JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkKultur

Sure tonar i Trondheim

Trass i skrikande mangel på organistar stogga NTNU opptaket til bachelorstudiet i kyrkjemusikk. Fleire søkjarar hadde alt prøvespelt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
NTNU hovedbygget i Trondheim

NTNU hovedbygget i Trondheim

Foto: Gorm Kallestad / NTB

NTNU hovedbygget i Trondheim

NTNU hovedbygget i Trondheim

Foto: Gorm Kallestad / NTB

7738
20240412
7738
20240412

Musikk

jan.h.landro@gmail.com

– Eg blei veldig, veldig sint og skuffa, og kjende meg direkte lurt av Institutt for musikk, seier Nataniel Moddy-Lyngstad, ein av studentane som blei kalla inn til prøvespel for bachelorutdanninga i kyrkjemusikk ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU).

– Absurd og uprofesjonelt, meiner David Scott Hamnes.

Han er tilsett i det lokale kyrkjerådet og har dessutan ei mindre stilling i kyrkjemusikk ved NTNU. Han ser ikkje bort frå at dette kan vere det første steget i retning av å leggje ned heile Institutt for musikk ved NTNU.

– Meiningslaust, uttaler Thor Henning Isachsen, forbundssekretær i Creo, landets største forbund for kunst- og kulturarbeidarar.

– Vi er absolutt klare over det store behovet for kyrkjemusikarar i samfunnet, men vi ser ikkje at dette behovet lèt seg lese av i søkjartala til vårt studium, seier dekan Anne Kristine Børresen ved Det humanistiske fakultet.

Ho presiserer at dei ikkje har lagt ned bachelorstudiet, men frose opptaket på grunn av «den økonomiske situasjonen».

Opptak og avslag

I byrjinga av mars reiste Moddy-Lyngstad eins ærend frå Tromsø for å prøvespele. To–tre veker seinare fekk han e-post om godkjent opptak – og avslag på studieplass – i same melding!

– Den einaste forklaringa eg fekk, var økonomiske årsaker. Det reagerte eg sterkt på, for dei måtte jo først ha funne ut om dei hadde råd til å invitere til prøvespel. Dei har vore flinke til å marknadsføre studiet, og eg gledde meg til å ta fatt i Trondheim.

– Økonomien blir strammare i åra som kjem, enn i dei føregåande, då må vi prioritere skarpare og tydelegare, forklarar dekan Børresen.

– Med stor mangel på organistar i landet, er kyrkjemusikk då det rette faget å la dette gå ut over?

– Å ha studium med få studentar er dyrt, men vi er klare over stoda og har difor teke initiativ til eit møte med kyrkja om situasjonen.

Nytt syn

Møtet fann stad onsdag med representantar frå både Den norske kyrkja, med preses Olav Fykse Tveit i spissen, NTNU med mellom andre dekan Børresen og leiar for Institutt for musikk, Nora B. Kulset, og dei fremste frå kyrkjemusikkmiljøet.

Nora Kulset fortel at møtet gav som resultat at dei «endeleg har fått etablert ein seriøs, gjensidig dialog med kyrkja om det viktige kulturarbeidet som kyrkjemusikken er, og at kyrkja sjølv forstår at musikken er ein viktig del av kyrkja, og at kyrkja er eit kulturhus».

– Eg opplevde verkeleg at preses representerte eit tydeleg nytt syn frå kyrkja si side om at kyrkja er meir enn berre trusopplæring, og kva for viktig plass musikken har i dette. Så kom det òg ut av møtet ei gjensidig forståing av alvoret vi står i, at vi som driv med statleg utdanning, ikkje har finansiering til å ta vare på eit så kostbart studium som kyrkjemusikkutdanning om det ikkje kjem øyremerkte midlar. Det må komme eit politisk vedtak om at vi framleis skal halde på med kyrkjemusikk. No tek Olav Fykse Tveit dette med seg inn i Kyrkjemøtet her i Trondheim denne veka.

På spørsmål om korleis instituttet kunne invitere studentar til prøvespel og kort etter «fryse» studiet, svarar instituttleiar Kulset at den økonomiske situasjonen på NTNU utvikla seg langt raskare i negativ retning enn dei kunne føresjå.

– Hadde vi visst det vi veit i dag, ville vi sjølvsagt ikkje invitert til prøvespel. Men det er først no vi ser konsekvensane av budsjetta for 2024.

Dekan Børresen meiner at når universiteta våre er statleg finansierte, skulle det tilseie at særleg utsette område blir verna. Noko ho sjølv som dekan har arbeidd for. Men ho ser dette som eit politisk viktig spørsmål, og no kjem denne saka opp i Stortingets spørjetime på initiativ frå ein høgrerepresentant. Ho legg til at det finst fleire små og utsette humaniorafag som samfunnet treng, men som lever farlegare no når ressursane blir mindre.

Nora B. Kulset, leiar for Institutt for musikk ved NTNU

– Hadde vi visst det vi veit i dag, ville vi sjølvsagt ikkje invitert til prøvespel.

«Guteromsmusikar»

Forbundssekretær Thor Henning Isachsen er djupt bekymra for den stadig søkkande rekrutteringa. Frå han utdanna seg til organist for om lag tretti år sidan, har talet på studentar i kyrkjemusikk falle og falle og falle, fortel han.

– Vi har hatt ei rekrutteringskrise no ei stund, og ho blir stadig verre. Det gjeld både til kyrkjemusikkutdanninga og for å få nok kvalifiserte organistar, altså folk som har utdanning i dei kyrkjemusikalske disiplinane, frå liturgisk spel til korleiing og med kjennskap til norsk gudstenesteliv og salmetradisjon.

Isachsen er slett ikkje nøgd med Kyrkjas innsats for å få gjort noko med situasjonen. Ved prestemangel syng dei ut, men du høyrer ikkje mykje frå dei om det er mangel på organistar og kantorar, meiner han. Difor gler han seg over at Kyrkjeleg fellesråd i Trondheim i eit ope brev har rykt klart ut mot det som no skjer ved NTNU, og ber dei gjere om vedtaket.

Dei skriv mellom anna: «Frem til nå har NTNU vært med på å fornye og levendegjøre det kirkemusikkfaglige miljøet, både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og det er meget beklagelig om dette ikke kan fortsette uavbrutt.»

Han fortel om mange ledige organiststillingar, der problemet blir løyst frå veke til veke, ofte med ukvalifiserte vikarar. I høve denne situasjonen har Isachsen lansert omgrepet «guteromsmusikar».

– Med det meiner eg ukvalifiserte som rykkjer inn i faste organiststillingar. Folk utan kyrkjemusikalsk kompetanse, dei kan ikkje eingong spele orgel. Somme stader har ein endå tilsett folk som heller ikkje kan spele piano. Trekkspel, gitar, trombone og saksofon har måtta gjere teneste for orgel i nokre kyrkjer.

For å bøte litt på stoda har Kyrkjeleg Arbeidsgivarorganisasjon (KA) etablert ei ordning med kursing av nytilsette, ufaglærte og utanlandske «organistar». Men Isachsen vedgår at det er langt frå nok, han vonar at ein kan få etablert ei mentorordning for dei utan utdanning og utan røynsle i å leie ei forsamling i song. Årsaker til den svake rekrutteringa meiner han er ugunstig arbeidstid, dårleg løn og låg status.

I dag lærer 500 norske born å spele orgel, men berre eit lite mindretal av dei ser føre seg ei framtid som kyrkjemusikar.

Fornying må til

David Scott Hamnes seier at det er vanskeleg å ha eit klart bilete av kor stor organistmangelen faktisk er i dag. Men han fortel at i dei neste ti åra vil om lag ein tredel av dagens organistar gå av med pensjon, og tendensen er at dei som sluttar, ikkje vil ta på seg vikaroppdrag. Om dette held fram, vil kyrkja stå overfor eit stort problem.

– Heile kyrkjemusikarutdanninga treng fornying, slik at ein finn rom for større fleksibilitet. Nett det har vi fått til på NTNU, med ein revidert studieplan, der marknaden og utdanningsvegen harmonerer med kvarandre. Vi rekrutterer jo med tanke på dei nyare spelestilane og med stor fleksibilitet i utdanningsvegen. Det er naturleg at kyrkjemusikken opnar for både jazz og andre nyare spelestilar. Nett difor er det absurd at vi på universitetsnivå ikkje kan oppretthalde dette studietilbodet.

Nataniel Moddy-Lyngstad – korleis gjekk det med han?

No blir det studium i heimbyen Tromsø, der fagmiljøet ikkje er så stort og godt som i Trondheim, forklarar han. Dessutan må han der ta studiet ved to skular, musikk på universitetet og «kyrkjefaga» på MF vitenskapelig høyskole, noko som vil komplisere utdanningsløpet.

Rett nok fekk dei fire som trudde dei var komne inn i Trondheim, tilbod om studieplass på Musikkhøgskulen i Oslo, men det er eit fag- og studentmiljø som er større enn det Moddy-Lyngstad ønskjer å vere i.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis