Ei gruve i livet
Det er mange slags gruver her i livet, og det er viktig å sjå skilnad på gullgruver og fallgruver. Romanen Ingen tårer i Moskogaisa har derimot ei kopargruve sentralt plassert i handlinga, og då er forfattaren på trygg grunn. Det same kan ikkje seiast om gruvearbeidarane.
Jamaica Kincaid har skrive både sakprosabøker og romanar om kolonialisme og rasisme og har vore nemnd som kandidat til Nobelprisen i litteratur.
Foto: Wikimedia Commons
Om påskeliljer og raseri
Lucy vart opphaveleg ugjeven i 1990 og kjem no i serien Oversette mesterverk på Cappelen Damm. Jamaica Kincaid har vore nemnd som kandidat til Nobelprisen i litteratur og har skrive både sakprosabøker og romanar om kolonialisme og rasisme. Kritikken mot folket som har herska over hennar eige, manifesterer seg i eit særeige lysande raseri i Lucy. Kincaid har eit årvakent blikk også for andre maktforhold – mellom enkeltmenneske og grupper.
Portrett av Jane Austen (1775–1817).
Ukjend kunstnar / Skald
Naturen i mennesket
Nokre bøker vil ein lesa, og gjerne lesa om att, av di dei rører ved eitkvart i oss, medan andre er interessante ved måten forfattaren skriv på. Northanger Abbey av Jane Austen, som no for fyrste gong ligg føre på norsk, interesserer ikkje denne lesaren på grunn av handlinga, men ved den djupe innsikta forfattaren hadde i menneskesinnet.
Serhij Zjadan har skrive ei rekke romanar, lyrikk, noveller og essay sidan debuten i 1995. Han er omsett til tolv språk og har vunne fleire prisar.
Foto: Valentyn Kuzan
Før krigen kom …
For eit års tid sidan skreiv eg ein artikkel i Årbok for Fosen kring krigskyrkjegarden på Krokstadøra i gamle Snillfjord kommune, no Orkland, der det frå sommaren 1942 til våren 1943 blei gravlagt 21 sovjetborgarar: ni ukrainarar, sju russarar og fem uidentifiserte. To av dei ukrainske kom frå Kharkiv i Aust-Ukraina, og når eg nemner dette, er det fordi handlinga i Serhij Zjadans Mesopotamia utspeler seg i Kharkiv etter at Sovjetunionen braut saman i 1991 og Ukraina stod fram som sjølvstendig stat, og som om ikkje det var nok, så bur også Serhij Zjadan i Kharkiv.
Runar Dahle debuterte med ei novellesamling i 2010.
Foto: Rolf M. Aagaard
Fylt av Tom
Då eg var lita, hadde eg ein fantasifigur som heitte Jon i skogen. Han var oppkalla etter Jon Skolmen, min barne-TV-helt. Det var Jon i skogen som fekk skulda når eg hadde gjort noko gale. Til gjengjeld delte eg laurdagsgodtet mitt med han.
Foto: Katharina Behling / Oktober
Vanskeleg kjærleik i eit land som gjekk under
Med romanen Kairos har tyske Jenny Erpenbeck omsider kunna skrive boka ho lenge hadde ønskt å skrive. No var avstanden i tid blitt stor nok.
Sidan debuten i 1998 har Nora Ikstena skrive over 20 bøker. Ho er i dag ein av dei mest lesne forfattarane i Latvia.
Foto: Jan Kløvstad
Eit vanæra land
heiter det i Paul Celans berømte dikt «Todesfuge», «Dødsfuge» på norsk, i Olav H. Hauges omsetjing. Sjølv om konteksten Celan skriv ut frå, er endå mykje dystrare enn Latvia under sovjetstyrets åk, er det noko sams i motivet her. Den svarte øydeleggande væska som blir tvinga på ein, inn i ein, som å drikke døden sjølv.
Christine Nitter er lege og har gått på forfattarstudiet i Tromsø. No debuterer ho med ein roman.
Foto: Marius Fiskum post@mariusfiskum.
Krefttaket
Christine Nitter har skrive ei forteljing om ein vond situasjon. Det kunne gjerne gjort vondare for eg-personen.
Erlend Flornes Skaret kjem frå Bømlo og er utdanna sivilingeniør. Den nye romanen hans er den fjerde.
Foto: Espen Santosh Meling
Unntakstilstand og illusorisk tid
Fysikarar og fysakar diskuterer i våre dagar om tida eigentleg eksisterer. Det har dei tid til. I den nye romanen til Erlend Flornes Skaret møter me ein velinformert kar som har sine eigne meiningar om slike saker. Det syner seg etter lang tid at han heiter Jon, og etter kort tid at han bur i Steyr i Austerrike.
Jorid Mathiassen er forlagsredaktør og debuterer med sin første roman.
Foto: Cappelen Damm
Triveleg og trivielt
Jorid Mathiassen, med opphav frå Dønna i Nordland, debuterer i ein alder av 57 år med ein roman som hentar handling frå helgelandskysten. Ho koplar saman nær notid (2009) med hendingar under andre verdskrigen, og lesaren blir kjent med 30-årige Linnea frå Oslo som har slått seg ned på den fiktive Hjartøya, der ho prøver å finne ut av seg sjølv, det nordnorske lynnet og ei tragisk kjærleikshistorie tilbake i 1942.