JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Gi meg eit boblebad, folkens

Har Wet Leg laga årets herlegaste plate?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vi hadde ikkje andre ambisjonar enn å spele nokre tøysete songar, sa Hester Chambers til New York Times nyleg, her i fanget til  kollega Rhian Teasdale.

Foto: Hollie Fernando / Domino Music

2845
20220408
2845
20220408

Rock

Wet Leg:

Wet Leg

Domino / Playground

«I checked my phone/ and now I’m inside it», heiter det i ein av låtane på debutalbumet Wet Leg, frå duoen med same namn. «Oh No» skildrar ganske så presist korleis timane kan gå opp i luft med telefonen i hendene: «Oh no/ Suck the life from my eyes/ it feels nice/ I’m scrolling.»

Wet Leg er ei plate proppfull av slike observasjonar, framførte i uimotståelege, snertne rockelåtar med forgreiningar inn i new wave-musikken. Eg har lytta og nikka og ledd ein del over desse songane, som ganske treffsikkert får fram situasjonar og stemningar som er så altfor lette å kjenne att – til dømes når ein står der, på ein fest, og tenkjer: Kvifor er eg eigentleg her? «I don’t wanna follow you on the ’gram/ I don’t wanna listen to your band,/ I don’t know why I haven’t left yet,» heiter det i «Angelica».

Gitar og song

Chambers og Teasdale er begge i slutten av tjueåra, kjem frå Isle of Wight og spelar gitar og syng. Forteljinga om den bråe suksessen til Wet Leg er (i alle fall så langt) herleg usannsynleg, for det er ikkje mange band som får avtale med Domino Records basert på nokre få songar på ei privat SoundCloud-side, i alle fall ikkje om dei er milevis unna verdas musikkmetropolar.

Førstelåten «Chaise Lounge» har vorte avspelt ganske mange fleire gonger enn det Hester Chambers og Rhian Teasdale hadde drøymt om, og vart omfamna av alskens stjerner og radiovertar då han først dukka opp.

«Vi hadde ikkje ambisjonar om noko anna enn å spele nokre litt tøysete songar», sa Chambers for nokre veker sidan til New York Times, som etter ein konsert på Manhattan syntest det var kjekt til ei forandring å ha publikum i salen, for det hadde ho ikkje vore bortskjemd med før.

Skrått blikk

Trist musikk for festfolk og festmusikk for triste folk – slik har Teasdale og Chambers sjølve karakterisert det dei lagar. Livet har sine sider, og Wet Leg er innom fleire av dei i løpet av desse tolv kontante, kjappe låtane. Musikken har noko av den same kvaliteten som god standupkomedie, med skrått blikk på kvardagen i poengterte, effektive verseliner.

Det teiknar seg etter kvart eit bilete av at mykje av det du har høgast forventning til, viser seg å vere mest oppskrytt. Eg veit ikkje om dette er livet eg såg føre meg at eg skulle leve, heiter det i avsluttande «Too Late Now», før følgjande ganske uimotståelege tirade: «I don’t need no dating app/ to tell me if I look like crap/ to tell me if I’m thin or fat/ to tell me should I shave my rat/ I don’t need no radio, no MTV, no BBC/ I just need a bubble bath/ to set me on a higher path.» Til det seier vi amen og kryssar av i kalenderen at desse damene dukkar opp på Loaded-festivalen i Oslo i juni.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis