JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ei åndeleg reise

Bergakrypten er ei original bok som ligg litt utanfor vår kulturs mainstream, men nett difor set ho lys på kulturen på ein spanande måte.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kan Skagen er forfattar, essayist og kritikar.

Foto: Eivind Senneset / Cappelen Damm

5560
20231006
5560
20231006

Roman

Kaj Skagen:

Bergakrypten: Sylvester Litlafosses erindringer om
Sudrøyis undergang

Cappelen Damm

Då nyhendet om overfløymingane i Oslo vart spreidd i sommar, var det vanskeleg å ikkje tenkje på «karma». Nokre månader tidlegare hadde Noreg vedteke å opne for fleire oljefelt sjølv om ein veit at det gjødslar drivhuseffekten. Motivet er naturlegvis grådigskap, men kalkylen er meir avansert enn som så: Nordmenn veit at det er liten risiko knytt til å bli råka av tørke, rekordvarme og høgare havnivå.

Så viste det seg at vêrgudane hadde andre piler i korgene sine, og no slo dei til med styrtregn og stormar av bibelske proporsjonar.

Karma, som sagt.

Omgrepet misser likevel nokre nyansar. Av dei som fekk kjellaren sin fylte med vatn, fanst få ansvarlege politikarar og oljemogular. Derimot vart nokre av venene mine råka. Dei har ikkje tent pengar på oljen, men tilhøyrer dei som meiner han bør verte verande i bakken.

Sivilisasjonskollaps

Det religiøse språket har sine brestar, men kva skal vi elles bruke for å prate om den verda som no tek form? I dette usikre tilværet, prega av ekstremvêr og politisk kaos, kjem opplysningas rasjonelle diskurs til kort. Språket må fornyast, og i eit av dei mest interessante forfattarskapa i vår tid går ei slik søking føre seg.

Kaj Skagen grev djupt etter dette i den nye boka Bergakrypten: Sylvester Litlafosses erindringer om Sudrøyis undergang. Ho byrjar i ein sivilisasjonskollaps der verda er herja av brannar, øyar søkk i havet og dei menneska som finst att, krøkjer seg saman i små og spreidde bygder. Mellom dei er Sylvester frå Strandebarm, som skriv ei krønike over livet sitt i undergangstida.

Sylvester er ein merkeleg figur, ikkje berre fordi han er litt over to meter høg ­–­ 2,22 for å vere nøyaktig. Alt som ung hadde han vanskar med å finne seg til rette og streifa rundt i naturen i staden for å gå på skulen. Dessutan er han synsk og fører samtalar med «dei som ikkje finst lenger».

At han er åndeleg kjenslevar fører han til teologien, men ikkje den reine, semirasjonelle lutherdomen, heller meir esoteriske former: gnostisisme, Christian Rosencreuz, Jakob Böhme og Emanuel Swedenborg. Favoritten hans er den katolske kosmo-mystikaren Teilhard de Chardin.

Via ulike guidar vert Sylvester ført endå djupare inn i denne tradisjonen. Han studerer hermetiske skrifter, inkludert Johannesevangeliet og Openberringa, reiser til eit underjordisk kloster i Tibet, går gjennom ritual, får visjonar og blir munk.

Sylvester lever ikkje i Max Webers avfortrylla jarnbur, men i eit der materien er ein port mot den evige og åndelege verda. Det finst ein klar likskap mellom Kaj Skagens univers og det Karl Ove Knausgård skildrar i serien Morgenstjernen.

Sylvester finn åndelege innsikter overalt: i gamal folketru, austleg åndelegdom, esoteriske rørsler og kristen mystikk. Men ideane har òg inspirert vestlege forfattarar, til og med om den sida av filosofien deira ofte er bortgøymd. Gjennom boka flyt ein idéhistorisk understraum med personar som Johann Wolfgang von Goethe, Georg Wilhelm Friedrich Hegel, William Blake, August Strindberg og D.H. Lawrence. Ein del obskure namn passerer også revy, men om ein googlar, oppdagar ein at mange av dei er historiske personar. Skagen skriv fram, og skriv seg inn i, ein esoterisk litterær tradisjon.

Åndeleg tilstand

Korleis ser så undergangen ut frå synsvinkelen til esoterikarane? Grunnregelen er at hendingar i den fysiske verda speglar åndelege tilstandar, og det prinsippet pregar også apokalypsen. Mønsteret er kjent så vel frå Atlantis som frå Sodoma og Gomorra. Sylvesters verd er råka av tørke, og grunnen er at menneskesjela har tørka inn. Når vårt indre manglar ei kjelde av flytande vatn, vert verda ein ørken.

Klimakrisa er altså først og fremst ei åndeleg krise. Det moderne mennesket trur det veit alt trass i at ingen tekniske hjelpemiddel kan løyse «treenighetens hemmelighet eller karmas gåter». Dei tekniske framstega har gjort oss overmodige. Difor må ein «utvandre fra den sivilisasjonen som vil omforme mitt vesen på en slik måte at min guddomsgnist slukkes».

Bergakrypten er ei original bok som ligg litt utanfor vår kulturs mainstream, men nett difor set ho lys på kulturen på ein spanande måte. Forteljinga har karakter som ei skrøne og pendlar mellom det kvardagslege ­– iblant burleske ­– og det opphøgde på eit vis som fører tankane til den svenske forfattaren Torgny Lindgren. Det er humoristisk, gripande og heile tida fascinerande. Ein del av vandrelysta til Sylvester kan utfordre tolmodet til lesaren, men følgjer ein med heile vegen, vert ein lønt med ei rørande og uventa oppløysing.

Trass i tittelen er dette ikkje først og fremst ei krønike over Sudrøyi, men over den åndelege reisa til Sylvester: ein kombinasjon av seglasen til Odyssev og John Bunyans En pilegrims vandring. Det munnar ut i det som kan lesast som ein kritikk av den esoteriske tradisjonens vekt på den einsame vandraren, einstøingen som skild frå massen når store innsikter.

Slik blir det, heilt på eigne vilkår, ei reise mot sentrum av den kristne tradisjonen. For størst av alt er, som vi veit, verken profetiar, åndelege visjonar, spådomar eller evna til å vekkje opp dei døde. Alt det kan individet finne sjølv, men for å kunne gje verda liv treng det andre menneske. Berre saman med andre kan menneske finne det største av alt: kjærleiken.

Joel Halldorf

Joel Halldorf er teolog og forfattar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis