Svaret er eit ekko
Fredrik Hagen vil sjå bak dei sju sløra.
I tillegg til at han skriv, leier Fredrik Hagen Lyrikksalong ved Litteraturhuset i Bergen. Desse samtalane fisnt også som podkastar.
Foto: Linn Heidi Stokkedal
Kortprosa
Fredrik Hagen:
La det bli / en ensom tid
Flamme Forlag
Fredrik Hagen, fødd 1991 i Odda og i dag busett i Bergen, har mellom 2017 og 2024 gitt ut fem titlar, dei fire første sjangerplasserte som poesi, mens årets bok er kortprosa med ein overordna tematikk kring liv og død, fødsel og forsvinning. Perspektivet svingar mellom eit mikro- og eit makronivå der alt er samtidig. Alt gjentar seg i ein tidlaus syklisk rundgang som mennesket også er ein del av og samtidig står utanfor, gjennom evna til å hugse, evna til å vurdere, evna til å utvikle språk som kan fange det flyktige og gi rom for sosiale relasjonar, men også for einsemd og lengt.
«Tekstane femner alt menneskekroppen består av.»
Undring
Det er dette han sirklar rundt gjennom heile forfattarskapet, utan at det blir monotont og repeterande. I staden finn han eit nesten messande og rytmisk språk for den undringa han møter verda med, vart og nyansert slik at dei korte tekstane både pustar og trekker seg saman og bankar som pulsslag ein kan legge fingrane mot.
Tekstane femner alt menneskekroppen består av: hudceller, nervesystem, blodårer, skjelett, lemmer, hud og hår, og i kvinnekroppen veks barnet fram. Han dveler ved fødslane til både mormora og mora, og han følgjer dei begge inn i døden. La det bli/ en ensom tid kan godt lesast som omarbeiding av sorg, og siste setning er slik: «Historien begynner idet vi sier farvel og prøver å huske hverandre.»
Hagen pressar tanken mot språkets grenser, han vil sjå lenger enn tanken rekk, inn i ein slags urtilstand der alt startar og tar form og utviklar seg til liv, samtidig som livet blir fortært av ei stor og uutgrundeleg kraft som slettar alle spor. For Hagen blir dette vilkåra vi lever under. Er vi først fødde, er det dette vi møter. Noko evig liv finst ikkje, og minnet og språket kan heller ikkje verne oss mot det forgjengelege og den store gløymsla.
Smerte
Det er eit dystert bakteppe, men som ei motvekt til denne apokalyptiske undergangskjensla løftar Hagen fram den instinktive kjærleiken mellom mor og barn: «Det sies at smerten har en mening; den gjør at barnet fortsetter å skrike, fortsetter å fylle kroppen med luft, samtidig som moren legger barnet tett inntil seg for å trøste det. Smerten slipper ikke tak, og moren slutter ikke å trøste. Så lenge vi fortsetter å skrike, fortsetter noen å trøste, selv om det ikke hjelper å skrike, selv om det ikke hjelper å trøste.»
Hagen opnar med tre sitat frå Tomas Tranströmer, Gunvor Hofmo og Rune Christiansen, og undervegs nemner han også Tor Ulven, Astrid Tollefsen og ukrainsk-jødiske Ilya Kaminsky, alle forfattarar han knyter seg til tematisk og språkleg. Kaminsky seier at alle klagemål mot Gud får svar i form av eit ekko. Det er dette ekkoet Fredrik Hagen på fascinerande vis prøver å komme forbi.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø