JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Ingen syng Dylan som Cat Power

Haustens beste Dylan-plate er det ikkje mannen sjølv som står bak.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bak artistnamnet Cat Power skjuler Chan Marshall seg.

Foto: Inez & Vinoodh

3121
20231117
3121
20231117

Rock

Cat Power:

Cat Power Sings Dylan

Domino

Idet flokkar med trufaste Dylan-lyttarar denne fredagen samlar seg rundt den dagsferske boksen i Bootleg-serien, konsertopptaket The Complete Budokan 1978, med ein miks av plikt og utforskarglød, er det freistande å stadfeste at det ikkje er mannen sjølv som står bak den beste Dylan-utgivinga denne hausten, men snarare Cat Power, som i desse dagar er aktuell med livealbumet Cat Power Sings Dylan: The 1966 Royal Albert Hall Concert.

Kunstnarleg triumf

Bakgrunnen for Cat Powers album er at Chan Marshall, som står bak artistnamnet, fann ut at ho sjølv skulle framføre Dylans 1966-konsert i Royal Albert Hall i same konsertsal, og slik vart det, for eit års tid sidan. Den dristige ideen er full av risiko og fallhøgde, men når opptaket no føreligg, står prosjektet fram som ein kunstnarleg triumf for ein av dei verkeleg store fortolkarane av rocketradisjonen i vår samtid.

I realiteten var det myteomspunne konsertopptaket Cat Power tolkar, som har sirkulert på piratplater sidan den gongen, henta frå Manchester, ikkje London, men det doble settet var ganske likt på turneen den gongen: Først spelte Dylan nokre songar åleine, med kassegitar og munnspel, før han kom på med The Band etter ein pause. Cat Power held på denne strukturen, med eit akustisk sett etterfølgt av eit elektrisk sett.

Ingen syng Dylan som Dylan sjølv, heitte det i ein kampanje plateselskapet hans Columbia køyrde ut ein gong på 60-talet. Sant nok, og serien med piratutgåver og sjeldne spor som har fått namnet Bootleg series har inspirert til ein del revisjonisme, der materiale som ikkje berre er fullt på høgde med, men også betre enn det som vart utgjeve, har sett dagens lys.

Når det gjeld konsertane mannen heldt i Japan i 1978, som tidlegare har vorte representerte på albumet At Budokan (1979), endrar likevel ikkje den nye, meir omfattande boksen totalinntrykket, nemleg at turneane tidlegare på 1970-talet var av eit heilt anna – og betre– kaliber. Sjølv høyrer eg til mellom dei som ikkje heilt klarer å halde ut det aggressive fløytespelet til Steve Douglas på fleire av versjonane frå denne Dylan-epoken, og diverre kan ikkje ein påkosta tiltalande boks endre på dette.

Intensitet

På Cat Powers album kjem Dylans kanoniserte 60-talslåtar til liv med ein intensitet eg ikkje heilt var førebudd på, ikkje minst fordi Chan Marshall i møtet med materialet framstår som ein så formidabel vokalist – fraseringa i desse tolkingane får rett og slett songane til å gløde på nytt, i begge sett.

I eit år der Dylan-skallar verda over kosar seg med Clinton Heylins andre band i sin voluminøse biografi, og med rikdomen i det like gigantiske bokverket Mixing Up the Medicine, som byr på nye essay og nokre glimt frå arkivet i det nyopna arkivet i The Bob Dylan Center i Tulsa, er det til sist Cat Power Sings Dylan som opnar dørene til vår tids største songskatt med sterkast kraft.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis