JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Heimen, før og etter

Regina Spektor slapp å betale då Gud tok henne med på bar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Regina Spektor vaks opp i Moskva og lærte å spele klassisk piano.

Foto: Shervin Lainez

3664
20220624
3664
20220624

Rock

Regina Spektor:

Home, Before and After

Warner Records

Det er på veg heim ein sein kveld, forbi barane og dei nattopne kioskane, at forteljaren i «Becoming All Alone», opningssongen på Regina Spektors nye album, får ein førespurnad frå ingen ringare enn Gud, som vil ta ein øl og slå av ein prat. «And we didn’t even have to pay», heiter det vidare, «because God is God and he’s revered».

Kanskje høyrest dette rølpete ut, men det er det ikkje, altså – eg vil tvert om seie at det dreier seg om ein låt som er avvæpnande djupsindig og underfundig, og som om ikkje det er nok, er han skrudd saman på ein måte som gjer at ein berre må lytte igjen og igjen. Det vert heller ikkje verre av at Spektor porsjonerer ut nokre små orkestrale Rachmaninov-aktige dropar som passar perfekt til songens miks av eksistensielt alvor og avvæpnande humor.

Dramatisk struktur

Ein amerikansk forfattar eg kjenner, tok til å spekulere i sosiale medium om teksten er ein refleksjon over Martin Heideggers filosofi, men det skal vi la ligge her. Saka er at smakebitane som har følgt, har gjort både meg og andre berre meir og meir nyfikne på kva for slags plate Home, Before and After, som er ute i dag, er. Ein song som «Up the Mountain» liknar ei kinesisk øskje, der kvar fabel opnar seg inn i ein ny fabel – og viser korleis Spektor nærast tenkjer dramatisk struktur når ho komponerer, med folkeeventyrlege element som vert styrkte av melodi og orkestrering.

Spektor (42) er russisk-amerikansk og vaks opp i Moskva, der ho lærte å spele piano og gjorde seg kjend med både den klassiske musikktradisjonen og populærmusikken. Den jødiske familien hennar forlét Sovjetunionen i 1989, då dei reiste til Austerrike og så Italia, før dei kom til USA som flyktningar, og busette seg i bydelen Bronx i New York. Der heldt Spektor fram med å spele piano i kjellaren i den lokale synagogen, før ho tok til med studium i dette instrumentet og etter kvart i komposisjon. Sidan tidleg på 2000-talet har ho vore ein del av musikklivet i byen.

Sofistikert

Både på tidlegare plater og på den nye av året er det lett å høyre spor av alt dette, ikkje minst i pianospelet og i dei sofistikerte og intrikate låtane. Spektor kan lage ein avantgardistisk og eigenrådig pop som stadig overraskar, men ho kan også nå breitt og ha hitpotensial, som då ho laga «You’ve Got Time», tittelmelodien til Netflix-serien Orange Is the New Black (Jenji Kohan, 2013–2019). Musikken hennar trekkjer vekslar på ein heil buffé av tradisjonar og sjangrar og er både rastlaus og stringent, og tekstane har ofte litterære referansar.

Det er vanskeleg ikkje å lese tittelen Home, Before and After som ein kommentar til pandemiens før og etter. Plata vart spelt inn i ei ombygd kyrkje nord i delstaten New York i ein global unntakstilstand, og meir enn nokon gong før arbeidde artisten med songane åleine storparten av tida – orkesteret er spelt inn i Makedonia.

Men dette er songar som er sterke nok til å få nye tydingar med nye tider, og tittelen peikar også mot artistens eigen bakgrunn. «Bombing and shelters go together», heiter det i fine «What Might Have Been», som utforskar samanhengane i kontrastar og motsetnader. Låten hadde sjølvsagt eksistert lenge før Russland invaderte Ukraina, og ein opprørt Spektor kommenterte det i sosiale medium – ho høyrer til mellom dei som har besteforeldre frå begge land, og kan hugse at slektningar frå Kyiv vitja familien i Moskva. Med Home, Before and After har ho laga sitt mest ambisiøse og beste album så langt.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Historia om Gilles Andruet (1958–1995) er ein gjengangar i «true crime»-sjangeren.

Frå sjakkverdaKunnskap

Lagnaden til minnemeisteren

Fekk han eit rom for natta, vart senga og golvet straks dekte av appelsinar, appelsinskrell, klede og sovjetiske sjakkblad.

Atle Grønn

Å rekna nautiske mil med passar og rullelinjal, er det nesten ingen som gjer lenger.

Foto: May Linn Clement

KunnskapFeature

Vegen til båtførarkortet

Kva må til for å kunna føra store fritidsbåtar i høg fart?

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis