JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Texas-galskap

Det skin av Pedal Steel Noahs EP.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Brørne Nate og Noah Faulkner saman med hunden Kara.

Pressefoto

2851
20240412
2851
20240412

Americana

Pedal Steel Noah:

Texas Madness

Lightning Rod

Har du opplevt det? Du trur du veit noko om kva ein song kan romme, og så dukkar han opp igjen, i ny drakt, og har vorte noko anna – på godt eller vondt. I det siste har eg gått rundt og nynna på «Love Will Tear Us Apart», men ikkje Joy Divisions ikoniske original frå 1980, og heller ikkje Susanna and the Magical Orchestras banebrytande tolking (2006).

Nei, eg tenkjer på ein fersk, radikalt annleis instrumentalversjon, av Pedal Steel Noah, som gjer låten om til noko nytt – til ein slags oppløftande styrkedrikk å møte dagen med. Det dreier seg om ein «Love Will Tear Us Apart» fylt av lys.

Instagram-videoar

Songen høyrer heime på Texas Madness, ein EP med fem spor, der Noah Faulkner (16) frå Austin er akkompagnert av den tre år yngre broren Nate på bass, faren Jay på gitar og Pat Manske på trommer. Bak prosjektet skjuler det seg ei fin historie: Pedal Steel Noah har vunne hjarte verda over med sine daglege Instagram-videoar, der han og veslebroren tolkar poplåtar frå 1980- og 1990-talet medan familiehunden Kara ser på.

Noah Faulkner er i autismespekteret og gav ut Texas Madness i høve Autism Acceptance Month. I ei sak i New York Times fortel mor hans korleis musikken – og då særleg det å oppdage og å meistre steelgitaren – har endra livet hans.

Kva er det så som fyller denne versjonen av «Love Will Tear Us Apart» med lys? Det er sjølvsagt den tindrande steelgitaren, som definerer Texas Madness, inkludert to fine originalkomposisjonar av Faulkner sjølv. Noko fascinerande skjer med popsongane her, som The Cures «Just Like Heaven» (1987).

Rommar mykje meir

Samstundes vert det assosiative feltet som omgir steelgitaren, utvida. Mange er nok dei som har tenkt på instrumentet som typisk for sentimentale countryballadar.

Det at steelgitaren rommar så mykje meir, er ikkje noko nytt, men slikt går jo i bølgjedalar, og vi er no inne i ein periode der instrumentet når stadig nye lyttarar.

Utforskande uttrykk

Instrumentet dukkar opp i overraskande og utforskande musikalske uttrykk, både i periferi og i sentrum – også på hitlistene, som når Robert Randolph medverkar på «16 Carriages» på Beyoncés fascinerande siste album. («For real?» var visstnok svaret frå Randolph då førespurnaden kom frå Beyoncé, lenge før nokon visste kva ho pønska på med Cowboy Carter, som har fått nok omtale andre stader.)

Sjølv oppdaga eg for alvor steelgitaren gjennom platene til Daniel Lanois, men no er eg alltid på utkik etter uttrykk der instrumentet får skine – som Phosphorescents nydelege ferske album The Revelator. For kva hadde dette introspektive albumet vore utan steelgitaren til Ricky Ray Jackson – også frå Austin?

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis