De tnye albumet til Meg Baird kjem ut i slutten av januar.
Foto: Rachael Cassells
Den kvelden du kom hit
Det er ikkje alltid det skal så mykje til å strekkje ut ei hand, slik at det får ein verknad som er større enn ein først skulle tru. Den enklaste gesten kan utgjere heile forskjellen, tenkte eg her for litt sidan, då eg lytta til «Cross Bay», ein av dei tindrande låtane på Meg Bairds nye album Furling.
Albumaktuelle John Cale skal på turné og kjem mellom anna til Noreg.
Foto: Playground
Kreativt tilbakeskodande
Det var då eg først høyrde «Story of Blood», at eg tok til å sjå fram til Mercy, det nye albumet til John Cale. Den første smakebiten, «Night Crawling», det einaste sporet på plata som klokkar inn på under fem minutt, var pirrande nok, med sine utvitydige David Bowie-referansar, men med den andre singelen fekk vi auge på artisten i eit meir eksperimenterande musikalsk terreng, der han ofte er på sitt beste. Over knapt åtte minutt brettar han ut ein motsetjingsfull biletkrins, der blodet får stå som symbol for både liv og død, medan vi høyrer røysta til Natalie Mering (Weyes Blood) på ein ganske ny måte. Dette er saker, tenkte eg.
Sophie Jamieson lagar musikk med ei uvanleg konfronterande kraft, skriv Øyvind Vågnes.
Foto: Bella Union
Meir enn ei tørke, meir enn ei flod
Choosing, Sophie Jamiesons debutalbum, er ei av desse platene som slår meg ut, ja, det er nesten så det er vondt å lytte. Og likevel har eg ikkje hatt anna på øyretelefonane dei siste dagane.
Daniel Radcliffe i rolla som «Weird Al» Yankovic i filmen som er regissert av Eric Appel.
Foto frå filmen
Forunderleg parodipolka
Ei snurrig djupne oppstår i sidestillinga av lettbeinte, parodiske coverlåtar og tilsikta overdriven dramatisk filmmusikk.
Weyes Blood teiknar eit dystert bilete av samtida vår, skriv Øyvind Vågnes.
Pressefoto
Hjartet som gløder
På veg oppover og oppover, mot toppen av pariserhjulet, vert det lenger og lenger til det mørke vatnet der nede, og verda slik ein kjenner henne – og det er i denne flukta «Hearts Aglow» plasserer oss, eit nøkkelspor på And in the Darkness, Hearts Aglow, det ferske studioalbumet frå Weyes Blood.
Caitlin Rose er nokre hakk nærare popen og rocken på det ferske albumet, skriv Øyvind Vågnes.
Foto: Laura E. Partina
Hjartet til sola
Det lovar ikkje godt når du finn ei ripe i spådomsglaset, slik tilfellet er i Caitlin Roses «Black Obsidian», ein av dei finaste songane på haustens nye album, Cazimi. Biletbruken er forfriskande original: «Kjærleiken vår er ein spegel», heiter det i teksten, «kjærleiken vår er svart obsidian».
Å få ei ny plate frå Alela Diane i hendene kjennest litt som å få postkort frå ein gammal ven, meiner Øyvind Vågnes.
Pressefoto
Drøym ei elv
Nokre gonger må det til ein siste tur innom for å seie farvel – som i dei første verselinene i «Dream a River», på Alela Dianes ferske album Looking Glass, hennar sjette. Men farvel til kva? Minna gøymer seg bort i krokane i romma, syng Diane, og lyttaren forstår at det er eit hus det dreier seg om – fylt av stemningar og forteljingar som for ei tid var sjølve livet, ei tid som no er over.
Courtney Marie Andrews har gitt ut eit nytt album og kjem til Oslo til våren.
Foto: Chalk Press Agency
Gode, gamle dagar
Det er dette som er dei gode gamle dagane, dei vi lever i her og no. Slik er bodskapen i det femte sporet på plata Courtney Marie Andrews kjem ut med i dag, titulert Loose Future. «Don’t let time slip away», syng trubaduren på «These are the good old days». For slik er jo farane med å bruke for mykje tid på å preike om gode, gamle dagar – brått mistar ein av syne det som er her og no, livet det av og til kan kjennest som ei gåve å vere midt i.
Kurt Wagner i Lambchop.
Foto: Mickie Winters
Kurt kokar hovudet
Kva er Lambchop? Det er eit spørsmål Kurt Wagner er den einaste som kan svare på, for det er frontmannen i det omskiftelege bandet som i realiteten til ei kvar tid definerer kva som skal komme frå den kanten. Og på det åttande sporet på årets nye album, «Every Child Begins the World Again», er det som om alle versjonane av Lambchop kulminerer i ein og same song, som ein manifestasjon av både dei impulsane som har ført namnet dit det er i dag, og dit det kan førast vidare.
Marion Cotillard i ei av hovudrollene i musikalen.
Foto: CG Cinema International / Tribus P Films International
Seriøs humorrockeopera
Sony / Universal
Magisk realisme-rockeoperaen Annette er regissert av Leo Carax og har libretto og musikk av glam-, kunstrock- og synthpopbandet Sparks, som har halde den kreative gnisten i gang i over femti år og stadig har humøret intakt. Det hadde ikkje kritikaren som ropte: «Fuck you and get the hell out of Cannes» på pressevisninga i Cannes, der Annette fekk prisen for beste regi.