JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Jau, krig endra Grieg

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2838
20230203
2838
20230203

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Nordahl Grieg-dikt

I Dag og Tid for to veker sidan, i saka «Krig endra Grieg», attgav og samanlikna eg dei to Nordahl Grieg-dikta «Til ungdommen» (1936) og «Øya i Ishavet» (1942): «Det er eit paradoks at me nyttar ’Til ungdommen’ som ’nasjonal trøystesong’ når Nordahl Grieg sjølv endra meining og gjekk til åtak på haldningane i diktet.» At lyrikaren i 1942-diktet siterer og kritiserer 1936-diktet, set eg i samanheng med krigsutbrotet og okkupasjonen som fann stad i tida mellom dei to dikta, og som påverka mellom andre Nordahl Grieg og Arnulf Øverland og tilhøvet deira til nasjonen og kongen, Moskva og Stalin.

«Kan henda er det noko rett i denne historiseringa», skriv fyrsteamanuensis Kristoffer Jul-Larsen i eit lesarinnlegg førre veke, «men Rem sin tekst er djupt problematisk». Jul-Larsen har nemleg funne sin eigen knagg å hengja dikta på –?ikkje ein verdskrig, men ein studentfest. Som kjeldene fortel, vart det eine av dikta, «Til ungdommen», skrive «til ein fest i Studentersamfunnet som eit mottrekk mot ein forventa aksjon frå Nasjonal Samling».

Som politisk bakteppe trekkjer eg inn Menstadslaget i 1931, men av fleire grunnar les eg ikkje dikta i ljos av studentfesten, som ifylgje Jul-Larsen er einaste forsvarlege lesemåte. 1) Det er ikkje studentfesten, men krigsutbrotet som gjev meining til den sterke friksjonen mellom dikta. 2) «Til ungdommen» (1936) er mindre av eit uttala protest- og høvesdikt enn til dømes Øverlands «Du må ikke sove» frå same år. Det ser ein både av diktteksten i seg sjølv og av den uvanleg omfattande, 70-årige resepsjonssoga.

At Jul-Larsen vel å hengja dikta på studentfestknaggen, kjem uventa av di han ikkje kan nytta knaggen til å nærma seg ei einaste diktline. «Diktet er altså eit høvesdikt», skriv han, «eit høvesdikt meint» [mi kursivering] eit eller anna konkret, held han fram, som om han veit noko om diktet som me andre og kjeldene ikkje veit, og det er jo spanande – heilt til ein lyt innsjå?at han ikkje kan koma med eit einaste konkret døme frå dikta.

Biografien til Grieg opptek han, men dikta til Grieg ser i liten grad ut til å interessere han. Difor interesserer det han heller ikkje i det heile teke å vurdera hovudpoenget i diktsaka mi, og dei konkrete døma eg gjev frå Grieg-dikta, som at «stans dem [granatane] med ånd!» i 1936 vert «skal vi vinne det [vårt land], / skjer ikke det ved ånd» i 1942.

Ei slik krigsrelatert haldningsendring for 80 år sidan freistar eg så å sjå i samanheng med at parti på venstresida, til liks med granneland, no, etter Russlands åtak på Ukraina, drøftar eigne haldningar. Nordahl Grieg er sjølvsagt eit relevant namn i desse diskusjonane òg. Samanlikninga eg gjer, er såleis lite original, anna enn for Jul-Larsen, som omtalar henne som «Rems eigen politikk».

Håvard Rem er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis