Før og etter rulleteksten
Den nye plata til The Sadies, Colder Streams, skulle vise seg å verte den siste Dallas Good var med på.
The Sadies viser musikalsk breidde på det nye albumet, skriv Øyvind Vågnes.
Pressefoto
Rock
The Sadies:
Colder
Streams
Yep Roc / Border
Når ein leitar etter svar, og nye spørsmål er alt ein finn, kva er det for ein sirkelgang ein er inne i då? Slike grubleri vert gjorde levande i «All the Good», det femte sporet på Colder Streams, den nye plata til The Sadies. «All the good in me is in pain/ I try not to think about it», heiter det i opningslina, men dit kjem ein aldri i løpet av dei knappe fire eksistensielle minutta låten varer, for når ein prøver hardt å ikkje tenkje på noko, kan ein som kjent knapt tenkje på anna.
Dette høyrest jo dystert ut, men det er noko mildt og forsonande over den slentrande bluegrassen The Sadies kler songen med, der foreldra til brørne Dallas og Travis Good, Margaret og Bruce Good, er med og syng og spelar, og Travis plukkar fram både banjo og mandolin.
Breidde
Det er typisk for Colder Streams at vi i det påfølgjande sporet, bluesrocklåten «No One’s Listening», vert kasta inn i eit skikkeleg trøkk der Jon Spencer gjestar med gitarfuzz. Albumet vitnar om både det canadiske bandets musikalske breidde og den autentiske tilnærminga dei har til ulike variantar av det vi tenkjer på som rockemusikk.
Når rulleteksten til slutt kjem, med instrumentalen «End Credits», opnar lydbiletet seg i eit westernpanorama med mellotron (ved Michael Dubue) og det heile i ein storslegen finale, og ei kjensle av at vi har vore på ei reise gjennom eit omskifteleg, musikalsk landskap, og er framme ved vegs ende, gjer seg gjeldande.
Colder Streams følgjer den sørgjelege meldinga som kom i vinter om at Dallas Good brått hadde gått bort i ein alder av 48 år. Dermed kan dette verte det siste albumet frå The Sadies, i alle fall i den konfigurasjonen vi kjenner, med brørne Good, Mike Belitsky på trommer og Sean Dean på bass – eit firkløver som i eit kvart hundreår har hatt rykte på seg for å vere mellom dei beste konsertbanda du kan finne. I tillegg har dei hatt ei avgjerande rolle som turnéband og sentrale samarbeidspartnarar med ei rekkje artistar, mellom dei Neko Case, dokumentert på framifrå The Tigers Have Spoken (2004).
Lytt
Colder Streams er produsert av Richard Reed Parry (Arcade Fire), og det er ikkje tvil om at det har vore ein god match, noko Dallas Good kjem inn på i ein «antibiografi» som følgjer utgivinga, ein tekst som elles treffer blink i sin harselas med plateindustriens hang til å genierklære alle nye plater i såkalla bios. Det er nesten så ein rykkjer til i stolen når nokon seier det som det er, i straumen av slike pressemeldingar.
Eg tilrår å gi albumet ein lytt, og eg lèt Dallas Good få det siste ordet: «Do any bands make their best work this far along in their career? I can think of artists who still make great music after all these years, but their best? Yet, here we are and that’s what I’m accusing us of. I think it’s our best but I’ve been wrong before. All I ask is that you listen to a few songs and decide for yourself what it sounds like.»
Colder Streams kjem ut 22. juli.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.
Frå markeringa av den internasjonale kvinnedagen i Oslo sentrum.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Bollestad sprer myter og faktafeil
Vi må skille mellom hva som skal løses av abortloven, og hva som skal løses andre steder.