Fjør i hatten
Mange av dei fjørkledde venene våre har floge sørover no. Fjørhanen (tiuren) er mellom dei som held stand. Kan henda bruser han litt med fjørene òg. Fjørfekjøtet har korkje vengefjører eller halefjører og kan ikkje flyga nokon stad på eiga hand. Det er ikkje støtt fjørfeet med fjørdrakt er flygeført heller. Desse fuglane er ofte innestengde og får aldri sjå fjørskyer (cirrus).
Etter måten etterlengta
Veke etter veke har eg gått vanlege ord etter i saumane i denne spalta, og den eine lesaren etter den andre har i etterkant kome med tilbakemeldingar og framlegg til ord eg kan skriva om. Etter det eg veit, er det ingen som har etterlyst etter. Men det høver etter å liggja litt etter. Eller er det etterplapring å seia at etter er ein etternølar som trivst i etterpålag?
Meir um palindrom
Gildt er det å lesa stubben um palindrom som løyndenamnet Clementine hev på prent her i fyrre bladet. Bokstavleikar er gaman, både palindrom og anagram. Eit anagram er eit ord der bokstavane frå eit anna ord er stokka um på, t.d. gram og marg – eit marganagram.
Svorne tilhengjarar
«Den som ofte sver, er lite truande», seier ordtaket. Ja, folk som jamt seier sanninga, ser nok ingen grunn til å driva og sverja i tide og utide. I andre enden av skalaen har me dei som ikkje held seg for gode til å ljuga og meinsverja (‘gjera meineid’).
Snu seg i grava
«Gråten grev ingen opp att or jorda», men gråta gjer mange av oss likevel. Å fylgja nokon til grava er inga lett oppgåve. Til alt hell slepp gravferdsfylgjet å ordna alt sjølv: Her finst gravarar, gravemaskiner og gravferdsbyrå. Somme står lenge med eitt bein i grava før dei går i grava, andre får ei våt grav. Stundom er vegen frå vogga til grava altfor stutt.
Svevndrukne kaffidrikkarar
I helga kjem det til å verta drikking og bråk mange stader. Nokre skal i utdrikkingslag, der drikkepresset kan vera sterkt. Folk plar rett nok drikka noko kvar dag, og me er ille ute dersom vatnet ikkje er drikkande. Men når drikka står åleine, tyder det gjerne ‘ha i seg alkoholdrikk; misbruka alkohol’. Dimed kan ein sitja og drikka kaffi og seia at ein ikkje drikk. Den som drikk, kan tura og drikka, drikka tett, drikka seg full og drikka seg til mot.
Breibeint i breibygdene
Målet vårt er radt ikkje breiddfullt av samansetjingar med brei, og me kan heller ikkje seia at brei-orda er breiale. Men utvalet er breitt. Eit menneske kan til dømes vera breiaksla, breihendt, breinasa og breivakse. Gunnlaug Ormstunge (og andre sagakarar) er skildra som «midjesmal og herdebrei». Korleis fisken breiflabb eller breikjeft ser ut, skjønar me av namnet. Og breifot og breilabb er nemningar for bjørn.
På skraphaugen
Når kulda og snøen kjem, gjeld det å ha ei god isskrape for handa. Å køyra ikring med dårleg skrapa bilruter er korkje tillate eller tilrådeleg. Dersom kontoen er so skrapa at me ikkje får kjøpt skrape sjølve, skal me ikkje fortvila: Det finst verkstader og andre verksemder som kastar slikt etter folk. Nokre av desse skrapene er brukande, andre er berre noko skrap.
I stride straumar
«Milde folk og blide vinn meir enn dei stride», seier ordtaket. Er det rett, eller er det berre noko milde folk trøystar seg med når dei har råka ut for ein lei stridbukk og er nær ved å stridgråta? Stundom er det lurt å stå stridt på sitt og vera djerv i møte med stridsspørsmål og stridnakkar. Men alt med måte: «For linn er eit lyte; for strid er verre.»
Vêrsjuke sjuklingar
Sjukt mange tykkjer at sjuk og ikkje minst sinnssjuk vert nytta oftare enn godt er. Rett nok er det få som har ein sjukleg mothug mot desse orda, og snautt nokon er vortne innlagde på sjukehus for det. Men me kan trygt seia at ordbruk (og irritasjon over ordbruk) smittar, og når ein har treft mange som lid av sinnssjuk-sykja, er det forståeleg at ein er sjuk etter å høyra andre ord.