Den gråtande syklisten
Laura Veirs har laga plate om tida etter brotet.
Laura Veirs har alltid vore ein sterk låtskrivar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Lauraveirs.com
Rock
Laura Veirs:
Found Light
Bella Union / Border
Eg veit det er dårleg timing, men det er likevel ein haustsong eg har på hjernen for tida: I «Autumn Song», som opnar årets sommaralbum frå Laura Veirs, Found Light, erklærer ho like godt sommaren for over i første verseline. Tida er inne for å lage ei liste, syng Veirs, ei oversikt over måtar å vere fri på, måtar å sleppe taket på – over alt ein veit no, som ein ikkje visste før.
Det var tidleg på hausten i 2019 at Veirs og ektemannen Tucker Martine gjekk frå kvarandre, og brotet mellom dei skal ha vore både konfliktfylt og komplisert. Ikkje berre hadde dei to barn i lag, også karrierane var filtra saman, i eit musikalsk samarbeid som hadde vart i to tiår.
Vegen vidare
I eit intervju med The Guardian for eit par år sidan fortalde Veirs at ho sykla rundt i Portland, der dei budde, idet forholdet fall frå kvarandre: «Eg tok til å kalle meg sjølv den gråtande syklisten», sa ho lakonisk til avisa.
Tre år seinare er altså Found Light her, ei plate pressemeldingane insisterer på at slike som meg ikkje skal kalle eit «skilsmissealbum». Eg skjøner kvifor, for sjølv om nokre av populærmusikkens største klassikarar har vore nett slike plater, så har dei noko tilbakeskodande over seg, medan dei nye songane til Veirs snarare dokumenterer tida som følgjer brotet, der noko nytt sakte, men sikkert er i emning, ei ny framtid det gradvis vert mogleg å førestille seg.
Utan Martine som medmusikar og produsent har dessutan Veirs kunna oppdage seg sjølv på nytt (med Shahzad Ismaily som medprodusent), og det tolvte studioalbumet hennar stakar på mange måtar ut eit nytt terreng, som i ei lydleggjering av lista ho set føre seg å lage i opningssporet.
Sterk låtskrivar
Det har vorte ei skikkeleg fin plate. Ein sterk låtskrivar har ho alltid vore, men kanskje har ho aldri vore råare og meir rett på enn i ein song som «Seaside Haiku», der det handlar om kor risikabelt det kan kjennest å gi av seg sjølv – og risikabelt høyrest det saktens ut også.
Det er noko utforskande over instrumenteringa på Found Light, som med det minimalistiske, men tindrande pianospelet på «Ring Song», det søkjande saksofonspelet på fleire songar, det gnistrande, skakke felespelet på «Time Will Show You» – og blåsarane og pianoet på nesten-instrumentalen «Komorebi».
Der My Echo (2020) sirkla inn det som var eit rått brot, kjennest Found Light meir som neste steg. Eg trur ikkje lenger Veirs er den gråtande syklisten.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.