Inga kvinne er ei øy
På nesten ingen sider skriv Mette Karlsvik om jorda frå inst til ytst, og om det meste av menneskelivet.
Metter Karlsvik fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for debutromanen i 2005.
Foto: Erlend Aas / NTB
Roman
Mette Karlsvik:
Surtsey
Samlaget
Bakgrunnen for Mette Karlsviks siste roman er øya Surtsey, som blei til etter eit vulkanutbrot i 1963. Øya «la på seg» etter fleire utbrot dei neste åra, og ho er sidan blitt redusert av vind og bølger. Det har altså vore ei øy i jamn forandring, frå å ikkje vere ei øy i det heile.
Parallellen til hovudpersonen Sóley og skolekameraten Vi¿ar er til stades. Det er jonsok og ungdomsfest i Tollbua. Nykonfirmerte Sóley kjenner seg utanfor. Ikkje likar ho at folk drikk, og ho har aldri kjent seg som ein del av «gjengen». Men dette er ei feiring av overgangen til vaksenverda, på midtsommarsdagen då alt umogleg er mogleg, det står meir på spel no. Så ho går inn på festen og snur igjen: «No veit Sóley kva det er å vere på fest.»
Ho blir sitjande i hamna, der ho møter Vi?ar. Han er ikkje heilt edru, men heller ikkje heilt bortsegla. I staden er det dei to ungdommane som skal segle bort saman, på ei farefull ferd. Snart er dei langt frå land i seglbåten, mørket og tåka kjem, havet syder og oppfører seg rart, og til sist må dei beskytte seg så godt dei kan mot oske og fallande stein.
Det er Surtsey som blir til. Samstundes blir dei to ungdommane til. Gjennom samværet og samtalen, redsla og styrken i denne heilt spesielle hendinga, blir dei kjende med seg sjølv og kvarandre. Eller som forfattaren skriv: «Ei ny øy står no der og blir framleis til.»
Ikkje 90-talet
Den korte romanen har eit både poetisk og naturvitskapleg språk. Somme tider politisk. Midt i klangen av nøye komponerte setningar finn vi lavaerupsjon, mikroorganismar, glaspartiklar og kolonisering. Det føregår saumlaust, sidan poenget til Karlsvik, der ho teiknar opp dei geologiske forholda frå jordas indre til over havflata, er å knyte naturfenomen og menneskeleg erfaring saman. For ikkje å seie kunstnarisk erfaring: «Men geologisk dramaturgi er, på botnen, teatralsk. Han teiknar opp eit landskap av horisont som blir brote av ei øy, ei øy med stigningar og fall. Linene blir teikna av kreftene innanfrå og utanfrå.»
Isolert sett kan desse skildringane sende tankane til starten av 1990-talets beinharde poesi basert på stålkantar, der linjer, flater, speglar og vinklar abstrakt nok fekk bere det meste av meininga. Men i samanhengen opplever eg ikkje Karlsviks roman slik, snarare som ein presis, lyttande og vennleg måte å knyte natur og menneske saman på.
På språkoverflata kjem ein ny klang til synes – det islandsk-norske: «Ho blir fælinn og hlauper bort til skrentinn og klatrar nedover.» Dette skapar ei slags autentisk geografisk stemning, men står der òg som eit eige språkprosjekt, som eit eige Surtsey.
Danningsroman
Dette er ei forteljing der «grensa mellom det farlege og det livsviktige er tynn.» Det er ei forteljing om at det vesle samfunnet på Heimaey gjerne kan vere samansett av individualistar, men dei treng òg å stå saman. Altså blir det – passande nok – plass til å tenke inn uttrykket «No man is an island». Til sist er det ein danningsroman. Ungdommane vender ikkje tilbake som dei dei var då dei drog ut.
Når far til Sóley ser på henne, heiter det: «Det kjennest som eit nytt blikk. Men Sveinn er ikkje ny. Sóley er ei anna.»
Om eg skal få kome med eit utbrot, seier eg: Takk for denne vesle boka! Ho veks og veks.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den korte romanen har eit både poetisk og naturvitskapleg språk.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.