JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Ortons triumf

Beth Orton står fram som ein revitalisert artist på ei plate som høyrer til mellom årets aller beste.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det nye albumet til Beth Orton er i sal frå neste fredag.

Pressefoto

3652
20220916
3652
20220916

Rock

Beth Orton:

Weather Alive

Partisan Records / Pias

Kva er dette? Første smakebit frå Beth Ortons «Weather Alive», tittelsporet, gav fleire enn meg hakeslepp då songen dukka opp, rett før våren vart til sommar. Det var som om artisten stod fram i heilt ny drakt. Sjølve røysta rommar motsetnader, mellom det slitne og det slitesterke, og artikulasjonen har noko dvelande ved seg, som om vokalisten søkjer seg fram til kvart ord. «The world is falling from my hands», syng Orton, «and the words will never understand».

Det er ein perfekt måte å introdusere dette albumet på, for «Weather Alive» er sett til halvlyset då alt berre er konturar – då så mykje kan ta form. Og mot dette lyriske bakteppet opnar også eit musikalsk univers seg, eit som er heilt nytt for Orton, som denne gongen har plassert seg sjølv ved tangentane. Tom Herberts bass lagar ein varm puls i botnen, og vibrafonen til Sam Beste får det til å dirre i scenene som utspelar seg, i skuggar og lys, der hav møter land.

Velspelt

Weather Alive er ei uhyre velspelt plate, der bandet er med på å definere korleis kvar song til slutt høyrest ut. Musikarane er sikre nok til å kvile i rommet der formløyse møter form, slik at Ortons utprøvande vokal får følgje i eit laust uttrykk fullt av rørsle. Her er kvar detalj viktig, i eit kresent, minimalistisk tonefølgje som er skreddarsydd til dei fragmenterte, stemningsrike tekstane.

Shahzad Ismaily spelar ei viktig rolle på ei rekkje instrument, og Tom Skinner er med på trommer. Ortons første utgiving på seks år har i det heile nokre definerande jazzdropar med i miksen – saksofonisten Alabaster DePlume er til dømes heilt avgjerande for den mildt funky songen «Fractals», der det vi høyrer på plate, ifølgje Orton sjølv, er det første opptaket dei laga saman i studio. Møtet mellom popmelodi og jazzimprovisasjon er så sterkt som det kan bli, og for denne lyttaren det mest vellukka sidan David Bowie laga sitt aller siste album, Blackstar (2016), saman med eit lite knippe jazzmusikarar, rett før han gjekk bort. Til liks med det albumet har Weather Alive også sine mørke stunder, fleire av songane skildrar oppløysning og tvil, famling og søking.

Neste år er det tretti år sidan Orton platedebuterte, og andrealbumet Trailer Park (1996) stod som eit av det tiårets heilt sentrale utgivingar, med sine ekko frå 1960- og 1970-talet, som vart kombinerte med typiske element frå 1990-talets elektroniske musikk. Orton stod fram som ein eksepsjonelt gåverik låtskrivar, men sjølv om ho har komme tilbake med jamne mellomrom, har det aldri vore med same momentum som i tidlege år.

Revitalisert

Det høyrer med til historia at ho har slite med kronisk sjukdom, noko ein også kan ane her og der i tekstane på Weather Alive, men grunnen til at ho har forsvunne frå rampelyset, kan like gjerne vere at ho står fast ved sin kunstnarlege integritet. Ho har aldri slege seg til ro med å gjenta seg og spele på ei oppskrift som verka, men har heller ein rastlaus trong til fornying, med den risikoen som det inneber.

Slik eksperimentvilje er ikkje alltid det den kommersielle musikkindustrien søkjer etter, og det høyrer med til historia at eit større plateselskap droppa henne då ho arbeidde med Weather Alive. Dess meir tankevekkjande, då, at plata etter mitt syn er ein sterk kandidat til å verte årets beste album, av ein artist som står fram som revitalisert, etter alle dei motbakkane ho har vore gjennom.

Weather Alive kjem ut 23. september.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis