Musikk

Heretter heiter det vi

Arcade Fire tematiserer både isolasjon og fellesskap på det sjette albumet.

Arcade Fire under ein konsert i Budapest 17. juni 2018.
Arcade Fire under ein konsert i Budapest 17. juni 2018.
Publisert

Det flimrar frå fjernsynsskjermen i ei elles nattemørk stove i opningssporet på den nye plata frå Arcade Fire, ein låt som sirklar inn det som vert kalla angstens tidsalder – ei tid der ingen søv, og pillane ikkje hjelper, som det heiter i «Age of Anxiety». Men songen utstrålar alt anna enn resignasjon. Snarare fyller han rommet med den pulserande energien rockebandet har gjort til sitt varemerke, og reindyrkar på We, vårens nye utgiving.

Arcade Fire vart stifta i 2001 i Montreal, og no som då er ekteparet Win Butler og Régine Chassagne i front, med multiinstrumentalistane Richard Reed Parry og Tim Kingsbury i sentrale roller, ein gjeng som har spelt saman sidan debuten Funeral (2004) kom ut. Bror til Butler, Will, har også vore med sidan den gong, men forlét bandet (utan nokon konflikt som bakgrunn) etter at We var ferdig innspelt i fjor. Også trommis Jeremy Gara har vore med lenge, sidan andreplata Neon Bible (2007), så det er ein tettspelt gjeng som kjenner kvarandre godt, vi møter på det som er deira sjette studioplate, fem år etter at Everything Now kom ut.

Blanda mottaking

Det førre albumet fekk blanda mottaking, særleg fordi mange meinte at Win Butler, bandets primære vokalist og tekstforfattar, vart for overtydeleg i ein kulturkritikk som dessutan kjendest forseinka.

Platene til Arcade Fire har alltid vore heilskapleg og ambisiøst orienterte mot det konseptuelle, mot dei store eksistensielle og politiske spørsmåla, og så også denne gongen. I første halvdel tematiserer We menneskeleg isolasjon, og i andre halvdel krafta som ligg i samhaldet og i det kollektive. Albumet er prega av pandemien som bakteppe i eit knippe låtar Butler og Chassagne har laga saman.

Ekko frå 70- og 80-talet

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement