JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Den 24. februar 2022 gjekk Russland til angrep mot Ukraina. Dette var ei eskalering av konflikten som tok til i 2013-2014, då separatistar tok kontroll over Luhansk og Donetsk fylke og Krymhalvøya vart annektert av Russland. Ukraina har fått våpenhjelp av Nato-land, inkludert Noreg. DAG OG TID følger krigen nøye, og skribentane våre bidreg med reportasjar, kommentarar og analysar. Cecilie Hellestveit, ekspert i folkerett, og Halvor Tjønn, journalist, forfattar og fast skribent i DAG OG TID, bidrar med politiske analysar. Den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov har skrive om situasjonen i Ukraina under krigen.

Sjakk har blitt ein populær sport i Noreg på grunn av suksessen til Magnus Carlsen. DAG OG TID skriv om viktige turneringar som Carlsen deltek i, og små forteljingar frå sjakkverda. I DAG OG TID skriv Atle Grønn ei fast sjakkspalte som heiter «Frå sjakkverda», verdas einaste sjakkspalte utan sjakktrekk. I spalta skriv han om sjakk frå ulike innfallsvinklar. Les Atle Grønns spalte nedanfor, og andre artiklar og nyhende frå sjakkverda.

Klima og miljø er høgt prioritert på den politiske dagsordenen. Klimaendringar, naturkatastrofer og konfliktar heng tett saman. Regjeringa er forplikta til å følgje EUs klimamål og redusere norske utslepp med 55 prosent innan 2030.
DAG OG TID følgjer klimaproblematikken både nasjonalt og internasjonalt. Journalistane og skribentane i DAG OG TID skriv om klima med ulike innfallsvinklar. Per Anders Todal er oppteken av miljø, natur og klima, og korleis problemstillingar knytte til desse temaa verkar inn på kvarandre og samfunnet i heilskap. Jon Hustad skriv om klimaspørsmål frå eit politisk og økonomisk ståstad, til dømes korleis klima verkar inn på energi og straum. Les artiklar om klima og miljø nedanfor.

I Dag og Tid skriv fleire av skribentane våre om mat og matproduksjon. Dei har alle ulike tilnærmingar til temaet. Dagfinn Nordbø skriv spalta «Matmonsen», ei humorisktisk spalte om eigne matopplevingar. I spalta hans kan du også få gode middagstips. «Innsida» er ei anna spalte der ulike skribentar bidreg kvar veke. Ein av dei, Arne Hjeltnes, reiser rundt og besøker norske matprodusentar og set av fast plass i spalta si til norske matskattar. Siri Helle skriv om matproduksjon og matpolitikk i spalta «Frå matfatet». Helle er utdanna agronom og skriv også om ulike matvarer, plukkar frå kvarandre ingrediensane og samanliknar produkt. Les artiklane nedanfor.

DAG OG TID skriv om Russland og tilhøvet mellom Noreg og Putin-regimet. Journalistane og skribentane våre skriv om russisk utanrikspolitikk, russisk språk og kultur. Eit viktig tema knytt til Russland er krigen i Ukraina. I avisa vår kan du lese kommentarar og artiklar om krigføringa og retorikken knytt til han. Mellom anna trykker DAG OG TID russiske nyhende, slik at lesarane våre får kjennskap til kva informasjon russarane har tilgang til. Den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov har tidlegare rapportert direkte frå Ukraina. Halvor Tjønn følgjer utviklinga mellom Russland og Europa, Cecilie Hellestveit, ekspert i folkerett, kommenterer globale konfliktar der Russland er involvert. Fleire av podkastepisodane våre har også handla om Russland. Omsettar Marit Bjerkeng fortel om russisk språk og kultur, journalist i Nordlys og leiar i Barents Press, Amund Trellevik, er intervjua om uavhengig journalistikk i Russland, og Halvor Tjønn har ved fleire høve vore gjest. Alle episodane finn du her.

På grunn av den globale energikrisa har straumen blitt dyrare. Folk flest merkar at straumrekningane auker med tusenvis av kroner. Samstundes aukar prisane på matvarer og transport. DAG OG TID skriv med jamne mellomrom om situasjonen og tiltaka frå regjeringa og næringslivet. Mellom anna skriv DAG OG TID-journalisten Jon Hustad om utfordringane og bakgrunnen for straumkrisa og kva konsekvensar dei auka straumprisane har på samfunnet. Han har også sett på energibehovet i framtida og skrive artiklar om den grøne vendinga. Straumkrisa har vore tema i DAG OG TID-podkasten. Lytt til episoden «Energiåret 2022 med Jon Hustad» her. Artiklar om straum, energi og kraft kan du lese nedanfor.

DAG OG TID skriv om ulike sider ved Ukraina og tilhøvet til Nato og Europa. Størst tyngd har krigen fått. Krigen i Ukraina tok til 24. februar 2022, og journalistane og skribentane våre følgjer situasjonen tett. Cecilie Hellestveit er ekspert i folkerett og bidreg med analysar og kommentarar. Halvor Tjønn skriv om korleis det ukrainske tilhøvet til Russland, Europa og EU endrar seg. Han set også den noverande situasjonen i eit historisk perspektiv. Den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov skreiv fleire reportasjar frå Ukraina det første året av krigen. Redaktøren i DAG OG TID, Svein Gjerdåker har besøkt Ukraina etter krigsutbrotet og har skrive frå reisene. I DAG OG TID-podkasten kan du også lytte til tema om Ukraina. Høyr mellom anna intervjuet med forfattar Andrej Kurkov eller lær meir om bakgrunnen for krigen i episoden «Kvifor gjekk Putin til krig mot Ukraina?» Les artiklar om Ukraina nedanfor.

Økonomi har innverknad på alle lag og funksjonar i samfunnet. DAG OG TID publiserer nyhende om finansmarknaden og konsekvensane av økonomiske svingingar. Vi analyserer statsbudsjettet og finanspolitiske tiltak frå regjeringa, men ser også på endringar i næringslivet og på børsen i eit internasjonalt perspektiv. Journalist i DAG OG TID Jon Hustad skriv om økonomisk politikk. Mellom anna ser han på rentepolitikk, grunnrente og statsbudsjettet.
Les artiklar og kommentarar om norsk og internasjonal økonomi nedanfor.

« 1 ... 4 5 6 7 8 9 10 ... 15 »

Foto via Wikipedia

Diktet: Steinar Sørlle

Ein av våre originale, hemmeleghaldne poetar fylte 80 år i september og døydde i november, Steinar Sørlle frå Stavern – Vestfold var landskapet hans, fotograf var han av yrke, inntil han stod fram som poet med fem diktbøker 1972–1997: Sporene ser deg heiter den første, Lyset under våre drømmer den siste. Dessutan prosa, også for born og ungdom: Hans bok Isnatt (1986) er omsett til sju språk, deriblant i kjempeopplag på tysk, prislønt i Tyskland og Austerrike.

Jan ErikVold

Foto: Rune forlag

Diktet: Jon Auklend

Jon Auklend (1889–1978) er ukjend for dei fleste i dag. Men dikta hans fortel om eit viktig straumdrag i norsk lyrikk – inspirasjonen etter Olav Nygard. Nygard er kjend for lange dikt på ottava rima (dikt med strofer på åtte vers­liner med eit innfløkt rimmønster) og fortetta ordbruk med både arkaiske og nylaga ord. Eg har tidlegare presentert to slike diktarar: den unge Olav H. Hauge og Frank Frode. Auklend høyrer til same gruppa. Jamfør ein av titlane hans, «Nygards-dråpa». Han skreiv òg mange strofer på åtte versliner (men med eit lettare rimskjema).

RonnySpaans

Foto: Henrik Laurvik / NTB

Diktet: Stein Mehren

Kjærleik i seg sjølv krev inga skrift, han har nok med eigen fylde. Han lever utanfor tida. Stein Mehren har i diktet «Tristan og Isolde» skildra dei elskande: «Og de kunne aldri gledes/ ved sin kjærlighet/ for den var deres glede/ …/ De så på hverandre og sa aldri/ Se på vår kjærlighet/ for den var deres blikk».

Jan ErikVold
Helge Torvund har skrive bok til mor si.

Helge Torvund har skrive bok til mor si.

Foto: Lise Åserud / NTB

Eit minnesmerke over dei gamle mødrene

Helge Torvund tek oss med attende til tida «før det vart for mykje av alt», og spelar fram eit hjarte­varmt bilete av mor si, Inger Torvund.

Kjell ArildPollestad

Foto: Berit Roald / NTB

Diktet: Mona Høvring

Å, Mona Høvring! Vekas dikt er henta frå den fjerde diktsamlinga hennar, Å paradis frå 2008. Tittelen er det ein i retorikken kallar ein apostrofe, ei påkalling av noko fråverande, som eit «Foraar» (hjå Wergeland). Både det poetiske og det religiøse språket har denne evna til å overskride avstand og fornuft, og dette peikar på noko sentralt i poesien til Høvring: Ho skriv dikt som speler på språklege likskapar og samband mellom sanseleg og åndeleg begjær.

CathrineStrøm
Toto Hølmebakk, som er dr.philos. og spesialist i kirurgi, debuterer skjønnlitterært med denne diktsamlinga.

Toto Hølmebakk, som er dr.philos. og spesialist i kirurgi, debuterer skjønnlitterært med denne diktsamlinga.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

Presisjonens venleik

Tittelen Almakolender på Toto Hølmebakks debut ser ut til å vere ei samanskriving av orda almanakk og kalender. I tredje og siste seksjon i boka, «Kalender», ber dikta titlar henta frå den franske revolusjonskalenderen. Det er som om konfrontasjon mellom den nesten bokhaldarliknande interessa for tal og språkets meir flytande meiningskarakter befruktar kvarandre gjensidig. Hølmebakk skapar eit forunderleg klårt, nesten realistisk, men samstundes mystisk poetisk univers.

SindreEkrheim

Foto: S. Bjerkan, Levanger, ca. 1915.

Sigrun Okkenhaug

Dette diktet er skrive av Sigrun Okkenhaug (1889–1939). Okkenhaug tilhøyrde eit intellektuelt miljø i Levanger, der lærarskule- og folkehøgskulekultur, venstrepolitikk og nynorsk hadde gode kår. Olav Duun kom frå same miljøet. Far til Sigrun Okkenhaug var skulemannen og målmannen Arne Vestrum. Ho sjølv var mor til komponisten Paul Okkenhaug, kjend for musikken til Spelet om Heilag Olav.

RonnySpaans
Lars Saabye Christensen debuterte med ei diktsamling i 1976. Denne fekk han Tarjei Vesaas’ debutantpris for.

Lars Saabye Christensen debuterte med ei diktsamling i 1976. Denne fekk han Tarjei Vesaas’ debutantpris for.

Foto: Magnus Stivi

Orda slynger seg rundt tidsaksen

Meisterleg er det sikre anslaget i dikta, men like fullt bør ein akte på den over­rumplande sluttlina.

SindreEkrheim

Foto: Oslo Museum / Wikipedia

Arne Svendsen: Serru, serru

Populære songar som har overlevd i årevis – ein visediktar vi ikkje skal gløyme, er Arne Svendsen (1884–1958), som har 200 titlar registrerte hos Tono og hundrevis av etterlatne tekstar forvara i Fredrikstad bib­liotek – han stod for eit stort tal revyar, ikkje minst i denne heimbyen. (Om talet på songar er 2500, som det vert hevda i fleire verk, er likevel ikkje stadfesta.)

Jan ErikVold
Gro Dahle har skrive ei rekkje bøker i fleire sjangrar sidan debuten i 1987.

Gro Dahle har skrive ei rekkje bøker i fleire sjangrar sidan debuten i 1987.

Foto: Line Fresti

Kommunepoesi

Ordet og fenomenet kommune, som osar av noko abstrakt, kontorgrått, treigt og byråkratisk, verkar å ha engasjert poetar i dei seinare år. Tidlegare i år debuterte Johanne Fronth-Nygren med Vannverk (2022). Kommuneslagord var ein sentral ingrediens i Kjersti Bjørkmos Om du hadde bodd her hadde du vært hjemme nå (2019), og Morten Langeland gav i 2015 ut Den egentlige kommunen. Til slutt i boka takkar Dahle svensken Jimmi Alm og kommunepoesiprosjektet hans. Ja, i denne samanhengen er det verdt å nemne at kommunen også blei dikta om på 1970-talet, til dømes i svensken Erik Beckmans diktbok Den kommunale kroppen (1979). Kommunen er altså ikkje framand grunn for poesien.