JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Låge tonar i låglendet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2376
20230210
2376
20230210

Om ein er lågvaksen, kjem ein seg greitt gjennom låge dører, i alle fall om ein har på seg låghæla skor. Men stundom lyt ein luta eller lengja seg: «Det er ingen so lang, han ei må tøya seg, og ingen so låg, han ei må bøya seg.» Om det er lågt under taket i bokstavleg meining, er det ein føremon å vera låg. Låg takhøgd i biletleg meining kan derimot plaga høg og låg like sterkt. Det ser elles ikkje ut til at låge folk likar lågtrykk, lågkomikk og lågpanna debattinnlegg betre enn andre.

Eg kunne ha sagt at låg er eit lågtysk lånord, men det hadde vore toppen av lågmål. Låg er eit nedervt adjektiv. Det er vanleg å gå ut frå at ordet kjem av same rota som liggja og leggja. Den opphavlege tydinga var truleg ‘liggjande nede’. Av låg kjem verba lågna (‘verta lågare’), lægja (‘gjera lågare, setja ned, søkkja’) og hokjønnsordet lægd (‘låg stad i landskapet; det at noko er lågt el. ringt’, ikkje same ordet som legd ‘ordning for fattighjelp’). Sidan låg vert gradbøygt ulikt i målføra, kan me velja mellom to system i nynorsk: lægre – lægst eller lågare – lågast.

Ord som lågvaksen, låglende og lågmælt fanst alt i norrønt: lágvaxinn, láglendi, lágmæltr. Folk kan vera høgmælte eller lågmælte av naturen, men viljen har òg noko å seia. Mange høgmælte greier å tala lågt, berre dei vil det nok. Me plar òg nytta låg om tonar som ligg langt nede i register og har mørk klang («ein låg orgeltone»). Å høyra på slikt i ny og ne er trivelegare enn å leva med lågfrekvent støy.

«Det som står lågt, det dett ikkje hardt», seier ordtaket. Slik sett er det fint å stå lågt eller vera lågareståande: Fallhøgda er ikkje all verda. Samstundes veit me at mange lågstatusyrke er farlegare og tek hardare på kroppen enn mange av høgstatusyrka. Låglønte har jamt lågare levestandard og fleire suter enn høglønte, og prisane er ikkje nett rekordlåge for tida.

Nokre er høgt og lågt og trivst med å gå på høggir. Andre går helst på låggir og likar å liggja lågt i terrenget eller halda ein låg profil. Båe gruppene kan ha låge tankar om den andre, men det er nok helst høggir-gruppa som kan finna på å skjella og smella over ein låg sko. Det ordlaget har opphavleg med drikking å gjera. Sko viser kan henda til eit skoforma drikkebeger, men korleis låg kom inn der, er uvisst.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis