JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

Ikkje eit eige språk

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Taras Sjevtsjenko (1814–1861) var diktar, kunstnar og humanist. Mange ser på han som Ukrainas nasjonalskald.

Foto: Wikipedia

3733
20220225
3733
20220225

For vel eit år sidan kåserte eg i Oslo om tilhøvet mellom Ukraina og Russland. Det var spent, ikkje fullt så spent som no, på etterjulsvinteren i 2022, men spent.

Den første som melde seg med eit spørsmål, var ei russisk kvinne som, litt forundra, spurde meg om eg var klar over at ukrainsk ikkje var noko eige språk. Eg svara at eg ikkje var klar over det; til liks med svensk, som er eit eige språk, ser eg på ukrainsk som eit eige språk, annleis enn russisk.

Ho heldt fast ved at ukrainsk ikkje var eit sjølvstendig språk. Eg meinte tida var inne for litt språkpedagogikk, ikkje ein altfor stor, men passe stor dose. Resonnementet hennar gjekk ut på at det likna så mykje på russisk at det ikkje kunne ha status som eige språk.

– Eit slikt syn kan du ikkje marknadsføra her i landet. Har du høyrt om Ivar Aasen, spurde eg slesk.

Det hadde ho ikkje. Mange nordmenn har ulike syn på Aasen, sa eg, men også dei fleste av dei som er skeptiske til nynorsken og målreisingsarbeidet, meiner at nynorsk er eit eige språk med sin eigen litteratur, sitt eige formverk og sin eigen grammatikk.

– Men forfattaren Sjevtsjenko har du høyrt om, spurde eg med von i røysta.

Det hadde ho, men berre så vidt det var. Det står eit vakkert minnesmerke over han i sentrum av Washington, men ho hadde ikkje tenkt å gi seg. Ukrainsk var ikkje noko eige språk.

Om ho hadde vore i fleirtal på møtet, ville ukrainsk ha vore utdefinert der og da. Eg valde å bruka definisjonsmakta mi utan skruplar, og ukrainsk overlevde på møtet. Kharkov (byen) heiter Kharkiv på ukrainsk, og dermed kan ukrainsk ikkje få status som eige språk – for dei som er fanatiske nok. Og det er dei; det er ei viljessak.

For ein ekte storrussar er russisk noko heilt for seg sjølv og kan på ingen måte samanliknast med andre slaviske tungemål. Dette storpolitiske grunnsynet finn vi spor av når russarane vil hevda seg og vifta litt ekstra kraftig med flagget, og frå Kremls side er det denne tankegangen som lokkar sjåvinismen fram når ting skal vera ekstra festlege. Dermed vert ukrainsk ikkje noko skikkeleg språk, ikkje eigenleg.

Ukrainsk har ein klang som ikkje heilt kan konkurrera med den russiske, og tilhøyraren min hadde nok høyrt akkurat det på skolen. Eg valde å teia om Aasen, vel vitande om at alle argumenta mine ville falla på steingrunn.

Det ho la opp til, var at det ukrainske i hennar verdsbilete ville koma til kort i ein duell mot det russiske, og så fekk det heller verta på den måten, i alle fall til dette møtet var kome til endes. Men det er enno mange rundar i vente, og så får ukrainarane få tid til å samla seg til nye dystar.

Men duellanten min sat klar med fleire kort, og den storrussiske tankegangen går vidare og har gjennomslag når russarane skal hevda seg som stormakt, ikkje berre grammatisk. Og han – tankegangen – ligg under når russarar skal hevda seg andsynes ukrainarar og andre småfolk. Han kjem til uttrykk når målestokken skal brukast, med sjåvinistiske sitat frå Pusjkins lyrikk, som på sett og vis er inspirert av Petter Northug jr. på sitt verste: «Vi e norsk og vi e bæst.» Anten det er 130.000 russarar oppmarsjerte ved grensene, eller fleire, så er det ikkje meininga at ukrainarane skal vera i stand til å måla seg mot andre, og slett ikkje mot russarane.

Det er slike faktorar som gjer at Ivar Aasen ikkje heilt duger, medan president Vladimir Putin kan samla dei næraste medarbeidarane sine og visa fleire flagg, stridsvogner og soldatar og driva maktpolitikk. Det har vore opplegget hans denne etterjulsvinteren, og så gjeld det å visa kven som er størst – og bæst.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

For ein ekte storrussar er russisk noko heilt for seg sjølv og kan på ingen måte samanliknast med andre slaviske tungemål.

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis