I ei nykelstilling
Om eit nykelvitne melder seg, kan ei vanskeleg sak endeleg verta løyst. Vitnet har radt sett noko gjennom eit nykelhol? Dei som vil verja seg mot slike kikarar, kan halda ein stor skiftenykel eller ei matvare med nykelholsmerke framfor nykelholet.
No har ordet nykel svinga seg nokre gonger, men eg kunne òg ha nytta lykel. Kva er tilhøvet mellom dei to? Nei, sei det. I norrønt var det lykill som galdt. Ordet skal vera i ætt med lukka og ha grunntydinga ‘noko som lukkar’. I mellomnorsk finn me òg forma nykill. Det er tolleg vanleg å gå ut frå at nykel i grunnen er same ordet som lykel, berre at l-en fremst i lykel er vorten endra til n ved fjerndissimilasjon, dei kallar. Andre meiner at nykel heng i hop med norrønt hnúka (‘bøya seg, sitja ihopkrøkt’), og at nykel opphavleg tydde ‘krøkt reiskap’.
Då Aasen granska målføra, var båe formene mykje nytta, men på ulike stader. Han skriv at lykel var vanleg vest og nord i landet og i Hallingdal og Valdres. Elles gjekk det mest i nykel. Sidan har nykel (og nøkkel) styrkt stillinga si, men lykel held framleis koken. Dessutan yr og kryr det av talemålsformer, som lykjel, løkjedl, lykkjyl, nykjeli, nykkjyl og nøyel (frå Norsk Ordbok).
Den klassiske nykelen har tre delar: handtak (el. hald, haus, grep), skaft og skjegg (el. skjer, aks). Viktige nyklar i dag er bilnykelen og husnykelen. På mange arbeidsstader lyt ein ha nykelkort. Å nytta nøkkelost (ja, det må skrivast slik, seier norma) som nykel er fåfengt, so kvifor har osten det namnet? Eitt framlegg er at nøkkel – her kjem av eit nederlandsk ord for ‘nellik’, men den vanlegaste forklaringa er at osten har namn etter eit av dei nederlandske føredøma, osten Leidse kaas, som var merkt med byvåpenet til Leiden. Der er det to krosslagde nyklar.
Nykel kan elles nyttast om so mangt. Nykelordet er «biletleg». Det som er viktig for heilskapen eller gjev tilgjenge, forklaring og løysing på eitkvart, kan vera ein nykel. Me talar om nykelen til suksess, nykeltala i rekneskapen og nykelspelarar på laget. Omgrepet nykelroman (eig. ‘roman med (fortolkings)nykel’) kjem frå fransk, medan det å tala om nyklar i musikken (t.d. g-nykel) kjem frå italiensk. Det beste nykel-ordet må vera rauvnykel: ‘unge som klengjer på, gøymer seg attom foreldra’.
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Skodespelar Svein Tindberg flettar saman eigne barndomserfaringar med 4000 år gamle forteljingar frå Bibelen.
Foto: Marcel Leliënhof
Høgaktuelle forteljingar frå Midtausten
Trur vi Bibelen er ei utdatert bok, tek vi feil. Svein Tindberg syner korleis gamle jødisk-kristne soger talar til vår eksistens no når bombene fell mellom folkeslag.
Foto: Dag Aanderaa
Pyntesjuke og luksuslov
Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.
Miridae, ei bladtege med oval form.
Foto: via Wikimedia Commons
Levande innsikt om døyande insekt
Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Pengegaloppen i ferjetoppen
Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»