fram, men nei, det er so vidt me rekk å ropa «far i fred!» til ordet der det smett og sprett mellom fredsprisar, fredsgranskarar, fredsduer, fredstryggjande styrkar og kveikte fredspiper.

I ordboka finn me ordet fredselsk, med uttydinga ‘sterkt ynske om fred’. Det er eit fint ord, men strengt teke er det smør på flesk. Fred kjem av ei germansk rot som tyder nettopp ‘elska, vera glad i’. Norrønt fridr (med stungen d) vart nytta i tydingane ‘rettstrygd; kjærleik, venskap’. Dei to sistnemnde tydingane skal vera dei eldste. Fred er i ætt med ord som frelse, frende, fri (‘laus, ubunden mfl.’), fri (‘gjera fri’), fri (‘be nokon om å gifta seg med ein; smeikja’), frille og adjektivet fremst i etternamnet til underteikna: frid (‘fager, herleg’).

Fred er grovt sagt ein tilstand utan strid eller uro. Ofte talar me om fred som noko me ikkje har, men gjerne vil ha. Eller sagt på ein annan måte: Orda krig og fred fylgjest åt. Til alt hell er ikkje skort på fred det same som krig. Folk som ikkje har fred på seg, er kvilelause, ikkje krigslystne. Og når me seier at «det kviler fred over grenda», peikar me på noko meir enn fråvære av krig: Me målber at her er ei opphøgd eller fullkomen ro, ei mild stemning (jf. helgedagsfred, jolefred).

Me kan lysa fred over nokon (og minnet deira), men det å lysa nokon fredlaus er det slutt på. Å flakka fredlaust ikring er framleis mogleg. Nokre av flakkarane finn nok etter kvart sjelefred eller får Guds fred og går fredfullt bort. Andre lever i fred og semje i eit freda hus. Ein får nok ikkje eta i fred støtt i slike hus heller, og innimellom kan det vel koma eit skarpt «hald fred!» frå nokon i huslyden. Det treng ikkje tyda at husfreden er alvorleg truga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement