JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Den 24. februar 2022 gjekk Russland til angrep mot Ukraina. Dette var ei eskalering av konflikten som tok til i 2013-2014, då separatistar tok kontroll over Luhansk og Donetsk fylke og Krymhalvøya vart annektert av Russland. Ukraina har fått våpenhjelp av Nato-land, inkludert Noreg. DAG OG TID følger krigen nøye, og skribentane våre bidreg med reportasjar, kommentarar og analysar. Cecilie Hellestveit, ekspert i folkerett, og Halvor Tjønn, journalist, forfattar og fast skribent i DAG OG TID, bidrar med politiske analysar. Den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov har skrive om situasjonen i Ukraina under krigen.

Sjakk har blitt ein populær sport i Noreg på grunn av suksessen til Magnus Carlsen. DAG OG TID skriv om viktige turneringar som Carlsen deltek i, og små forteljingar frå sjakkverda. I DAG OG TID skriv Atle Grønn ei fast sjakkspalte som heiter «Frå sjakkverda», verdas einaste sjakkspalte utan sjakktrekk. I spalta skriv han om sjakk frå ulike innfallsvinklar. Les Atle Grønns spalte nedanfor, og andre artiklar og nyhende frå sjakkverda.

Klima og miljø er høgt prioritert på den politiske dagsordenen. Klimaendringar, naturkatastrofer og konfliktar heng tett saman. Regjeringa er forplikta til å følgje EUs klimamål og redusere norske utslepp med 55 prosent innan 2030.
DAG OG TID følgjer klimaproblematikken både nasjonalt og internasjonalt. Journalistane og skribentane i DAG OG TID skriv om klima med ulike innfallsvinklar. Per Anders Todal er oppteken av miljø, natur og klima, og korleis problemstillingar knytte til desse temaa verkar inn på kvarandre og samfunnet i heilskap. Jon Hustad skriv om klimaspørsmål frå eit politisk og økonomisk ståstad, til dømes korleis klima verkar inn på energi og straum. Les artiklar om klima og miljø nedanfor.

I Dag og Tid skriv fleire av skribentane våre om mat og matproduksjon. Dei har alle ulike tilnærmingar til temaet. Dagfinn Nordbø skriv spalta «Matmonsen», ei humorisktisk spalte om eigne matopplevingar. I spalta hans kan du også få gode middagstips. «Innsida» er ei anna spalte der ulike skribentar bidreg kvar veke. Ein av dei, Arne Hjeltnes, reiser rundt og besøker norske matprodusentar og set av fast plass i spalta si til norske matskattar. Siri Helle skriv om matproduksjon og matpolitikk i spalta «Frå matfatet». Helle er utdanna agronom og skriv også om ulike matvarer, plukkar frå kvarandre ingrediensane og samanliknar produkt. Les artiklane nedanfor.

DAG OG TID skriv om Russland og tilhøvet mellom Noreg og Putin-regimet. Journalistane og skribentane våre skriv om russisk utanrikspolitikk, russisk språk og kultur. Eit viktig tema knytt til Russland er krigen i Ukraina. I avisa vår kan du lese kommentarar og artiklar om krigføringa og retorikken knytt til han. Mellom anna trykker DAG OG TID russiske nyhende, slik at lesarane våre får kjennskap til kva informasjon russarane har tilgang til. Den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov har tidlegare rapportert direkte frå Ukraina. Halvor Tjønn følgjer utviklinga mellom Russland og Europa, Cecilie Hellestveit, ekspert i folkerett, kommenterer globale konfliktar der Russland er involvert. Fleire av podkastepisodane våre har også handla om Russland. Omsettar Marit Bjerkeng fortel om russisk språk og kultur, journalist i Nordlys og leiar i Barents Press, Amund Trellevik, er intervjua om uavhengig journalistikk i Russland, og Halvor Tjønn har ved fleire høve vore gjest. Alle episodane finn du her.

På grunn av den globale energikrisa har straumen blitt dyrare. Folk flest merkar at straumrekningane auker med tusenvis av kroner. Samstundes aukar prisane på matvarer og transport. DAG OG TID skriv med jamne mellomrom om situasjonen og tiltaka frå regjeringa og næringslivet. Mellom anna skriv DAG OG TID-journalisten Jon Hustad om utfordringane og bakgrunnen for straumkrisa og kva konsekvensar dei auka straumprisane har på samfunnet. Han har også sett på energibehovet i framtida og skrive artiklar om den grøne vendinga. Straumkrisa har vore tema i DAG OG TID-podkasten. Lytt til episoden «Energiåret 2022 med Jon Hustad» her. Artiklar om straum, energi og kraft kan du lese nedanfor.

DAG OG TID skriv om ulike sider ved Ukraina og tilhøvet til Nato og Europa. Størst tyngd har krigen fått. Krigen i Ukraina tok til 24. februar 2022, og journalistane og skribentane våre følgjer situasjonen tett. Cecilie Hellestveit er ekspert i folkerett og bidreg med analysar og kommentarar. Halvor Tjønn skriv om korleis det ukrainske tilhøvet til Russland, Europa og EU endrar seg. Han set også den noverande situasjonen i eit historisk perspektiv. Den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov skreiv fleire reportasjar frå Ukraina det første året av krigen. Redaktøren i DAG OG TID, Svein Gjerdåker har besøkt Ukraina etter krigsutbrotet og har skrive frå reisene. I DAG OG TID-podkasten kan du også lytte til tema om Ukraina. Høyr mellom anna intervjuet med forfattar Andrej Kurkov eller lær meir om bakgrunnen for krigen i episoden «Kvifor gjekk Putin til krig mot Ukraina?» Les artiklar om Ukraina nedanfor.

Økonomi har innverknad på alle lag og funksjonar i samfunnet. DAG OG TID publiserer nyhende om finansmarknaden og konsekvensane av økonomiske svingingar. Vi analyserer statsbudsjettet og finanspolitiske tiltak frå regjeringa, men ser også på endringar i næringslivet og på børsen i eit internasjonalt perspektiv. Journalist i DAG OG TID Jon Hustad skriv om økonomisk politikk. Mellom anna ser han på rentepolitikk, grunnrente og statsbudsjettet.
Les artiklar og kommentarar om norsk og internasjonal økonomi nedanfor.

« 1 2 3 4 5 6 7 ... 20 »
Carline Tromp er redaksjonssekretær for debattredaksjonen i Klassekampen.

Foto: Siv Dolmen

Tiåret då det ekstreme blei normalt

Carline Tromp mangla eit større overblikk over utviklinga på den ekstreme høgresida, politisk og kulturelt. Difor skreiv ho like godt bok om det. 

Jan H.Landro
Engasjementet til Liv Ullmann tek ikkje slutt.

Foto: Heiko Junge / NTB

Historie­forteljaren

Om tre veker, 15. januar, skal Liv Ullmann halde sitt livs viktigaste tale. Men ho har berre fem minutt på seg, og må finne dei rette orda.

Jan H.Landro
Katherine Hanson fekk Amboltprisen i år, ein pris som Venelaget Olav H. Hauge deler ut.

Foto: Privat

Eit liv med dikt

Amerikanske Katherine Hanson er ei føregangskvinne i forskinga på Olav H. Hauge og har i mange år formidla tekstuniverset hans til engelskspråklege lesarar.

DAG OGTID
– Eg ser på meg sjølv som ein komedieforfattar, ein farseforfattar. Som alle gløgge folk veit, er det berre ei syltynn hinne mellom tragedien og farsen, seier Arild Rein.

Foto: Asbjørn Jensen / Samlaget

– Me treng kunst som er kynisk menneskeleg

I tre monologar, lagde i munnen på gudinner frå gresk mytologi, serverer Arild Rein i si nye bok ein opera buffa om vårt moderne Olje-Noreg.

Jan H.Landro

Foto: Kåre Halse / Wikipedia

Dette diktet blei skrive for seksti år sidan og stod på trykk i boka Marimesse, debutboka til Astrid Krog Halse (1914–2007), utgjeven på Noregs Boklag i 1961.

CathrineStrøm
Linn Ullmann skriv for tida ein trilogi. Romanen som kom ut i haust, er band nummer to.

Foto: Kristin Svanæs-Soot

Livet som gløymsle

Med Jente, 1983 har Linn Ullmann levert den andre boka i det som skal bli ein romantrilogi om avgjerande år og opplevingar i eit ungjenteliv – bygd på eige liv.

Jan H.Landro
Amalie Krogh Sundbø som Sonja på Folketeateret.

Foto: Scenekvelder

Forførarisk vakkert – men tradisjonstru?

Det udøyelege barnestykket Reisen til julestjernen har vore noko omstridt sidan førre og førebels siste gongen Nationaltheatret henta det fram att. Den gongen vart den kristne julebodskapen (som faktisk aldri har vore dominerande) omhyggeleg nøytralisert vekk, rollebesetninga var samansett med omsyn til fargerikt fellesskap og til dels kjønnsnøytral – og både skurkane og kongen vart gjorde til klovnar i staden for autoritetar.

BentKvalvik
Med denne konsertframsyninga ønskjer Sigurd Sele å teikne eit portrett av sambygdingen frå Bømlo.

Eg og du, Kenneth

Vennskapeleg og personleg, men ikkje ukritisk om ein musikalsk tusenkunstnar som langt på veg skusla bort talentet sitt.

Jan H.Landro
På sofaen i Elkes stove i Hveragerdi ligg eit trekkspel, og 90-åringen er lett å be. Raskt tryllar ho fram lystige trekkspeltonar.

Foto: Harald Hognerud

Då tyske kvinner inntok Island

HVERAGERDI: Saman med over 300 andre tyske kvinner kom Elke til Island i 1949. Dei kom for å arbeida på gard – og finna seg ein islandsk bonde.

OttarFyllingsnes
Semetka må ta over når sjefen blir skoten i ei trefning i skogen.

Foto: Filmweb

Mektig mørke

Semetka (Szabó) er korporal i ein av mange ungarske troppar som er allierte med Tyskland. Dei er på tokt i Sovjetunionen og jaktar på partisanar den kalde vinteren 1943. Lokale karar som fraktar ein død elg på ein flåte, må gje frå seg kjøt, og snart er troppen i landsbyen deira. Kven som er på lag, er uklart. Folk osar av frykt. Semetka må ta over når sjefen blir skoten i ei trefning i skogen. Han er ikkje ein blodtørstig fyr, men det er få ljosglimt i horisonten.

HåkonTveit