Den nye kantoren
Telemanns fyrste kantategudsteneste i Hamburg attskapt.
Utsnitt av kolorert koparstikk som syner riksbyen Hamburg i 1682.
CD
Georg
Philipp
Telemann:
Inauguration Cantatas 1721
Hamburger Ratsmusik; leiing og viola da gamba: Simone Eckert. CPO 2024
«Den som vil sitja trygt livet ut, lyt slå seg ned i ein republikk», står det i ein av sjølvbiografiane til Georg Philipp Telemann (1681–1767). Tidleg i karrieren hadde han opplevd nok av intrigar ved tyske provinshoff. I 1721 slo han seg difor ned for godt som kantor og musikkdirektør i byrepublikken Hamburg, der han 21. september leidde sin fyrste kantategudsteneste.
I Hamburgs statsarkiv er der overlevert hefte med kantatetekstane som kyrkjelyden fekk utdelt den gongen, så difor kjenner me datoen og repertoaret eksakt. Under gudstenesta blei det framført tre Amtsantrittskantaten (embetstiltredingskantatar). Dette med tre kantatar per gudsteneste skulle Telemann halda fast på resten av livet. Det vil seia: To og ein halv er rettare, for den siste kantaten var alltid ein smakebit frå eit verk i kjømda. Ein teaser for tilhøyrarane, altså.
Slankt og smidig
Ensemblet Hamburger Ratsmusik, som blir leidd av Simone Eckert på viola da gamba (eit celloliknande strykeinstrument), har no har spelt inn dei tre tiltredingskantatane. Plata inneheld også fire av Telemanns solofantasiar for viola da gamba, noko eg ikkje heilt skjønar. Sjølv om desse solostykka er fine, ville det høvd betre med orkester- eller kammermusikk i denne samanhengen.
Hamburger Ratsmusik har linn besetning, med berre to fiolinar og høvesvis éin bratsj, cello og kontrabass, i tillegg til to oboar og fagott. Koret har også «solistisk besetning», med berre éin songar per stemme, noko som gjer lydbiletet slankt og smidig.
Dissonanskjede
Es ist ein großer Gewinn (Det er ei stor vinning) heiter kantaten som blei framført før preika. Han opnar med ein livfull korsats i moll, der dei to oboane kommenterer korsongen gjennom små mellomspel. Sluttsatsen er ein enkel firstemmig koral (salme). I Hamburg var det nemleg vanleg at kyrkjelyden song med på salmane, som dei jo hadde i teksthefta sine, og då måtte ikkje musikken vera for komplisert.
Under nattverden var kantaten Kommt her zu mir alle (Kom alle til meg) å høyra. Også den går i moll, men stilen er alvorsam og arkaiserande, med korsatsar forma som strenge fugar. Altarien «Liebster Jesu» (Kjæraste Jesus, spor 17) er spesielt vakker. Han byrjar med ei stigande kjede av dissonansar, mykje lik opninga av G.B. Pergolesis kjende Stabat Mater (som blei komponert gode 15 år seinare, Telemann har altså kronologien på si side).
Gladlynt, derimot, er Gesegnet ist die Zuversicht (Trufast er tiltrua), avslutningskantaten som ved tiltredingsgudstenesta altså berre blei musisert i utdrag. Songarane er alle gode, sjølv om sopranen og alten somme gonger bommar litt på intonasjonen. Best er utan tvil bassen Klaus Mertens, som trass i at han byrjar å dra på åra, framleis er ein av dei beste innan sitt stemmefag.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.