Respekt for språkkulturen

Publisert

Kommunestyret i Hemsedal har med ni mot åtte røyster vedteke at hovudmålet i skulen skal vera bokmål. Dette trass i at folkerøysinga i haust gav eit fleirtal for å halda på nynorsken.

Sjølv om fleirtalet var knapt, burde det avgjort saka. Skulemålet, til liks med administrasjonsspråket i ein kommune, er ei sak for alle innbyggjarane, ikkje berre for elevane og foreldra deira.

Men etter tiår med stor innflytting frå bokmålsområda og utlandet har fleire og fleire foreldre i Hemsedal valt bokmålet for ungane sine. Alt kjem ikkje av tilflyttinga, men i ein liten kommune med 2500 innbyggjarar kan situasjonen fort endra seg dersom ein ikkje står samla om å halda på nynorsken – og sikrar god nynorskundervising for borna.

Resultatet i Hemsedal er at berre 17 prosent av elevane i kommunen i dag nyttar nynorsk, og at to av tre lærarar i Hemsedal har rådd kommunen til å gå over til bokmål.

Dessutan har den allmenne bruken av nynorsk gått tilbake i kommunen. Nynorsken får lite hjelp av den dominerande turistindustrien i bygda. Turistkontoret – eller «Destinasjon Hemsedal» – skriv bokmål, til liks med det meste av næringslivet. Eit viktig unntak er lokalavisa Hallingdølen, som er ei god og solid nynorskavis.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement