JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Snevert grunnlovsframlegg om språk

Endeleg vil eit breitt fleirtal i Stortinget grunn­lovfeste norsk språkpolitikk. Diverre er framlegget innsnevrande og grunngivinga overflatisk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I 1814 vedtok riksforsamlinga på Eidsvoll at dei som blir tilsette i embete i staten, skal «tale Landets Sprog». Det kravet gjeld framleis.

Foto: Stortinget

7146
20240705
7146
20240705

Representantar frå alle partia i Stortinget utanom Framstegspartiet la 20. juni fram Grunnlovsframlegg 4 med ny paragraf 120 b i Grunnlova på nynorsk og bokmål: «Norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Bokmål og nynorsk er jamstilte og likeverdige norske skriftspråk.»

Dette er ikkje så greitt som det ser ut, og kan vere prisen for brei semje.

Viktig meiningsskifte

På 200-årsdagen for Ivar Aasens fødsel 5. august 2013 vitja representantar for alle partia Aasen-tunet. Der og då kunngjorde partileiar og kommunal- og regionminister Liv Signe Navarsete at ho ville føreslå å grunnlovfeste jamstillingsvedtaket frå 1885. Ikkje veit eg kva som skjedde, men framlegget kom aldri til talarstolen i Stortinget.

Carl I. Hagen og Finn-Erik Vinje hadde i 2008 fremja forslag om å modernisere det opphavlege danske språket i Grunnlova. Etter eit initiativ frå rådsordførar Morten Søberg bad rådet i Nynorsk kultursentrum våren 2010 Stortinget om at Grunnlova også skulle kome på nynorsk. Med dette utspelet hekta stiftarane i Nynorsk kultursentrum seg på den prosessen som så vidt var i gang.

Etter ymse om og men gjekk Ap, Sp og SV i 2012 inn for ei modernisert grunnlov på bokmål og nynorsk. H og Frp røysta for subsidiært, men V og KrF var grunnlovskonservative og røysta mot. Partia rakk så vidt å skifte meining i dagane før 6. mai 2014. Då vedtok Stortinget med 168 røyster mot 1 heile Grunnlova på nynorsk.

Denne meiningsendringa står fast ti år etter, men stikk den djupt nok, og femner forslagsstillarane vidt nok? Nei.

Grunntekst for staten

Ei grunnlov er vel så mykje eit politisk dokument som eit juridisk. Den er grunnteksten for ein stat der styresmaktene i kortform klargjer prinsipp for samfunnsorganisering, maktfordeling (eller maktkonsentrasjon), rettar og plikter for så vel borgarar som makthavarar. I slike tekstar seier ein det som er særleg viktig og overordna for den fellesskapen ein stat utgjer. Når noko står på spel, kan ei grunnlov vere uunnverleg.

I fredelege tider og i samfunn med små konfliktar kan grunnlover lett bli festtalar med lakksegl og signaturar. Brått snur det, som då nokon prøvde å drepe forleggjaren William Nygaard hausten 1993. I åra før kjendest det ganske unødvendig å marme om verdien av ytringsfridom her til lands. Etter 11. oktober 1993 har nordmenn snakka med eit heilt anna alvor om paragraf 100 i Grunnlova.

Med eit lån frå Noregs Mållag, trur eg det er, viser forslagsstillarane til at 148 statar i verda har grunnlover med føresegner om nasjonalspråk, og at 97 statar har grunnlover «med føresegner som på ulike vis vernar språkbruk». Kjelda er Constitute.com. Går ein bak tala og sjekkar kvar stat, viser det seg at 158 ulike statar har grunnlovfesta språkpolitikk. Berre 10 av desse har nøgd seg med føresegner om regionspråk, urfolksspråk, minoritetsspråk eller ymse språkvern. Mellom desse få er Noreg med grunnlovsparagraf om samisk frå 1988.

Språkpolitikk var inga stor sak då Grunnlova blei signert på Eidsvoll 17. mai 1814. Med jamstillingsvedtaket vel 70 år seinare ordla dei folkevalde seg på grunnlovsnivå. Ut på 2000-talet må ein tenkje endå større.

Språk eller skriftspråk

I innstillinga frå kontroll- og konstitusjonskomiteen i 2014 omtalte komiteen nynorsk som eit språk, men var inkonsekvent i bruken av både dette og andre omgrep.

Inkonsekvente er også forslagsstillarane i 2024. På første sida blir nynorsk og bokmål omtalte som «dei to norske skriftspråka». På side 2 heiter det at «dei to språka» er jamstilte som grunnlovsspråk.

Etter at Stortinget samrøystes vedtok lov om språk i mai 2021, var det å vente at slikt var til å unngå i stortingsdokument. Nøkkelparagrafen i språklova er § 4: «Norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Bokmål og nynorsk er likeverdige språk som skal kunne brukast i alle delar av samfunnet. I offentlege organ er bokmål og nynorsk jamstilte skriftspråk.»

Den setninga eg har utheva, har dei sju stortingsrepresentantane stroke. Dei utvidar jamstillinga av skriftspråka, som i språklova er avgrensa til offentleg forvaltning av di ingen kan påleggjast å snakke eit normert språk. Samstundes avgrensar forslagsstillarane nynorsk og bokmål til å vere skriftspråk, ikkje språk, i den nye grunnlovsparagrafen.

Dermed gjer dei den overordna Grunnlova snevrare enn den underordna språklova. Det vanlege er det motsette – grunnlovsparagrafar blir utdjupa, konkretiserte og presiserte i andre lover, og ingen slike lover skal vere i strid med Grunnlova. Vedtek Stortinget grunnlovsframlegg 4 uendra, kan språklova kome i strid med Grunnlova.

Som andre språk i verda er nynorsk både tale og skrift. I dag snakkar dei aller fleste nynorsk i form av ein dialekt, men slik har det ikkje alltid vore. Den som meiner at nynorsk berre er eit skriftspråk, ønskjer eg lykke til med å forklare at mesteparten av om lag 60.000 framsyningar ved Det Norske Teatret frå og med 1913 har vore på standard nynorsk, at NRK-journalisten Eivind Molde nyleg fekk Kringkastingsprisen for bruken av standard nynorsk tale, og at til dømes eg sjølv snakkar standard nynorsk, rett nok litt ruskete.

Det norske tilfellet

Grunnlovsframlegg er sjeldan utførlege dokument. Når framlegget skal drøftast i kontroll- og konstitusjonskomiteen, bør komiteen gå grundigare inn i grunngivinga på fleire punkt.

I den korte grunngivinga viser forslagsstillarane summarisk til korleis Austerrike, Finland, Frankrike, Irland, Spania og Slovenia omtaler språk i konstitusjonane. Dei hadde stått seg på å reflektere over den openberre skilnaden mellom Noreg og desse statane.

For dei fleste i Noreg er bokmål og nynorsk gjensidig forståelege språk. For innbyggjarane i dei seks nemnde statane er ikkje dei grunnlovfesta språka slik. Av dei 7100 språka som er dokumenterte i dagleg bruk, er dei færraste gjensidig forståelege. Ein finn då heller ikkje mange statar som har grunnlovfesta to gjensidig forståelege språk. Korleis dette bør gjerast, er ei meir original problemstilling enn ein har tenkt over.

Merkeleg nok skriv forslagsstillarane knapt noko om verdien av norsk språk generelt og to norske språk spesielt. Dei nøyer seg med uro for domenetap til engelsk. På same måten som Stortinget seinast i 2014 argumenterte godt for eigenverdien av at «ytringsfridom skal det vere», bør Stortinget ved neste høve framheve den språklege eigenverdien som er der anten engelsk trugar eller ikkje. Då kjem ein ikkje utanom å skrive også dei nasjonale minoritetsspråka inn i Grunnlova. Også her tenkjer forslagsstillarane snevrare enn Stortinget gjorde i 2021.

Det er på høg tid at Stortinget ryddar opp og fører språkpolitikken inn i Grunnlova, men Grunnlovsframlegg 4 av 20. juni 2024 er ikkje godt nok. Ordlyden må skjerpast, fleire språkgrupper må med og grunngivinga utvidast slik at dei folkevalde er på parti med språka.

Ottar Grepstad arbeidde som direktør i Nynorsk kultursentrum og styreleiar i Språkrådet for grunn­lovvedtaket i 2014.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Som andre språk i verda er nynorsk både tale og skrift.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis