Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Vik frå meg

Vikingar kunne nok vika for overmakta, men det er ikkje difor dei er kalla vikingar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vikingar i Hafrsfjord utanfor Stavanger. Bakgrunnen til ordet viking er opstridd og uviss.

Foto: Alf Ove Hansen / NTB

2447
20240607
2447
20240607

Me kan på ei og same tid ha mat i munnvika, vikar i hårgarden og vikeplikt for trafikk frå høgre. Kan henda har me i tillegg eit avvikande eller fråvikande syn på noko. Nokre tykkjer at det er veikt å vika, og dei har fylgjeleg den grunninnstillinga at dei ikkje skal vika ein tomme (eller ei fotsbreidd og liknande). Men som ordtaket seier: «D’er betre å vika enn velta.»

Vikingar kunne nok vika for overmakta, men det er ikkje difor dei er kalla vikingar. Bakgrunnen til viking er i det heile omstridd og uviss. Ein av mange teoriar er at ordet tyder ‘mann frå Vika’. Vika (norr. Vík og Víkin) er eit gamalt namn på landskapa kring Oslofjorden og Skagerrak frå Gjernestangen til Göta älv. I dag er Vika òg namn på eit område i Oslo sentrum, nord for bukta Pipervika. Tamburar (trommeslagarar) og piparar (fløytistar) i brigademusikken var ei tid busette der.

Gåta om viking lyt få liggja. Men verbet vika og hokjønnsordet vik heng tvillaust saman. Vik nyttar me om (tronge) innskjeringar i strandlina, småe fjordarmar, ymse andre innbøygar eller ting som liknar på det (t.d. munnvik). Norsk stadnamnleksikon fortel at vik i grunnen tyder ‘stad der lendet vik tilbake’. Ordet ter seg i mange fleire stadnamn enn dei ovannemnde.

Adjektivet veik høyrer visst òg til denne ætta. (Det ordet vart drøft i nr. 44, 2022.) Kva med veke? Og svika? Har dei noko med vika å gjera? Utgreiingane i ordbøkene avvik noko frå kvarandre på dette punktet, diverre.

Vika er likevel ikkje på vikande front. Me grip gjerne til dette ordet når me talar om å draga seg (seint) attende, gå til sides eller gjeva etter. Natta må vika for dagen, og eigenbaten bør vika for fellesskapen. Visse folk vik ikkje tilbake for noko som helst. Men dersom dei bryt ein ufråvikeleg regel, får det fylgjer.

Stundom er det naudsynt å vika av frå kursen. Mange har òg sett seg nøydde til å vika av frå den rette læra, endå det kostar mykje. Å kalla folk avvik skal me ikkje gjera, ikkje eingong om dei har sterkt avvikande meiningar. Men me kan prøva å vikja dei (‘få til å endra retning, få (hest) til å svinga («ein lettvikt hest»); få til å endra meining’ mfl.).

Vikja (og vigga, vikka) vert dessutan nytta om å kvessa ei sag ved å bøya ut annakvar sagtann til same sida: «Saga er for lite vikt.»

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis