JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Lucy på sporet

Elizabeth Strout skriv så lett, så lett om dei djupaste laga i menneskesinnet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Elizabeth Strout er skribent og romanforfattar, busett i New York og Maine.

Foto: Leonardo Cendamo

3686
20220506
3686
20220506

Roman

Elizabeth Strout:

Åh, William!

Omsett av Hilde Rød-Larsen
Forlaget Press

I den koreanske filmen Parasitt frå 2020 flyttar ein fattig familie inn hos ein rik på uærlege premiss, og dei overtar etter kvart både huset og livet til dei rike. Eit gjennomgangsmotiv er at fattigdom kjem til uttrykk på mange vis, også på ei særeiga kroppslukt. I filmen er dette heilt konkret. Hos Strout er det ein indre, mental tilstand: Den som kjem frå fattigdom, går i evig angst for at ho rett og slett stinkar.

Elizabeth Strout fekk Pulitzer-prisen for boka om Olive Kitteridge, ei soge mange også kjenner frå TV-serien med same namn. Strouts spesialitet er å skildre komplekse menneske og krevjande tilhøve i ein lett tilgjengeleg prosa. Dessutan er ho ein meister i å skrive fram karakterar så levande at lesaren gløymer at dei ikkje er verkelege.

Fri for arroganse

Åh, William! er ei av fleire bøker om Lucy Barton. Å lese dei er som å sitte i ein fortruleg samtale med ei venninne. Denne venninna har svært mykje på hjartet. Ho legg ut om menn, barn og barndom, mødrer og svigermødrer, jobb og karriere – alt slikt venninner gjerne snakkar med kvarandre om – på eit vis som gjer at ein sit og lyttar kor lenge det skal vere.

Noko av det geniale ved framstillinga av Lucy Barton og livet hennar er at ho har nok luft og opningar i seg til at lesaren sjølv kan smette inn eigne tankar og reaksjonar. Slik er det jo nettopp i ein verkeleg god samtale, ein tenkjer: «Ja, slik er det, nett slik!» Eller: «Det har eg ikkje tenkt på før, men jau – det trur eg er heilt rett!»

Lucy er òg ein person det er fint å vere i lag med fordi ho er totalt ærleg om eigne feil og manglar. Ho er fri for arroganse. Gjennom alt ho fortel, skin personlegdomen hennar gjennom, den uendeleg komplekse personlegdomen, skiftande etter omstenda: Lucy er fri og glad, engsteleg og bunden, beskjeden, bramfri, redd, modig, dum og klok. Slik vi alle er: «Åh kjære Alle i hele denne vide verden, vi kjenner ingen, ikke en gang oss selv!»

Amerikanske draumar

Lucy Barton kom frå «ingenting», ho vart fødd inn i djup fattigdom på den amerikanske landsbygda. På notidsplanet er ho over seksti år og lever eit liv på solsida i New York. Den amerikanske draumen? Ikkje heilt, men klassereise er eit viktig tema her. Strout får fram korleis det vi ein gong kom frå, blir bestemmande for heile livet, også når det går oss godt.

Ungjenta vart redda ut av fattigdommen av ein oppmerksam lærar som sette henne på rett spor, og sidan av William. Ekteskapet deira førte Lucy inn i ei anna samfunnsklasse og til velstand, ein velstand ho sidan har auka på alle vis gjennom karrieren som vellykka forfattar. Lucy og William kom tilsynelatande frå heilt ulike verder, og samlivet vart vanskeleg. Dei skilde lag, men heldt fram som vener. Gjennom noko som nettopp gjeld opphav, og som ikkje skal røpast her, får dei brått mykje med kvarandre å gjere og drar ut på ei oppdagingsferd saman.

Ein arv frå den fattige bakgrunnen er at Lucy inst inne kjenner seg usynleg og ubetydeleg. Likevel har ho sjølvsagt stor påverknad på dei rundt seg. Denne elskelege kvinna som berre vil godt, trakkar av og til på andre. Slik vi alle gjer. Strout minner oss om at vi alle har sider som vi anten ikkje vil eller ikkje maktar å sjå. Som det heiter til slutt i boka: «Vi er alle mysterier.»

Åh, Elizabeth Strout! Gi oss meir!

Omsetjinga til Hilde Rød-Larsen er lytefri.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er lektor, forfattar og fast meldar for Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Strout er ein meister i å skrive fram karakterar så levande at lesaren gløymer at dei ikkje er verkelege.

Fleire artiklar

Natur er ikkje berre idyll. Kvart år blir over 100.000 lam og sau borte på beite, dei fleste døyr av sjukdom eller ulukker.

Foto: Paul Kleiven / NTB

KunnskapFeature

Dauden i utmarka

Ei framtid utan konflikt mellom rovdyr og beitedyr er ikkje tenkjeleg.

Arve Nilsen

Det norske damelandslaget etter å ha vunne sitt fyrste EM. F.v. trenar Leif-Erik Stabell, Torild Heskje, Gunn Tove Vist, Bodil Nyheim Øigarden, Liv Marit Grude, ikkje-spelande kaptein Anne-Lill Hellemann, Marianne Harding og Ann Karin Fuglestad.

Foto: Torild Heskje

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

EM-eufori

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Foto frå nettsida til gruppa

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Lite skakande

Ungdomsverka til Heinichen og Telemann treng meir livfull musisering.

Jack Grealish iført dei minste leggbeskyttarane det er mogleg å oppdrive. 

Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB

SportFeature
Maren

Lukta av leggbeskyttarar

Leggen er klart ein utsett kroppsdel i fotball.

Det er berre to ferieområde ved Svartehavet som er tilgjengelege for ukrainarar i det frie Ukraina: Mykolaiv og Odesa fylke. Her frå Svartehavet i 2020.

Foto: Sergei Poliakov / AP / NTB

Samfunn

Krig invaderer sommaren

Førre helg kunne hotell i Odesa melde «Fullt» for første gong sidan starten på fullskalakrigen.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis