Foto: Samlaget
Diktet: Sissel Solbjørg Bjugn
Diktsamlinga Spenn beltet kring livet og held lampa tent frå 1981 blir gjerne trekt fram når ein omtalar gruvediktinga til Sissel Solbjørg Bjugn (1947–2011). Slik eg ser det, heng Spenn beltet kring livet og held lampa tent så tett saman med Sulis’ bok, som kom ut året før, at dei bør lesast i samanheng. Sistnemnde er rett nok ofte kategorisert som barnebok, men ifølgje Bjugn sjølv høyrer ho ikkje heime mellom korkje barnebøkene eller vaksenbøkene, og eg er samd. Båe desse bøkene er førte i pennen av den særeigne poeten Bjugn og handlar heilt konkret om arbeidet i gruva og livet rundt, nærare bestemt i A/S Sulitjelma Gruber, ei av dei største gruvene som var i drift ved byrjinga av 80-talet.
Rainer Maria Rilke (1875–1926).
Foto: Ukjend
Ny norsk omsetjing av Rilke
Den produktive Jon Fosse er på marknaden med ei ny bok. Denne gongen er det ei attdikting av Rainer Maria Rilkes Duino-elegiar – Duineser Elegien på tysk. Fosse er mest kjend som dramatikar og romanforfattar, men er òg omsetjar, særleg frå tyskspråkleg litteratur.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Diktet: Alexander Fallo
Neste instagrampoet ute i diktspalta er Alexander Fallo, som gav ut Du fucker med hjertet mitt nå i 2020. Fallo skil seg frå dei instagrampoetane eg hittil har skrive om: Her er mindre direkte ordspel, og dikta vitnar om djupare poetisk språkarbeid, utan at dei misser den direkte, kommunikative stilen.
Årets diktsamling er den tredje frå Geir Halnes sidan debuten i 2007.
Foto: Baard Henriksen
Naturvitskapens poetiske forråd
Det finst ein eksperimentell impuls i diktboka La av Geir Halnes. Særleg gjeld det oppmodinga om å sjå verda under visse vilkår, slik ein gjer når ein lagar hypotesar. Hjelpeverbet la, som tittelen peikar på, tyder gi løyve til, slik ein i ein hypotese ser for seg at gitte vilkår må vere oppfylte: Viss dette er tilfellet, så vil dette skje.
Maria Dorothea Schrattenholz fekk Bokhandelens forfattarstipend på 200.000 kroner førre veke.
Foto: Baard Henriksen
Vil utfordre det sjølvsagde
Maria Dorothea Schrattenholz vil stille spørsmål om verda og menneska i verda. Derfor skriv ho science fiction-dikt, og til no har resultata vore framifrå.
Foto: Wikipedia
Diktet: Harald Sverdrup
Harald Sverdrups «Sjømannsvise» er eit av dei mest kjende og elska dikta hans, ikkje minst fordi Alf Cranner har sett ein fin melodi til teksten. Harald Sverdrup (1923–1992) var den mest utåtvende av poetane våre som slo gjennom på 1950-talet, han skreiv friskt og tydeleg, vart populær som opplesar rundt om i landet, iblant saman med musikarar. Med Alf Cranner stilte han med raudmåla pappnase i Universitetets Aula – det vart lagt merke til!
Foto: Line Fresti / Cappelen Damm
Diktet: Gro Dahle
I dikta til Gro Dahle (f. 1962) er det godt å vere. Dei er opne, rause og gir rom for tankar, både eigne og andre sine. Dette diktet kjenner eg meg heime i, mellom anna fordi det vitjar ein diktar eg set høgt, Tone Hødnebø, og eitt av dikta frå samlinga hennar, Mørkt kvadrat frå 1994.
Foto: Leikny Havik Skjærseth
Diktet: Victoria Dalsberget
Det finst instagrampoetar som har teke steget over til bokutgjeving, og som sel godt. Vi har alt nemnt Trygve Skaug. Eit anna namn er Victoria Dalsberget. Dalsberget har om lag 60.000 fylgjarar på Instagram-kontoen @enkel_poesi og har skrive bøkene Du er nok (2021) og Du og jeg (2022).
Nils Chr. Moe-Repstad debuterte i 1996 og har gjeve ut elleve diktsamlingar.
Foto: André Løyning
Lyrikk som kombinerer kropp og kunnskap
Nils Chr. Moe-Repstad er ei særprega skriftrøyst i norsk samtidspoesi. Dikta etablerer sjokkarta samband gjennom veldige rom- og tidsspenn.
Åse-Marie Nesse (1934–2001) debuterte i 1970 og gav ut tolv diktsamlingar i alt.
Foto: Samlaget
Ein moderne klassikar
Åse-Marie Nesse (1934–2001) var eit mangfaldig menneske. Ho var litteraturgranskar, germanist, omsetjar – og diktar. Ho må ha vore eit arbeidsjarn, for ved sida av det akademiske yrket gav ho ut ikkje mindre enn tolv diktsamlingar. Ho debuterte i 1970. Og all lærdomen sin støypte ho om til klangfulle vers.