JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

God latin – på norsk

For språkfolk som vil vita meir om latin utan å ta bryet med å tileigna seg sjølve språket, er denne grammatikken ei sjeldan gåve.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Cesare Maccari: «Cicero fordømmer Catilina» (utsnitt), måla i 1882–1888.

4701
20221216
4701
20221216

Sakprosa

Vibeke Roggen:

Latinsk grammatikk

Cappelen Damm

Det finst truleg ikkje noko folk i Europa som lever så langt frå latinen som det norske. Alt på slutten av 1800-talet sørgde venstremenn, norskdomsmenn – og ikkje minst diktarar som Kielland og Garborg – for at «klassisk daning» kom i vanry og vart rekna som ein bremsekloss i nasjonsbygginga og eit hinder for det framsteget som stod øvst på alle seriøse saklister. Det er over hundre år sidan gresk fall bort som skulefag, medan latinen hangla seg vidare inn i førre hundreåret takka vere «latinliner» ved enkelte gymnas, der dei stendig færre elevane lærte stendig mindre latin. På 1970-talet vart det slutt på at filologar laut ta førebuande prøve i latin, og ikkje lenge etter fall denne prøven også bort for teologar.

På ein slik bakgrunn er det nærast eit under at det på norsk er kome ut ein heilt ny latinsk grammatikk på 872 tettskrivne sider, skriven av førsteamanuensis Vibeke Roggen. Ho verkar sjølv vera så heime språket at ho kan leika med det, og det gjer ho med ei språkglede som smittar over på lesaren og gjer paragrafane til festlesnad, ikkje berre for dei få latinkyndige, men truleg også for alle som framleis ber med seg minne om latintimane på skulen eller på universitetet, sjølv om dei eigenleg aldri lærte latin. Dei færraste har gjort det her til lands dei siste hundre åra. Sjølv dei som tok «latinsk mellomfag», kom aldri så langt at dei kunne lesa latinsk litteratur i lenestolen eller på senga.

Pedagogisk eros

Det kan derimot Vibeke Roggen. Ho elskar språket og sameinar sin faglege autoritet med ein pedagogisk eros som verkar medrivande på lesaren. Særleg fargerik er gjennomgangen av syntaksen, der diktarane sjølve kjem rikeleg til orde, både på originalspråket og i omsetjingar som til fulle viser at professoren er ein meister både i latinen og i morsmålet. Humoren er ikkje fråverande, og ein ciceronisk ironi krydrar stundom teksten: Etter ein grundig analyse av eit tekstdøme frå gamle Cato er konklusjonen at «syntaksen er ganske ensformig ved sin oppramsing og står også i veien for forståelsen av innholdet».

Sjølve stoffet er langt meir omfattande enn det ein ventar å finna i ein grammatikk. Fyrst får me ei kort språkhistorie: «Fra dialekt i Latium til lærd verdensspråk». Så kjem sjølvsagt det fonetiske, med ein «anbefalt uttale» – som byggjer på «forskningsresultat» og vert kalla «skoleuttale». Han høyrest forferdeleg ut og luktar lik. Roggen vil mildna han ved ein lettare fornorska uttale, slik at me for Cicero kan seia Sisero og ikkje Kikerå. Det er klokt. Men det er italienarane som har nøkkelen til ein levande latinsk uttale, og når dei på YouTube held føredrag på latin, uttalar dei språket som om det var italiensk. Det same gjer me i Den katolske kyrkja. Då har språket ein god klang.

Sjølv om disposisjonen av stoffet fylgjer eit klassisk mønster, gjer Roggen mange originale grep, til dømes i kapittelet om orddanning. Ingen stad har eg sett dette klårare framstilt. Det same gjeld verbalsyntaksen. Grammatikken er i det heile særs ryddig og lett å orientera seg i, og kan sjølvsagt nyttast som oppslagsverk. Eit særs grundig register er til god hjelp her. Kort sagt: Slik gamle Madvig – som var ein stor språkmann – var autoriteten i latinsk grammatikk hjå oss på 1800-talet, fortener Roggen å vera det i vårt hundreår og så lenge det finst interesse for latin.

Sjeldan gåve

Om det framleis skulle finnast ein og annan som seriøst ynskjer å læra latin, lyt dei halda seg langt unna denne grammatikken det fyrste studieåret, for på ein nybyrjar vil han verka skremmande. Å læra latin er å gå inn i ei heilt ny og krevjande språkverd. Difor eigna språket seg så godt til å avgjera kven som var skikka til akademiske studium, for det er ikkje nok å vera evnerik når ein vil læra latin – ein må i tillegg arbeida hardt og disiplinert. Språket ville med andre ord høva svært dårleg til den skulen me no har reformert oss fram til.

Men for språkfolk som vil vita meir om latin utan å ta bryet med å tileigna seg sjølve språket, er denne grammatikken ei sjeldan gåve. Og han er det i endå høgare grad for gamle «latinarar». Sjølv har eg aldri som Asbjørnsen gripe til fiskestonga når livet gjekk meg imot, men frå no av kan eg søkja trøyst og ny kveik i Vibeke Roggens Latinsk grammatikk. Ein kan slå opp kvar ein vil – det er næring på kvar side. Vår førsteamanuensis bør dekorerast rikt for dette verket.

Kjell Arild Pollestad

Kjell Arild Pollestad er forfattar, omsetjar, katolsk pater i unåde og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Natur er ikkje berre idyll. Kvart år blir over 100.000 lam og sau borte på beite, dei fleste døyr av sjukdom eller ulukker.

Foto: Paul Kleiven / NTB

KunnskapFeature

Dauden i utmarka

Ei framtid utan konflikt mellom rovdyr og beitedyr er ikkje tenkjeleg.

Arve Nilsen

Det norske damelandslaget etter å ha vunne sitt fyrste EM. F.v. trenar Leif-Erik Stabell, Torild Heskje, Gunn Tove Vist, Bodil Nyheim Øigarden, Liv Marit Grude, ikkje-spelande kaptein Anne-Lill Hellemann, Marianne Harding og Ann Karin Fuglestad.

Foto: Torild Heskje

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

EM-eufori

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Foto frå nettsida til gruppa

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Lite skakande

Ungdomsverka til Heinichen og Telemann treng meir livfull musisering.

Jack Grealish iført dei minste leggbeskyttarane det er mogleg å oppdrive. 

Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB

SportFeature
Maren

Lukta av leggbeskyttarar

Leggen er klart ein utsett kroppsdel i fotball.

Det er berre to ferieområde ved Svartehavet som er tilgjengelege for ukrainarar i det frie Ukraina: Mykolaiv og Odesa fylke. Her frå Svartehavet i 2020.

Foto: Sergei Poliakov / AP / NTB

Samfunn

Krig invaderer sommaren

Førre helg kunne hotell i Odesa melde «Fullt» for første gong sidan starten på fullskalakrigen.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis