I dirrande lerkeposisjon
Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?
Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.
Foto: Sveinung Lindaas
Kjær fugl har mange namn: På engelsk vert ho det handlar om, kalla himmellerke (skylark), på tysk åkerlerke (Feldlerche) og på norsk songlerke. Desse ulike nemningane, henta frå nærskylde språk, fangar godt breidda i tilværet til fuglen som «ringjer våren inn på ny».
For songlerka er bunden både til jorda og til lufta, og ho syng frå begge hald. Å syngje mykje medan ein flyg, er ikkje så vanleg hjå fuglar. Og denne dreg kunsten langt: Han syng til og med medan han flyg oppover – ei lita bragd, også for ein fuglekropp.
Alt i februar dukkar songlerker opp i dei sørlege delane av Noreg, men det dryger gjerne til april før dei blir sett nord for Trøndelag. I desse månadane, når snøen kan svinne heilt for så å leggje seg tjukt igjen, kan tidlegkomne fuglar røre seg fram og tilbake.
Arten som har fått det vitskaplege namnet Alauda arvensis, finst over store delar av den nordlege halvkula, frå Portugal i vest til Japan i aust. Dei fleste songlerkene som slår seg ned i Noreg om våren, trekkjer til Vest- og Sør-Europa om hausten.
Teikning: Naïd Mubalegh
Songlerka er litt større enn ein sporv, og kjønna er utvendig uskiljande. Overkroppen er spraglete, midten av fjørene er mørk og kantane ein stad mellom grå og lysebrun. Underkroppen er kremkvit, med tynne, mørke striper på halsen. Når ei songlerke står på bakken, kan ein så vidt sjå ein liten fjørtopp på hovudet. Den reiser ho opp når ho er opphissa eller var.
Og vil du få innsyn i kva ein fugl et, må du sjå på nebbet, som sjeldan lyg. Men nokre nebbfasongar er vanskelegare å tyde enn andre. Hjå songlerka er det korkje spinkelt (insektetar) eller tjukt (frøetar): Om sumaren vert det ein del virvellause dyr; om vinteren er kosten hovudsakleg vegetarisk.
Med sine jordfargar vert songlerka usynleg på bakken, der ho hekkar. Like fullt kan det vere lett å oppdage nærværet hennar. Fyrst høyrer du ein song der du går i kulturlandskapet. Han er hurtig, ubroten, ei slags melodisk surring. Ofte er det fleire fuglar som syng samstundes, og det er vanskeleg å finne ein melodi med klarleik, trass i at det ikkje rår tvil om at det du høyrer, er song.
I tillegg synest universet til songlerka å liggje eit stykke unna den menneskelege sanseverda. Medan eit menneske produserer om lag fem–seks stavingar per sekund i ein samtale (på norsk), ytrar ei syngjande songlerke opptil førti. Om du spelar av eit opptak med lågare fart, kjem du til å oppdage mange detaljar som det elles hadde vore umogleg å oppfatte. Dette gjeld mange songfuglar, men songlerka er ekstrem. Ikkje berre kan ho ytre og fange opp fleire titals lydar i sekundet, ho har også eit songrepertoar på fleire hundre ulike stavingar.
Og er det forresten slik at ho «jublar høgt i sky»? Ho brukar iallfall ein kombinasjon av flukt og synging for ovanfrå å teikne omrisset til eit område på bakken: reviret. Ho syng også frå kratt eller tre, og frå bakken.
Hannar ytrar meir enn hoer (men dei syng, dei òg). Det er hovudsakleg hannfuglane som framfører fluktsongen: Fyrst flyg dei oppover og syng i hurtig tempo, så held dei seg i ei høgd på nokre titals meter, dirrar med vengjene og held fram med å syngje, før dei liksom lèt seg falle nedover, stundom som eit blad, stundom som ein stein. Dei kan halde på i eit kvarter om gongen, av og til lenger.
Songlerker brukar også song for å kjenne kvarandre att. Individa på same hekkeplass har i snitt fleire frasar til felles i songane sine enn dei har med individ som har slått seg ned berre nokre kilometer unna. Dette minner om måten dialekt røper geografisk tilknyting på, og fenomenet har fått namnet «mikrodialekt».
«Songlerka har eit songrepertoar på fleire hundre ulike stavingar.»
Songlerkene kjem gjerne tilbake til hekkeplassane der dei har vore før. Etter at dei har kome fram om våren, vert par danna. Makane held saman gjennom hekkesesongen, og paret vert som regel fyrst oppløyst når det siste kullet er ute av reiret. Studiar i genetikk har vist at paringar førekjem på tvers av partilhøva, slik tilfellet er hjå ein del fugleartar.
Hekkande songlerker held seg langt frå skog som gjev ly for rovdyr. Sånn sett likar dei seg i kulturlandskapet. Men dødstala er høge blant ungfuglar, og paret får to til tre kull i løpet av éin sesong. Ungane er ikkje i stand til å gå ut av reiret, som ligg på bakken, før dei er ti–elleve dagar gamle. Dei vert fyrst sjølvstendige etter ein liten månad.
Då eg var barn, lærte vi ein song der eget vender seg til ei «snill songlerke» og forkynner for henne at ho skal ribbast: fyrst hovudet, så vengjene og så vidare. Denne barnesongen er ein del av kanonen i Frankrike, og vi skjønte ikkje heilt kva «å ribbe» (plumer) tydde. Utover den brutale bodskapen vitnar songen, som er i dur, om kor talrike songlerkene har vore.
Det finst framleis mange av dei, men sidan 1970-åra er det registrert ein betrakteleg nedgang i bestandane. Ikkje minst ser det ut til at auka bruk av sprøytemiddel legg stadig større press på dei.
No i vaksen alder er det andre bilete som heimsøkjer meg, alle prega av det intense tilværet til songlerkene. Eit av dei sterkaste kjem frå eit dikt som byrjar slik: «Uppvaknandet är ett fallskärmshopp från drömmen.» Der skriv den svenske metaformeisteren Tomas Tranströmer om korleis medvitet i oppvakningsstunda, då det fell nedover mot morgonen og røynda og ser ting ovanfrå, ein augneblink er «i dallrande lärkans position»…
Naïd Mubalegh
Naïd Mubalegh har bakgrunn i evolusjonsbiologi og arbeider som forskar, omsetjar og lærar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.